Ei veke på hesteryggen

Eit følgje med fleire islandshestar har gjort unna ein lengre tur, frå Tresfjord til Hjerkinn. Ruta gjekk mellom anna frå Dyrkorn til Pusken og over til Hjellsetra i Valldal.
13. august 2003
Randi Flø
På veg ned til Valldal. Framme ser vi Kristin Gilje Sandnes (t.v.) og Ragnhild Andersen. på grunn av stor biltrafikk vart hestane frakta med bil fram til Slettvikane. (Foto: Randi Flø.)
Initiativet kom frå Bjørn Kjersem ved Stall Kjersom i Tresfjord. Det er ikkje første langturen hans med islands-
hestar.
– Det var ein fin tur, sa Bjørn Kjersem då dei kom ned til Hjellsetra i Valldal etter å ha gått over Storreset og langs Fremstevatnet og Heimstevatnet. Dei leidde hestane ein del, for at dei ikkje skulle kome med beina mellom steinane med fare for beinbrot. Elles måtte det tre skoingar til på denne turen.
Frå Hjellsetra bar det til Slettvikane med overnatting i lavvo. Turdeltakarane var svært tilfredse så langt. Dei starta frå Tresfjord måndag 4. august. Her gjekk dei over til Dyrkornstølen, vidare langs Dyrkornvatnet til Midtbustegga, over Rikjendskaret og ned til Botnastølen. Sidan følgde dei riksvegen frå Stavdal til Almås, og vidare den nyrydda gamle-
vegen til Overøye og til Pusken.
Ved Toreselet var det ordna med teltplass og plass for hestane på ein av teigane på Sætergjerdet. Om kvelden serverte representantar for Stordal Sogelag Toreselsuppe og fortalde om Langsætrane og området rundt. Det var Einar J. Hove som var kontaktperson på denne strekninga.
Frå Slettvikane gjekk dei vidare til Verma, Bjorli og Hjerkinn. Søndag kveld var allekomne heimatt.

Jobbar i stallen
Med på turen frå Pusken til Hjellsetra var også dei to valldalsjentene Kristin Gilje Sandnes og Ragnhild Andersen, sistnemnde var også med å ri til Verma. Ragnhild fortel at det var grått ver då dei starta frå Pusken tysdag morgon, men veret betra seg utover dagen, og ikkje minst utover veka.
Ragnhild er svært interessert i islandshestar, å kome seg på fjellet med ein islandshest er noko ho set stor pris på. Ho forklarer at denne hesterasen har fleire gangartar, og tøltar i staden for å trave. 1. august tok ho til på eitt års arbeid i stallen til Bjørn Kjersem i Tresfjord, der arbeidet mellom anna går ut på innkøyring og temjing av fire år gamle hestar, slike som ikkje har vore ridd på før. Ragnhild har gått tre år på Gjermundnes vidaregåande skule, og jobba også då som parktikant hos Stall Kjersem.
Ryttarane utanfor Toreselet på Puskenstølen klar til tur til Valldalssætra. Frå venstre: Rolf Fries, Ingrid Fries, Kristin G. Sandnes, Bjørg Toven, Lena Holm, Ingrid Aarnes, Bjørn Kjersem og Ragnhild Andersen. (Foto: Einar J. Hovae.)