“Alle” ville sjå husflidsmessa

Bruksting, pynteting og eit surr av stemmer. Sveler, kaffi og kjentfolk å prate med. Årets husflidsmesse var som ho skal vere.
9. juli 2003
Ingrun Myklebust
Mette Hovden frå Fjørå har starta sitt eige strikkefirma.
Den største hallen i Hove-bygget var jamnt full av folk, utanfor var det jamnt tett av bilar. Det såg ut til at «alle» skulle ha med seg husflidsmessa, sjølv om det var nok andre arrangement som vart avvikla denne helga.

Ny bedrift
Ei ny lokal bedrift var representert ved Hovden Design, der Mette Hovden frå Fjørå viste kva strikkevarer ho kan ta opp bestilling på.
– Ei bestilling på 10 strikka bukser vil gå greitt, om det blir 10 gongar 10 bukser får eg eit problem, ler Mette. Ho har fått frigitt tid til å konsentrere seg om denne bedrifta, og Nikken-produkta som ho også sel, etter at ho nyleg har slutta i barnehage-jobben. Mette Hovden nytta høvet til å gjere ei marknadsundersøking under messa, og resultata frå denne vert avgjerande for den vidare satsinga.

Samleri
– Det går unna med kort sjølv om det er ei husflidsmesse, seier Lars Muribø i Eva og Lars sitt Samleri av postkort. Det var mange som flokka seg rundt boksane med kort, nokre kika og andre handla.
– Det er mange som skuldar meg for å ha sett dei i gang med ei interesse dei ikkje har hatt før, ler Lars Muribø på samleri-standen.

Nesten levande
Eli Svee frå Brandal var ei av fleire messedeltakarar som presenterte handarbeid med stort mangfald. Både strikka, hekla og tova produkt var til sals hos henne. Dei fleste måtte stoppe og sjå på dei tova figurane, spesielt dei nesten levande geitebukkane trekte folk til seg. Det var første gong ho stilte ut produkta sine offentleg, og interessa gjorde at det freista å kome att.