Tradisjona og folkeliv

Etter tredje året på rad har Midtsommardagar i
Dalsbygda vorte ein tradisjon. Også denne gongen vart det eit rikhaldig arrangement med alle ingrediensar.
Naustrekkja i Dalsbygda er ein flott marknadsplass.
25. juni 2003
Randi Flø og Kenneth Strømsøy
Veret var første spenningsmomentet, og det slo til. I flott sommarver kunne folk vandre rundt ned ved sjøen, kike innom på det folk hadde å tilby i alle nausta. Og det var ikkje lite, her var alt frå massasje til blånissehuer. Mange hadde funne vegen til Dalsbygda, både sjøvegen og landevegen.
Stemnegeneral Laila Olsen kunne strålande ønskje folk velkomne. Eidsdal Musikkorps spelte før ordførar Arne Sandnes fekk æra av å opne dei tredje midtsommardagane.
Sandnes sa at dette er ein stor dag for ei lita bygd, ei fin og verdig markering av kultur og tradisjon.
– Dalsbygda er ein klassisk vestlandsidyll. Når du kjem rundt vågen og ser bygda, blir du sett i stemning, sa han og viste til at dette ein gong var sentrum i kommunen, med tingstad og rettarstad. Midtsommardagane fører den stolte tradisjonen vidare, og han oppmoda folk om å vere medvitne om dei grunnleggande verdiane i bygda.
– Vår moderne livsstil treng bygda, det er rekreasjon i vid forstand. Vi skal ha tru på det vi driv med, sa Sandnes.
Ei gruppe frå ungdomslaget Dag song ein song, og med det var programmet over. Framleis var det rikeleg med tid å kose seg nede ved sjøen, der ein kunne sjå meir på utstillingane, eller handle, ta seg ein matbit og ikkje minst slå av ein prat med kjentfolk. Dalsbygda har ein unik fordel med alle dei intakte nausta langs strandlinja, som i seg sjølv skaper eit heilt spesielt miljø.

Det lukta godt av grillmat på prestegarden då folk tok til å kome dit etter at aktiviteten nede ved sjøen var over. Karane var i full sving med grilling, og maten gjekk unna.
Snart var det klart for teater i løa, eit høgdepunkt for ein stor del av folket, dei yngste, og slett ikkje verst for oss oppi åra heller. Heile året har ungdomslaget Dag drive med teaterøvingar for ungar, ei gruppe for dei minste og ei for dei eldste. Dei yngste framførte Cirkus Leatos, og fekk verkeleg med seg publikum. Det gjekk bra til slutt, sjølv om løva var laus.
Dei eldste hadde forfatta framføringa sjølve, men det vart ikkje noko ringare av det. Dei tok føre seg kvardagslege problem vi alle kjenner til, og fekk til ein fin kombinasjon av humor og moral.
I Paktarstova var det utstilling under tittelen «Å ta vare på». Torunn Halseid Marø stilte ut ulike tekstilar, som har vore reparerte.
- Omsorg har heile tida vore eit viktig stikkord. Eg synest at eit plagg stig i verdi ved all den omsorgen som blir tilført gjennom utallige reparasjonar, sa ho, som har hovudfag i tekstil frå Kunsthøyskolen i Bergen. Hennar utstilling var kombinert med ting frå Severinbrauta. Vi fekk lære meir om Nelly og hennar måte å ta vare på ting. Det var Steget som kunne fortelje og vise lysbilde.
Søndag var det tur til Innsetsætre, med nærare 60 deltakarar. Arne Nydal, som har skrive boka “Langs sæterråsa”, nettopp frå dette område, tok med seg folk og fortalde.

Rett mann på rett stad

Det var stor stemme, glitrande gitarspel og lekker lyd i den vakraste kyrkja eg nokosinne har sett. Jonas Fjeld gav ein ugløymeleg konsert i Dale kyrkje.

Jonas Fjeld og ein kassegitar i Dale kyrkje. Stort betre kan ikkje ein konsert vere.
Eg hadde store forventingar før konserten med Jonas Fjeld i Dale kyrkje. Jonas Fjeld har ein av dei beste mannsstemmene her i landet og truleg dei dyktigaste gitarfingrane. Han lagar heilstøypte melodiar og får tekstar frå ein visepoet i nærleiken av nobelklassa: Ole Paus. Når ein allereie har opplevd Jonas Fjeld både solo og som rusten herre saman med Paus, er det ikkje fritt for at forventingane vert spedde med ein smule angst når han skal halde konsert heilt åleine, berre med kassegitar, i ei gammal bygdekyrkje i indre fjordstrok. Er han på full fart mot kunstnargrava? Trakkar han i spora til 70-tals hardrock-storleikar som må halde seg kunstig i live med konsert-turnear i bygde-Norge? Svaret er nei. Jonas Fjeld er høgst oppegåande og gav ein strålande og variert konsert i ei kyrkje som ikkje berre er vakker å sjå til, men òg rommar ein nydeleg akustikk.

Drifter i kyrkja
Konserten tok til med eit trykk og ein tekst som ville vore bannlyst i norske kyrkjer for få år sidan. Men «Gatas original» gav ikkje synleg skade på kyrkjelyden, og forsamlinga vart roa ned med «Tidevann». Og vi fekk fleire vakre songar med langt-frå-pietistiske tekster, mellom anna «Den svarte elva», som handlar om Drammenselva, men òg om «noen håndfull drifter som gikk seg vill».

«Flotteste kjerka»
Jonas Fjeld treivst tydeleg i Dale kyrkje, og han var raus med rosen: «Dette er den flotteste kjerka jeg har spelt i på aldri så lenge. Aldeles nydelig akustikk. Koselig!»
Og lyden i Dale kyrkje fortener eit eige avsnitt. Eg har vore på mange konsertar der god musikk vert øydelagd av skrøpeleg lyd, men i Dale kyrkje var lyden utruleg god. Akustikken var suveren, og lydteknikaren til Jonas Fjeld var i stand til å utnytte det. Til og med kloss opp i høgre høgtalar, der eg sat det meste av tida, var det god lyd, og i kyrkjegangen var lyden rett og slett skambra.

Kos
Når Jonas Fjeld kosar seg på scena, vert det òg koseleg å vere tilhøyrar. Men konserten vart aldri plagsamt-koseleg. Jonas Fjeld varierer meir enn dei fleste er i stand til når dei berre har ei stemme og eit par-tre kassegitarar for handa. Ein gong lèt han seg òg lokke til pianoet; den nydelege «Drammen i regn» må og skal spelast på piano.
Songar om å verte far, finst det ein del av, og ein av dei siste i denne sjangeren kjem frå Jonas Fjeld. 51-åringen vart far første gong då han var 45 år, og skreiv ein enkel melodi for å få ut den «varme følelsen i brøstkassa».

Lekker lyd
Sjølv om underteikna var stornøgd med heile konserten, var det likevel eit par høgdepunkt som raga over resten, og dei kom mot slutten: Den einaste melodien med engelsk tekst, «When Morning Comes to America», frå Danko-Fjeld-Andersen-samarbeidet, sette meg mesta i sentimental transe, før neste høgdepunkt «Tordensky» (om kona!, som er frå Vestlandet...) spruta fullt liv i meg att.

Komper og pølser
Jonas Fjeld gav ikkje berre ros til kyrkja, men òg til maten på Petrines: «De beste kompene jeg noensinne har spist, de fikk jeg der borte - og så de pølsene! Hvem er det som lager de svarte pølsene - og komper og... Strandamør..? Hvis dere synes jeg ser litt forspist ut, så er det altså komper og Strandamørpølser!»
I det heile var Jonas Fjeld i storslag, både musikalsk og som underhaldar. Når han så inviterte med seg Quindekoret til å syngje stemma til Hilde Heltberg på «Når vi deler alt», og stemma til Lynni Treekrem på «en sang som forandret mitt forhold til livet, til banken, til alt», – «Engler i sneen» –, er det særs vanskeleg å finne noko å klage på. Dette var stort.