Første jordmormarsjen |
|||||||||||
![]() |
|||||||||||
| Den første jordmormarsjen samla 94 menneske. Ikkje alle gjekk heile vegen, men det var heller ikkje meininga. | |||||||||||
27. august 2003
|
|||||||||||
| Dei som fullførte heile marsjen fekk diplom då dei kom til Muldalen, av sjølvaste Jensine, ein utkledd representant frå jordmorforeininga. (Foto: Gro Marita Stennes Valdal) |
|||||||||||
| Det var ein solid tur jordmor Jensine Rødal Grønningsæter la ut på vinterstid i 1886, frå Eidsdal til Muldal for å redde ei fødande mor og barnet hennar. På sommarføre er det strabasiøst nok å gå dei 30 kilometerane frå Eidsdal over Storåsen til Norddal, vidare over Kallskaret til Tafjord, over Skjegghammaren og opp til Muldalen. Derfor var marsjen lagt opp slik at ein kunne gå deler av turen på laurdag og resten på sundag. Totalt 94 menneske var med på heile eller deler av jordmormarsjen, fortel Gro Marita Stennes Valdal i Norddal kommune. Kring 40 starta laurdag morgon frå Eidsdal, der det var opning ved varaordførar Oddfrid Tafjord og Elin Ytterbø frå Den norske jordmorforening, avdeling Sunnmøre. Herfrå gjekk dei over Storåsen og til prestegarden på Innset i Norddal. For dei som kom fram til klokka 12, var det kulturell underhaldning: Nokre av dei lovande skodespelarborna i bygda spelte ei eigenprodusert framsyning om ei mor som låg på loftet for å føde; borna sprang ut og fekk tak i jordmora, som fekk barnet vel ut i verda. Quindekoret stod for høveleg song til stykket «Den fyrste song» og ein særeigen, oppfunka versjon av «Bæ, bæ lille lam». Det var òg eit historisk foredrag om dei første jordmødrene på Sunnmøre, ved Aud Farstad. Frå Innset gjekk turen over Kallskaret og til Tafjord. Men nedetter Kallskaret er det bratt, mykje brattare enn mange var budde på. I tillegg vart det ganske sleipt etter kvart og Stennes Valdal seier dei tek sjølvkritikk for at det ikkje vart informert betre om tilhøva. Siste stykket gjekk frå Tafjord over Skjegghammaren og frå Muldalsvika opp til Muldalen, og om sundagen var det bra med oppmøte på denne delen av turen. Men den første som kom fram til Muldal etter å ha starta i Eidsdal laurdag morgon, var Norvald Morsund (56), som ikkje trong meir enn åtte timar på turen. I Muldal skulle det vere underhaldning ved Stranda spelemannslag om sundagen, men på grunn av regn og frykt for å få vasskade på instrumenta, vart dette avlyst. Triveleg vart det likevel, med hesteriding for borna, ein trekkspelar og sal av ymse matbitar. Totalt var det 27 som gjekk heile turen, fem av dei i eitt strekk. Det vert heilt sikkert jordmormarsj til neste år òg, men det er ikkje sikkert det vert kommunen som steller til arrangementet. Kan hende er det betre om vi får til eit samarbeid mellom ulike lag og organisasjonar, som kan stå for tilstellinga, seier Gro Marita Stennes Valdal. |
|||||||||||
![]() |
|||||||||||
| Teatergruppa i UL Dag saman med Quindekoret framførte ei dramatisering av ein barnefødsel, på prestegarden i Norddal. (Foto: Gro Marita Stennes Valdal) |
|||||||||||