Måtte ta bort hestelorten først |
|||||||||
![]() |
Vi måtte fram ein halvtime før kampen for å ta bort hestelort og kulort frå bana, fortel Peder J O Hove. | ||||||||
25. juni 2003
|
|||||||||
| Peder JO Hove har ikkjea gløymt gamle kunstar på fotballbana. | |||||||||
| Det var den gongen stordalingane spelte fotball på bana på Mo. Det var her dei spelte då dei vart med i serien for 50 år sidan. Men det vart spelt fotball før det også i Stordal. Den aller første tida, i 20-åra, vart det spelt der som fabrikkane er no. Det har Peder fått fortalt av dåverande skomakar Kristian Dybdal. Før krigen fekk dei ferdig ei lita bane frampå Mo, der grustaket er i dag. Ho var berre 20 meter brei og 40 meter lang. Dugnad Då krigen var slutt, sette dei gang med dugnad for å få til ei større bane på Mo. Det var Ole Talberg som var bas og fekk med seg «oss gutfantane». Dei hadde sluskebåre med jarnhjul og plankar som dei grov med. To-tre år brukte dei på dette, og til slutt stod det ferdig ei bane som var 80 meter lang og 40 meter brei. Før Stordalslaget vart med i serien, reiste dei også rundt og spelte kampar, og dei reiste med båt. Far til Peder stilte med båt, først ein som heitte «Liv», sidan «Åsen». Det vart ofte lange turar, berre til Fosnavåg tok det gjerne fire-fem timar ein veg. Peder fortel at dei hadde ein trenar, ålesundaren Øyvind Tolås, som var der to-tre somrar og trena dei. Han vart veldig populær. Seinare var det Arne Aarflot som trena dei, han var keeper tidlegare. Peder hugsar godt første kampen dei spelte etter krigen. Det var på hautsen i 1945 borte mot Stranda. Olav Henden var senterhalf og drivkrafta i laget. Han hadde vore friidrettsmann og sprang fort. Peder sprang ikkje så fort, Olav kom opp på sida av han og sa: No Peder, lyt du springe gut. Dalsbygda Dei var på mange turar i mange bygder og spelte fotball. Spesielt kjekt var det å kome til Dalsbygda, som hadde eit kjempegodt fotballag. Vi klarte aldri å vinne over dei, dei hadde mange gode spelarar, seier Peder og ramsar opp namn som Jon Reidar Dale, Harald Relling og Andreas Relling, og ikkje minst Arne Storås, som var ein fenomenal back. Vi kom inn kvelden før vi skulle sparke fotball. Vi fekk gå ned i åkrane og ete så mykje jordbær vi ville. Då vi gjekk på bana dagen etterpå, var vi stinne av bær, ler han. Dei spelte på prestegardsmarka, og der stod det ein telefonstolpe midt på bana. Og så var det dans etter kampen, det var alltid så triveleg i Dalsbygda, seier Peder og legg til at dei slo dei ein gong, på bana på Mo. Serien I 1953 melde Stordal inn eit senior fotballag i serien. Dei starta i den lågaste divisjonen, og heimekampane vart spelte på bana på Mo. Det vart noko utskifting akkurat då. Det var ikkje alle som ville ta på seg å spele fast på laget og reise rundt og spele kampar på alvor. Mange unge kom med no. Arne Aarflot trena laget. Peder vart med vidare, han var kaptein på laget ei stund, men i 1964 vart han såpass skada at det ikkje vart fleire kampar på han. Han hugsar godt kampane på heimebane, med eit livleg publikum. Ingvalda og Ole Stavseng var faste på tribunen, som den gongen var ein grasbakke med plankar til å sitje på. Dei hadde då også mange søner på bana å heie på. Ingvalda sat alltid saman med Lovise Aarflot, og dei to damene skapte mykje leven, der dei heia og hauka. |
|||||||||