Oppteken av å hjelpe |
||||||||
![]() |
Renata Ytterli har opna helse- og velværeklinikk i Hove-bygget i Valldal | |||||||
2. juli 2003
|
||||||||
| Renata Ytterli er medlem av Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon og har opna klinikk i Hove-bygget i Valldal. | ||||||||
| - Vil du ha eit glas vatn? spør ho når eg kjem inn. Frå kjøleskapet tappar ho friskt vatn frå ein kartong som er fylt opp i Polen. Vatnet er spesielt mineralrikt, og smaken er det ingen ting å utsetje på. Renata utdanna seg til fysio-terapeut i Polen, eit studium som er meir omfattande enn i Norge. Inne i denne utdanninga ligg også klassisk massasje, idrettsmassasje og alt som høyrer med til fysikalsk behandling. Fysio-terapeutar i Polen er ofte å finne som tilsette i kur bad. Dei har kunnskap innan naturterapi og brukar terapi med vatn, mineral, behandling med kaldt og varmt, ultralyd-laser og leire. I tillegg har ho gjennomført kurs i antistressterapi og lymfedrenasje i vinter. Dei som oppsøkjer klinikken er mest interesserte i desse to tilboda. Under merkelappen antistressterapi gir terapeuten ei behandling som kan vare opp mot to timar. Kunden får prøve grøn leire, massasje, varmebehandling, infraraudt lys, fargelys og vassdamp med eteriske oljar, alt til musikk. - Nesten alle har eit stressande liv, seier Renata og opplyser at behandlinga både kan førebyggje og lindre. For dei som vil ha ei stor-reingjering av kroppen er lymfedrenasje med vakuum det mest effektive. Her får lymfesy-stemet hjelp til å kvitte seg med avfallsstoff. I tillegg til klinikken har Renata Ytterli halv stilling som aktivitør ved Valldal trygde- og sjukeheim. Ho likar å arbeide med eldre folk. Her er det mange å bry seg om, samfunnet elles er stressa, og ho merkar at dei fleste har lite tid til dei som bur på aldersheimen. - Dei eldre treng aktivisering og at nokon bryr seg om dei, seier ho. Sjølv er ho ikkje van med at eldre kjem på institusjon i heimlandet før ei eller anna krise oppstår. Familiane prøver å ta seg av sine eldre så langt råd er. Terapeuten er svært godt nøgd med lokala i Hove-bygget. Lyset kjem inn vindauga frå søraust, det er viktig, seier ho, og elles er romma som skapte for den vesle klinikken. Når bygget skal rivast og ho ein dag må flytte, håper ho på ein plass i det planlagde helsehuset. Til hausten har ho planane klare for vidare utdanning: - Eg ønskjer å utvikle dette meir, eg likar å tileigne meg nye kunnskapar som kan hjelpe folk, seier Renata, som, når ho ser tilbake, finn ut at ho har gått på skule heile tida. |
||||||||