Stordalsjordbær

Dei første jordbæra frå Valldal Grønt kjem frå Stordal. Oddmund Vad på Vad er den einaste jordbærdyrkaren i nærområdet som nyttar drivhus.
2. juli 2003
Kenneth Strømsøy
På Vad er det fleire som er interessert i jordbær, Oddmund Vad, svigerdottera Hilde Karin med borna Markus og Sandra Lovise.
Oddmund Vad har dyrka jordbær i 15-20 år, og dei siste åra har han vore den einaste i Stordal som har drive jordbærdyrking i noko særskild monn. Dei siste fem-seks åra har han prøvd seg med dyrking i drivhus. Sjølv om det løner seg lite i høve til arbeidsinnsatsen, kjem han først på marknaden: Jordbæra som statsministeren og følgje fekk smake om bord på DS Thorolf på fredag, kom frå Vad, og då dronninga var i Geiranger i fjor, var det berre Oddmund Vad som kunne levere jordbær.

– Det er eit par andre gode òg med å dyrke i drivhus: Det trengst mykje mindre sprøytemiddel, og i år har eg ikkje nytta ein drope sprøytevæske. Det synst eg er fint, seier Oddmund Vad.
I drivhuset har han berre Corona-bær, medan han har fire-fem sortar ute på bakken. Til liks med valldalingane tok frosten ein god del av avlinga i år. Nærare fem av tjue mål har nok gått med.
Oddmund Vad veit ikkje kvifor det ikkje er fleire som driv med jordbær i Stordal.
– Tilhøva er ikkje betre her på Vad enn elles i Stordal. Arronderinga er slik at det vert vanskeleg med sprøyting og bruk av traktor. Men slik vilkåra er i jordbruket i dag, treng ein fleire bein å stå på.

Oddmund Vad hadde aldri satsa så mykje på jordbær om han ikkje hadde vore medlem av Valldal Grønt, så han kan selje bæra gjennom dei.
– Det hadde ikkje nytta å selje opp mot eit tonn for dagen frå vegen, så Valldal Grønt er heilt naudsynt for drifta, seier Oddmund Vad.

Om 14 dagar får han ei heilt ny jordbærplante han skal prøve ut i plastdrivhuset. Men han har allereie fått inn ei lovande bringebærplante, Glenn Ample, som er odla for norske tilhøve. Sjølv om planta skal tole å stå ute, vil Vad ha ho innomhus.
– Eg prøvde meg på bringebær før eg tok til med jordbær. Men ein tidleg vår som vart følgd av 15 minusgrader tok knekken på det meste. Sidan har eg halde meg til jordbær, fortel Oddmund Vad.