Brenn for verdsarv og vern

- Å få verdsarvstatus ser eg på som nesten utelukkande positivt, sa miljøvernminister Børge Brende omgitt av pressefolk på Skageflå.
13. august 2003
Ingrun Myklebust
Dagleg leiar i Destinasjon Geirangerfjord - Trollstigen Geir Gjærde, miljøvernminister Børge Brende og Ola Betten ved Fylkeskommunen si miljøvernavdeling. (foto: Ingrun Myklebust)
Trønderdialekt høyrest gjennom lauvskogen ved tuna på Skageflå i Geirangerfjorden. Like etter kjem eit lyst hovud til syne. Det er miljøvernministeren som frontar følgjet av fylkestoppar, direktoratfolk og ordførarar.
Ikkje alle er like urøyvde av oppstiginga på 250 meter som statsråden.
Besøket på Skageflå er del av ein rundtur som ministeren og følgjet har i området det skal søkjast verdsarvstatus for. Store delar av det skal også bli landskapsvernområde eller nasjonalpark. Geir Gjærde i Destinasjon Geirangerfjord - Trollstigen opplyser at selskapet inviterte Børge Brende til det aktuelle området, slik at han får sett det. Det er truleg han som skal skrive under søknaden om verdsarvstatus som vert sendt i januar 2004.
Miljøvernministeren likte det han såg på Skageflå:
– Med omsyn til verdsarv er dette unikt, ikkje berre i norsk målestokk. Når ein står her, blir ein audmjuk. Dersom dette området ikkje kjem med på UNESCO si verdsarvliste er det noko som er gale, sa Brende. Han trudde likevel nominasjonsrunden i 2005 kan bli tøff, for det er mange nasjonar som er ute etter verdsarvstatus. Norge stiller sterkt om det blir satsa på naturområde, det er det ikkje mange av. Hittil er det kultur som har blitt registrert på verds-
arvlista frå Norge.
I Stranda sitt område vart det lagt vekt på tema rundt verds-
arvstatusen. Seinare på dagen, når turen gjekk til Norddal og Herdalssetra, vart nok land-
skapsvern eit dominerande tema. Ordførar Arne Sandnes i Norddal hadde nemleg tenkt å presentere eit ope brev til statsråden (trykt som lesarinnlegg i denne avisa). I brevet vert det mellom anna kravd at grunneigarar får kompensert for dei ulempene som landskapsvernområde eller nasjonalpark fører med seg.
På spørsmålet om styresmaktene var innstilte på å vere fleksible med omsyn til utnytting av naturressursar som minikraftverk i grenseområda til vernesona, sa statsråden dette:
- Vi har hatt ein god prosess lokalt. Landskapsvern er den mildaste verneforma. Eit vassdrag som går gjennom vernesona vil ikkje vere eit verna vassdrag. Mi meining er at mikro- og minikraftverk er komne for å bli og kan verte ei nyttig attåtnæring for jordbruket.
– Somme seier at dei 17 nasjonalparkane/verneområda som er under etablering kan karakteriserast som norgeshistorias største ran, kva er din kommentar til det?
– Det er feil. Nasjonalparkane er med å sikre vår natur for etterkomarane. 90 prosent av Sør-Norge er ikkje teke vare på på ein grei måte til dei som kjem etter oss. Dette er det største ranet. Innan vern må ein også sjå verdiskaping som viktig, ein vil mellom anna kunne skape kunnskapsarbeidsplassar, sa Børge Brende.