Laksefisket er i gang |
|||||
![]() |
Laksefisket i dei lokale elvane starta natt til søndag, og frå klokka 04.00 var fisket i full gang. Det er teke laks både i Valldøla, Norddalselva, Eidsdalselva og Stordalselva. | ||||
18. juni 2003
|
|||||
| Tre laksar tysdag morgon vart det på desse karane. Frå venstre: Ben Hustadnes, Øystein Måseidvåg og Henrik Hustadnes. Dei leiger fast hos Lars Rødset på Elvebakken Camping. (Foto: Randi Flø.) | |||||
| Laksefisket har gradvis vorte betre dei siste åra, og med den store vassføringa som er i elvane no, er det mange som har tru på ein god laksesesong. Og starten har vore dugande. I Stordalselva vart det teke to laksar på Storheim og to på Vinje søndag morgon. På Storheim var det ein på 10,5 kilo og ein på 8,5 kilo, og på Vinje var det ein på 7 kilo og ein på 8,5 kilo, fortel Jarle Hove. Han kjenner òg til at det vart teke ein eller to laks på Holt på måndag, og han har høyrt om ein god del fleire fisk både her og der langs Stordalselva, utan at han kan stadfeste desse. I Valldøla skal første laksen ha vorte teken på Hjelme tidleg søndag morgon. Turistkontoret har ikkje fått salsrapport, men har høyrt rykte om at fisken vog kring 8 kilo. På måndag beit ein laks på 8,6 kilo på kroken på Nedre Døving, og ein som vog 8,3 kilo vart fanga på Hoel. Ved Elvebakken Camping vart det tysdag morgon teke tre laksar, på ti, seks og fire kilo. Norddalselva har førebels berre vore open søndag morgon og måndag kveld, og leiaren i elveeigarlaget, Marit Rønneberg, fortel at det vart teke ein villaks på 8,5 kilo på måndagen. I Eidsdalselva vart det fanga ein laks på 8,5 kilo første dagen, og ein på 5 eller 5,5 kilo, i tillegg til litt sjøaure, seier Kari Anne Ytterdal. Det er første året Eidsdalselva opnar så tidleg som midten av juni, og dei fiskarane ho har snakka med, trur vatnet er litt for kaldt enno. |
|||||