|
|
Økonomisjef Torbjørn Emblem informerte Stordal kommunestyre om eit stort overforbruk i helse- og omsorgssektoren i kommunen, både i fjor og hittil i år. Det meste av overforbruket vert knytt til Stordal alders- og sjukeheim (SAS), og då særskilt til utgifter i samband med sjukefråværet, som no er på meir enn 19 prosent. Det vil seie at kvar einaste tilsett ved SAS gjennomsnittleg er sjukmeld ein heil arbeidsdag kvar einaste veke. Dersom ikkje kostnadene til løn og sjukepengar vert minka, vil helse- og omsorgssektoren få eit underskot på nærare ein million kroner i 2003.
Renteproblem
Rentefallet er ein annan stor vanske for økonomien til Stordal kommune. Det var planlagt at utbygginga av SAS skulle finansierast med renteinntekter på pengane etter salet av aksjane i Tafjord Kraft.
Verdien av TK-kassa skulle ikkje verte redusert, sjølv når det vart teke omsyn til prisveksten. Det siste vart umogleg då det vart klart at utbygginga vert mykje dyrare enn ein først trudde. Med dalande rente må kommunen òg redusere talet på kroner i TK-kassa.
Økonomisjefen sa at tilhøvet mellom finanskostnader og finansinntekter har vorte vanskeleg. Sjølv om rentenedgangen gjer at utbygginga av SAS vert noko billegare enn kommunestyret trudde for få veker sidan, veg ikkje dette opp for rentetapet på TK-pengane. Men viss renta går opp att, vil Stordal kommune truleg kome særs godt ut av det: Både SAS-lånet og det meste av låna som kommunen har frå før, skal no bindast til fastrente.
For lite folk
Driftsinntektene til kommunen er òg på veg nedover. På grunn av nedgangen i folketalet i kommunen, går skatteinngangen ned, og det same gjer avgifts-
inntektene. Summen av det heile, er at kommunen lyt spare. Det klare rådet frå økonomisjef Emblem er at kommunen sparer der utgiftene og overskriding-
ane er størst innanfor løns- og personalkostnadene: Stordal kommune må rett og slett klare seg med færre årsverk.
Reaksjonane
Espen Remme (Høgre) sette pris på at økonomisjefen kalla ein spade for ein spade, og gjekk inn for å gjere det som må gjerast. Litt meir konkret ville han at kommunen først gjer dei oppgåvene som er lovpålagde, og at dei oppgåvene som kommunen har råd til etterpå, må takast som rein bonus. Remme bad òg om at helse- og sosialsjefen gjorde reie for kva som vert gjort for å stogge overskridingane ved sjukeheimen.
Jonas Falch (Fremskrittspartiet) hadde ein mistanke om at det ikkje er høgt arbeidspress som har skapt det høge sjukefråværet ved SAS, men at arbeidsmiljøet er for dårleg. Han lurte på om nokon har sett på kva som kan gjerast for å betre dette.
Helse- og sosialsjef Anna Margrethe Drægebø Moe svara både Remme og Falch at administrasjonen er i ferd med å sjå på turnusplanen og sjukefråværet.
Semja
Rapporten frå økonomisjef Torbjørn Emblem vart samrøystes teken til vitande av kommunestyret. Det same vart årsmeldingane for 2002 frå dei ulike hovudutvala og etatane, og rekneskapen for same år vart godkjend like samrøystes. Helse- og sosialsektoren vart pålagd å spare inn budsjettsprekken på 326.000 kroner frå i fjor, medan teknisk sektor og sektor for oppvekst og kultur får rå fritt over dei snaue 7.000 kronene kvar av sektorane hadde «til gode» frå budsjettet. Dette vedtaket var òg samrøystes. |
|
|
|
|