Folkefest med fotball |
||||||
![]() |
Aldri har så mange møtt fram til svelestopp på Dyrkorn som på laurdag. Så er det heller ikkje kvar dag bygda leverer sveler til megakjendisbryllaupsfølgjet. | |||||
| Breiddfull nykai på Dyrkorn. Ålesund spelemannslag spelte og Ivar Aasen-gruppa dansa. Ørskog skulekorps kom òg innom og bidrog med hornmusikk og stor stemning. |
18. juni 2003
|
|||||
| Nykaia på Dyrkorn var smekkfull av dyrkornbygdarar, stordalingar, ørskogbygdarar, ålesundarar og anna folk. Ålesund spelemannslag spelte og Ivar Aasen-gruppa dansa. Ørskog skule- korps kom òg innom for å gje lyd frå seg, og for første gong var det nok sveler og kaker så alle fekk kjøpt. Det var svelestopprekord i både frammøte og liv og røre. Så var det òg bryllaupsfølgjet til fotballspelar John Arne Riise og Guri Havnevik som hadde tinga sveler. Men først var det tradisjonell sveleutdeling til hurtigruteskipet Kong Harald. Skipet kom ikkje på langt nær så langt inn til kaia som til dømes Richard With, men det var likevel ei staseleg hending. Storhendinga var likevel då MS Hjørungafjord gleid innover mot Dyrkornkaia. Brudeparet smilte, vinka og kyssa på dekk. Svelene vart leverte frå robåt av dyrkornbygdarar som var kledde i tradisjonsdrakter frå 1700-talet, som Husfliden hadde lånt ut. Brudeparet fekk sjølvsagt ikkje berre førehandstinga sveler. I eine tina som vart heisa opp til skipet var det òg ei bryllaupsgåve: Blomster og to fotballar der dyrkornungane hadde skrive namna eller teikna handkonturane sine, alt etter kva som høvde best. Då gåvene var opna, gleid bryllaupsbåten heilt inn til kaia. Brureparet kyssa til samspela akkompagnement frå Ørskog skulekorps og orkesteret som var om bord. I ein lydpause freista John Arne Riise å seie nokre ord, men kunne ikkje anna enn smile då skulekorpset braut han av før han var i gang. Endå ein gong freista brudgommen å få ordet, men orda drukna i ein hyllingssalutt frå spelemannslaget. Riise smilte meir, og fekk til slutt takke for gåver og oppmøte. Kan hende vert nokre av ungane som har skrive namnet på fotballen like gode til å spele fotball som eg er, vona John Arne Riise. |
||||||