Framifrå folkefest |
|||||||
![]() |
Tunnelopning og Stordalscup gav tre dagar med framifrå folkefest både på Dyrkorn og i Stordal. Det eine høgdepunktet tok over etter det neste, og heile folkefesten enda som ein einaste gigantisk prikk over i-en. | ||||||
2. juli 2003
|
|||||||
| Elida Lilleås Hove og Paul Ivar Støversten hjelper statsminister Kjell Magne Bondevik å opne Dyrkorntunnelen. Klippereiskapen var ei gammal garnsaks frå Dyrkornanleggene, som vart høgtidsamt levert av to små, bunadstasa dyrkornbygdarar, Iver Olai Dyrkorn og Amalie Jacobsen Dyrkorn, til fløytetonefølgje av Ingunn Linge Valdal. | |||||||
| Statsminister Kjell Magne Bondevik vart teken vel imot på ei fullstappa Dyrkorn-kai då han steig i land frå dampskipet Thorolf. Det vart tid til litt handhelsing og hovud- klapping før han strena opp til tunnelmunningen, forbi velluktande grillkotelettar, herlege marsipankaker, smektande trekkspel og nostalgisk elvebrus. Talar og marsj Ordførar Olav Bratland tok første ordet framfor ein hærskare på nærare eit par tusen bygdefolk. Han var glad for at både stor- dalingar og folk i nabokommunane endeleg hadde fått ein veg som er trygg mot ras, og minte om kva den førre vegsjefen, Karl Melby mannen med støvlane hadde lova under opninga av Stordalstunnelen: Denne gongen var det finansministeren som kom, og neste gong vert det stats- ministeren! Og statsministeren kom, talte og gjekk gjennom tunnelen, med ein halv tunnel av marsjerande bygdefolk og ei stri geit i ryggen, og med fotojournalistar i prustande firsprang framfor. Ved Kokarsteinen I enden av tunnelen vanka det nummererte deltakarbevis til alle, og for dei minste var nummeret ei von om å vinne ein sykkel. Ei enorm pølse av tunnelglade menneske rann ut or munningen og fylde asfalten frå Kokarsteinplassen og eit godt stykke inn i tunnelen. Oppå sjølve Kokarsteinmonumentet stod Ferdafolk og skapte sagnstemning med fele og trekkspel, og var samstundes symbolet for at tunnelen vert til gagn for storfjordingar både innafor og utafor: Songar, fløyte- og felespelar Ingunn Linge Valdal kjem frå Valldal, medan trekkspelar Knut Inge Bøe kjem frå Ørskog. Etterpå steig Hilde Straumsheim og Kristina Roaldsen frå Ytste Skotet opp på steinmonumentet. Dei song Vestland, Vestland og ei vise om han Kjell, medan stats-Kjell tok seg av geita dei hadde med seg. Den siste bodskapen frå Kokarsteinen kom frå Elin Parr, leiaren i Dyrkorn Velforeining. Ho rosa vegvesenet heit og varm for arbeidet på Kokarsteinplassen, og avduka ei tavle til minne om den opphavlege Kokarsteinen. Til slutt vart det delt ut 1200 gratis is til store og små. Medan spesialinviterte lunsjgjester og anna effektivt folk gjekk gjennom nytunnelen, tok dei spreke og romantiske beina fatt og fekk seg ein storvakker tur langs gamlevegen attende til Dyrkorn, der det var myldring, musikk, mat og moro. Ferdafolk var på kaia med sprudlande humør og fager folkemusikk. Hurtigruta Polarlys kom på svelestopp, og då fløyte og fele tagde ein augneblink, ljoma skipsfløyta i tredobbel salutt. På Salen var det utstilling med gamle fotografi frå Dyrkorn. Utafor sat Skodjebygdaren Konrad Fremmerlid og spreidde trekkspeltonar, medan den utflytta dyrkornbygdaren og noverande sykkylvsværingen Per Flåen trakterte fele. Den eine var ukjend for den andre, men dei fann snøgt saman i sams melodi og solskinshumør. Lenger ned mot nausta kunne ein sjå på gamle jordbruksreiskapar eller snakke med folka frå Ytste Skotet. Rett før siste bussen tok av, høyrdest tutinga frå cruiseskipet Gann, som kom langt inn i Dyrkornvika, og som ein gong var hurtig- ruteskipet Ragnvald Jarl. Framleis var det godt med folk på kaia, og historier, latter og småprat gjekk mellom dei gamle dyrkornbygdarane i mange timar enno. Dyrkornbygdarane hadde enno krefter til å rydde, men då sola rann i rosa sette dei seg vel til rette på nykaia og var retteleg nøgde med dagen. |
|||||||