Midtsommargeneralen

Kalenderen viser juni og det er klart for nye Midtsommardagar i Norddal. Det ligg eit stort arbeid bak frå mange frivillege, og Laila Olsen leier troppane.
18. juni 2003
Ingrun Myklebust
Koordinator for årets Midtsommardagar, Laila Olsen, gir ros til folket i Dalsbygda som har lagt ned mykje arbeid for å få til arrangementet.
- Det er fint at ei så lita bygd får til eit så stort arrangement, seier ho, og synest jobben som koordinator er artig. Grunnen til det er at alt fungerer så bra, arbeidet er delt inn i grupper, og gruppeleiarane og dei andre som er med har gjort ein kjempejobb.
Det er 4. året Midtsommardagar blir arrangert, og leiaren synest dei har funne forma.
Det er vanskeleg å seie kor mange som kjem til bygda under arrangementet, men kyrkja på fredagskonserten er full kvart år, og det vert ho truleg i år også når Jonas Fjeld kjem.
- Det er ikkje vanskeleg å få hit store namn om ein er ein liten plass. Det finst fly, og verda er ikkje så stor lenger, seier Laila Olsen. Og «stjernene» ser ut til å like seg i vesle Dalsbygda. Då Anne Grethe Preus kom i fjor, blei artisten så begeistra for staden og eit entusiastisk publikum, at ho spelte langt fleire ekstranummer enn ho hadde planlagt.
Årets arrangement vil som før ha tilbod til alle aldersgrupper. For dei yngste vert det teater i Paktarstova laurdag frå lokale Sirkus Leatus. På prestegarden vert det også hesteridning og sal av grillmat ut på dagen laurdag, og om kvelden dans i to av bygningane. Men først skal utstillarane og selgarane på marknaden nede ved nausta vise fram kva dei har, det blir alt frå treprodukt til massasje, opplyser midtsommargeneralen.
På Paktarstova vert det utstilling av tekstilkunst med Torunn Halseid Marø. Temaet for utstillinga er «ta vare på», og kunstnaren er inspirert av tekstilane som vart funne i Severinbrauta i Eidsdal.
Søndag vert det arrangert fjelltur frå prestegarden til Innsetsætra. Turen er beskreven i Bjarne Nydal si bok «Langs seterråsa».
Det vert offisiell opning kl. 12.00 laurdag der mellom andre ordføraren og korpsmusikantar stiller. Som før vert det sett opp båt frå og til Valldal i samband med dei større arrangementa, i tillegg til at båten går fleire gongar dagleg.
- Folk bør benytte seg av at det vert muleg å ta del i arrangementa under midtsommardagane sjølv etter at siste ferga er gått, oppmoder Laila Olsen.