Nyfrelste golfarar |
||||||
![]() |
||||||
| Valldal Golfklubb er fersk og nystarta, men planane for framtida er klare. Bak nyskapningen står eit entusiastisk styre som ser fram til å få med seg mange på golf-kurs. | ||||||
9. juli 2003
|
||||||
| Torkjell Døving (frå venstre), Inger Johanne Spangen, Håvard Sunde, Ragnar Lødøen og Gunnar Valdal (ikkje til stades) utgjer styret i Valldal Golfklubb | ||||||
| Det første som skal opparbeidast er treningsbane i Jamtekvisla i Valldal. Avtalar med grunneigarane er i orden, seier sekretær for styret, Torkjell Døving. Han ser det som viktig å få i gang treningsbane for å skape eit miljø og byggje opp interessa for det som etter kvart har blitt ein folkesport. Framover hausten vil den nystarta klubben få i gang grønt kort-kurs og slagtrening-kurs. I løpet av året skal det avgjerast kvar det skal anleggast golfbane. Det står mellom to alternativ, der det første er Muribø-Berdal-Jemtegård og det andre Valdal gard. Klubben har fått den svenske bane-arkitekten Jeremy Turner til å vurdere begge banealternativa. Han likestiller dei og ser moglegheit for å få til ei spennande bane med høg naturopplevings-faktor. Formann i klubben, Ragnar Lødøen, legg ikkje skjul på at han ser det heile i ein større samanheng: Golfklubb og golfbane er eit veldig viktig element. Ved sida av helsebygg, blir golf pillar nummer to i spahotellet, seier han. Vidare trur han at for hyttebygging er kombinasjonen golf og breiband eit gullkanta papir som vil møte liten konkurranse. Styremedlemmane fortel at medlemskontingenten i år er rekordlave 500 kroner, inntil dei får eit tilbod til spelarane. I startfasen har klubben fått god drahjelp frå Solnør Golfklubb i Skodje. Styremedlem Inger Johanne Spangen seier at folka bak 18-hols bana der ute synest det er fint å skulle få ein klubb inne i fjordane. Dei er interesserte i at fleire skal spele golf. Spangen fortel det er ventetid ved hola på Solnør, så påstanden om at det er for mange golfbaner i Norge vil ho ikkje vere med på. Det er eit aukande behov for golfbaner, golf har blitt ein folkesport, seier Ragnar Lødøen. Golfentusiastane er allereie oppe i eit tal på 40 stykke, dei fleste kjem frå nærområdet. Klubben er registrert i Golfforbundet og Norsk Idrettsforbund og har nyleg fått 82.500 kroner i tilskot frå næringsfondet til oppstartingsprosessen |
||||||