Travle campingdagar |
||||||
![]() |
||||||
| Det er full sving på Stordal camping, og dagane vert både lange og travle på gatekjøkenet. | ||||||
| Sesongen er godt i gang for Stordal camping, og det er nok å ta seg til for Bjørg Hjelmseth på gatekjøkenet. Ho trugar så smått med å finne seg noko anna å gjere til neste år, så unn deg ein mør-tallerken av første klasse før det er for seint! | ||||||
12. juni 2003
|
||||||
| Sesongen har starta bra, seier Bjørg Hjelmseth, som driv både campingplassen og gatekjøkenet i Stordal. Ho har likevel ikkje tru på at sesongen vert like bra i år som i fjor. Då var det uvanleg fint vêr og uvanleg mange gjester. Slikt heng gjerne i hop. Men eg har fått fleire faste campinggjester i år, og det lovar godt. Bjørg Hjelmseth er glad for at kommunen har lova å betre skiltinga av vegen til campingplassen. Då vert det lettare å få tak i dei tilfeldige gjestene som ikkje kjenner til staden frå før. Det er ikkje så mange som kjem innom for berre ei natt. Men etter kvart er det ein del som har funne ut at Stordal er godt eigna for å ta dagsturar over heile Sunnmøre. Desse gjestene dreg gjerne til Geiranger ein dag, og dagen etter kan dei dra til Ålesund eller ut på øyane, fortel Hjelmseth. Ho trivst godt med arbeidet, sjølv om det vert lange og travle dagar i sesongen. Gatekjøkenet opnar klokka elleve, men det er litt som må gjerast før eg opnar. Så held eg ope til ti om kvelden, før eg stengjer og ryddar, fortel ho. Ein skal ikkje tru at det er ein enkel jobb å drive gatekjøkken: Det er fram og attende mellom softismaskin, kundar, handvask, skjering av kjøt og grønsaker, steiking, meir handvask, servering, endå meir handvask, og så vidare, om att og om att. Og når Storfjordnytt kjem innom seint ein måndagskveld, vert Hjelmseth så skipla at ho legg ein stor chips på ein mør-tallerken. (Men kunden vart no langt frå lei seg for det; den slags mistak er til å leve med.) Bladfyken freista seg på ein mør-tallerkenen for ei lita veke sidan, og kan ikkje la vere å gje ein god porsjon ros: Friskare salat finst ikkje i heile gatekjøken-Noreg, og truleg må ein på femstjerners restaurant for å finne maken. Med smakfull mør, pommes frites i elitedivisjonen og Thousand Island-dressinga plassert heilt for seg sjølv utan høve til å gjere vesentleg skade, kan ein umogleg forlange meir av eit gatekjøken. (Men om eg likevel kan få drøyme, skulle eg gjerne sett ein meir sømmeleg dressing på tallerkenen.) Sjølv om Bjørg Hjelmseth trivst med mykje arbeid, og sjølv om plassen går godt økonomisk, har ho teke til å tenkje på å trekkje seg attende og finne eit virke som er litt mindre strevsamt. Eg merker alderen, hevdar ho. Neste gong eg fyller år, vert eg 60, og eg er ikkje sikker på om helsa vil halde om eg held fram med dette arbeidet framover. Men eg er no ikkje sikker på om eg klarer å slutte heller. Dessutan er det no ikkje så mange arbeidsplassar å finne for 60 år gamle kvinner. |
||||||