Dei har sine favorittar

27. august 2003
I tillegg til å halde oss til rein politikk i intervjua med liste-
toppar og ordførarkandidatar, har vi også laga ein litt annan vri. Dei har fått nokre spørsmål om kva dei likar. Her finn du svara.
Jonas Falch

TV-program:
Nyhende generelt, men er mest glad i radio (Favoritt:Nostalgia på P1).
Bok:
Kanonane på Navarone (Alastair McLean) og Ben Hur (Lewis Wallace).
Reisemål:
Familieøya Hallvardøy i Lødingen kommune i Nord-Norge.
Fjelltur:
Vert lite fjellgåing, men i sommar gjekk eg ein nydeleg tur til Josetra, vidare til Mosetra, over Moheia og til Jøssvollbotn. Den turen skal eg gå fleire gonger.
Drikke:
Kaffi – gjerne kokt! Men seier ikkje nei takk til ein drink, heller.
Mat:
Fisk – helst fersk torsk med lever og rogn.
Kunstnar:
Per Aabel (fantastiske opplesingar av H.C. Andersen) og Dizzie Tunes.
Musikk:
Klassisk – gjerne Vivaldi.
Politikar:
Kåre Willoch, han har eg framleis sans for. (Men Carl I. Hagen er jo ikkje så dum, han heller.)
Avis:
Sunnmørsposten og dei to lokalavisene våre.


Svein Linge

TV-program:
Det var «Ja, vel statsråd», no er det «Presidenten»
Bok:
No er eg nettopp ferdig med Beatles av Saabye Christensen, og den var både interessant, morosam og tankevekkande. Eg har starta på «Stupid White Men» av Michael More. Favorittboka er den eg les til ei kvar tid.
Reisemål:
Eg har reist lite i utlandet, somrane er finast i Norddal, eg burde nok ha reist meir. Eg var til den gamle romerske byen Bath i England, det var ei fin oppleving. Eg har reist mykje i landet vårt og fylket vårt.
Fjelltur:
Somrane er eg i området Klovset / Åsesetra. Det var ei oppleving å kome til Reindals-
setra, Herdalssetra og Kallskaret mm.
Drikke:
Farris med sitronsmak
Mat:
Det er nok kjedeleg, men ingen ting kan konkurrere med pinnekjøt
Kunstnar:
Eg kjenner mange skodespelarar etter mi tid på Det norske teatret. Det var noko spesielt med Rolf Just Nilsen og Jon Eikemo. Utanlandsk kunstnar må bli Michael More som skreiv «Stupid White Men» og laga filmen «Bowling for Colombine», som vann Oscar for beste dokumentar i 2003.
Musikk:
Det skal vere gode tekstar, eg er glad i gode viser og balladar. Gitarkameratane laga mykje bra.
Politikar:
Eg er imponert over Trond Giske. Han har eg stor respekt for. Det han seier er alltid reflektert og godt formulert. I si tid var Hanna Kvanmo interessant å høyre på. Eg fekk god attest frå Per Borten etter eit intervju eg hadde med han for Sunnmørsposten. «Det var ualminneleg korrekt gjengitt til å vere gjort av ein journalist», sa han.
Avis:
Dagbladet frå mi tid på teateret er spesiell. Men eg er veldig skuffa over ho, synest det er mykje tøv. Eg brukar mest tid på Aftenposten og Nationen.


Britt Ingunn Maurstad

TV-program:
Ingen. Men alt av nyheiter, sånn som Holmgang, ser eg på. Eg er altetande. Dagen er ikkje komplett utan at eg får med meg alt av nyheitssendingar.
Bok:
«Den lille prinsen» av Antoine Saint-Exupéry. Boka har eit slikt fantastisk barnleg syn på verda omkring ein, boka er like mykje for vaksne som for barn.
Reisemål:
Provence, Sør-Frankrike.
Fjelltur:
Besseggen
Drikke:
Eit glas god rødvin seier ein aldri nei takk til.
Mat:
Det må bli julemiddag med pinnekjøt og alt som høyrer til.
Kunstnar:
Eg har veldig sansen for Vebjørn Sand. Han har nokre bilete som eg godt kunne tenkt meg, men som eg sannsynlegvis aldri har råd til å kjøpe! Ein annan kunstnar eg beundrar er David Bowie. Han har halde på lenge. Det er heilt fantastisk måten han har klart å fornye seg på og bli i musikkbiletet. Sånne menneske likar eg.
Musikk:
Eg er nesten altetande. I CD-hylla mi står alt frå punk-rock til Mozart og Beethoven. Du finn meg like gjerne i operaen som på Roskilde og Quart-festivalen.
Politikar:
Siw Jensen, faktisk. Grunnen til det er at ho har blitt ein respektert politikar i eit parti som er frykteleg mannsdominert. Eg er ikkje alltid einig i det ho meiner, men måten ho opptrer og argu-
menterer på har eg sansen for.
Avis:
Det må bli Aftenposten.


Oddfrid Tafjord

TV-program:
”SøndagsÅpent” med Egil Svartdahl på TV2.
Bok:
Songar, salmar, dikt og poesi. Salmediktar Trygve Bjerkrheim og diktar Haldis Rekstad er favorittar.
Reisemål:
Provance i Frankrike. Ro og opne kyrkjer, ta til seg det gode.
Fjelltur:
Til hytta på Ustaoset, på Hardangervidda.
Drikke:
Pepsi Cola med sitronsmak.
Mat:
Venninne Else Myre sin heimelaga pizza.
Kunstnar:
Stig Kjell Amdam frå Selje.
Musikk:
Vikingarna og Ole Ivars. Også glad i klassisk, kristne songar og salmar og å spele piano sjølv.
Politikar:
Eg ville gjerne ha klona Kjell Magne Bondevik og Valgerd Svarstad Haugland.
Avis:
Storfjordnytt lokalt og Vårt Land for andre innfallsvinklar. Og Folkets Framtid.


Signe Brenna

TV-program:
Ser lite på TV, men «Profil»-programma om måndagane på NRK, om kunst og kultur.
Bok:
«Det fleksible mennesket» av den amerikanske sosio-
logen Richard Sennett. Om vårt tap av handlingsevne og medavgjerdsrett grunna raske omorganiseringar i samfunnet.
Reisemål:
Valdres, der eg er opp-
vaksen.
Fjelltur:
Opp Steindalen til Tjønnebu, fremst i Valldal.
Drikke:
Eplesaft og god vin.
Mat:
Baccalao.
Kunstnar:
Alt for mange til å velje ut ein, men har stor sans for Ørnulf Opdahl.
Musikk:
Alt frå listepop til god folkemusikk og klassisk.
Politikar:
- Berge Furre.
Avis:
Eg held Sunnmørsposten, Storfjordnytt, Dag og Tid,
Nationen og Klassekampen og alle er god og nyttig lesnad.


Ingrid Løset

TV-program:
Nyhende generelt, men ser elles lite på TV, og føretrekkjer radio. Men det er eitt unnatak – eg må ha med meg noko som startar 1. januar kvart år, og som varer i 18 dagar:nemleg Rally Paris-Dakar på Eurosport. Eg må sjå korleis det går med Ullevålsæter og motorsykkelen hans.
Bok:
Kilden av Gabriel Scott. Den har eg lest mange gonger.
Reisemål:
Eg har reist mykje, men to stader vil eg gjerne sjå att: Guatemala og Den Dominikanske Republikk. Guatemala er eit fantastisk land å sjå, og i Den Dominikanske Republikk er kontrastane enorme: Nærare himmelen enn naturen og veret der kjem du aldri, og samstundes heller ikkje nærare helvetet, med folk som lever i ekstrem
fattigdom.
Fjelltur:
Fjellådalen i måneskin.
Drikke:
Vin, raud eller kvit. Vin er spanande kultur. Men til kvardags er det sjølvsagt kaffi og vatn som er favorittane.
Mat:
Fisk – helst fersk torsk med lever og rogn.
Kunstnar:
Vebjørn Sand, han er snedig. Og Kjell Aukrust.
Musikk:
Eg er altetande, og har ikkje spesielle favorittar. Men det var ei stor oppleving å vere på konsert med Elton John og klaveret hans.
Politikar:
Mellom dei tidlegare senterpartipolitikarane var det jo mange som var dyktige, ikkje minst Anne Enger Lahnstein.
Avis:
Eg er ganske altetande her òg, men eg må ha ein viss porsjon aviser kvar dag. Særskilt tykkjer eg det er mange gode artiklar i Nationen og Vårt Land, men eg les jo òg
Sunnmørsposten og begge lokalavisene.


Charles Tøsse

TV-program:
Sportssendingane, særskilt fotball og alpint.
Bok:
Historiske bøker. Eg får ikkje tid til å lese så mykje skjønnlitteratur, men om eg skal trekkje fram ein forfattar, må det vere Richard Hermann.
Reisemål:
Austerrike. Eg var der mykje før, og eg har lyst attende no når borna er store nok til å vere med.
Fjelltur:
Frå heimgarden (Nakken) og opp på Kvitegga.
Drikke:
Eg drikk altfor mykje kaffi.
Mat:
Hjortebiff, gjerne sjølvskoten og sjølvlaga.
Kunstnar:
Ola Stavseng. Vi er uvanleg heldige som har ein som han i bygda.
Musikk:
Lava.
Politikar:
Kåre Willoch. Han er ikkje låst i tankegangen.
Avis:
Om eg les lite skjønnlitteratur, vert det meir aviser. Eg les dei to lokalavisene, Sunnmørsposten og Dagbladet, og alle er i grunnen favorittaviser.


Hallvar Tafjord

TV-program:
Eg likar veldig godt å sjå fotball, i tillegg prøver eg å få med debatt-programma.
Bok:
Eg les lite bøker, har nesten ikkje lese ei bok sidan eg slutta å lese for ungane. Kona mi, Grethe, les mykje og skjønar ikkje at eg klarer meg utan. Ei god krimbok likar eg godt.
Reisemål:
Eg har vorte svært begeistra for Tyrkia etter at eg har vore der to gongar.
Fjelltur:
Det er stort sett over alt. På hjortejakt går eg over alt i fjella her. Men eg set også pris på å vere på reinsjakt ved Aursjøen der det er meir ope og fritt terreng.
Drikke:
Ein god konjakk, men det blir berre så altfor sjeldan. Eit glas rødvin likar eg også godt.
Mat:
Grethes hjortebiff med fløtegratinerte poteter og ein skikkeleg god rødvin attåt.
Kunstnar:
Det er mange, men eg må nok trekkje fram Marianne Heske, som eg også
kjenner personleg.
Musikk:
Der er eg nesten altetande, men eg er veldig glad i countrymusikk.
Politikar:
Gro Harlem Brundtland.
Avis:
Den det er mest slåsting om er Storfjordnytt same kor tynn ho er. Det er nok den avisa som blir lesen frå perm til perm her i huset. Så les eg Sunnmørsposten og ein del andre aviser


Nina Grøndahl

TV-program:
Det må vere Dagsrevyen.
Bok:
«Balansekunst» av indisk/kanadiaren Rohinton Mistery. Dette er ei fasinerande og spennande historie frå India frå 60-talet opp mot vår tid.
Reisemål:
Eg likar meg godt på Vardebu og det er veldig hyggeleg i Vietnam.
Fjelltur:
Mange. Å gå lokalt er veldig spennande. Å gå i dei lokale fjella saman med venner og ha lange samtalar er hyggeleg.
Drikke:
Det kan vere farris, rødvin, te, det spørs på anledninga.
Mat:
Eg er veldig glad i god mat.
Kunstnar:
Per Kleiva.
Musikk:
Jazz. Eg synest Diana Krall er flink, og av norsk jazz likar eg Bodil Niska.
Politikar:
Kristin Halvorsen
Avis:
Utanom Storfjordnytt kan det vere Dag og Tid.


Idar Rønneberg

TV-program:
Eg ser veldig lite fjernsyn generelt. Eg prøver å få med meg nyheiter, debattprogram og vermelding.
Bok:
Eg er altetande. Det kan gjerne vere lyrikk.
Reisemål:
Egypt og arabiske land. Eg har arbeidd i Arabiske Emiratar (UAE).
Fjelltur:
Eidsheia er ein passeleg tur.
Drikke:
Øl, og det skal helst vere det som eg bryggjar sjølv.
Mat:
Fårikål er tingen, helst oppattvarma!
Kunstnar:
Om du tenkjer på biletkunst, så har eg kjøpt og kjøper det eg kjem over at Ole T. Ytterdal.
Musikk:
I og med at eg vaks opp på 60-talet, er Beatles og Rolling- Stone framleis heltar.
Politikar:
Carl I. Hagen
Avis:
Eg kjøper VG og Dagbladet og Sunnmørsposten kvar dag, og sjølvsagt Storfjordnytt. Elles er eg så heldig at eg jobbar på plattform i Nordsjøen, og der har vi nesten samtlege aviser i heile Norge. Så i seine kveldar les eg gjerne gjennom alt frå Nordlys til Fedrelandsvennen. Aviser er eg nøydd å ha!


Nina Helland Johansen

TV-program:
24, på TV 2.
Bok:
Krim, særskild John Le Carré.
Reisemål:
Sørlandskysten. Der har eg aldri vore.
Fjelltur:
Stordalsfjella, i det heile.
Drikke:
Pepsi Max.
Mat:
Kinesisk.
Kunstnar:
Det må vere kunst som eg kan sjå kva er, Vebjørn Sand, han er fantastisk!
Musikk:
For tida vert det mykje irsk – Dubliners, til dømes.
Politikar:
Torbjørn Berntsen.
Avis:
Den einaste eg les heilt fast, er Storfjordnytt. Så då må det vere ho som er favoritten.


Arne Sandnes

TV-program:
Sportsrevyen.
Bok:
”Fremtiden i våre hender” av Erik Damman. Handlar om kløfta mellom fattig og rik.
Reisemål:
Eg vil til Sør-Amerika, for der har eg aldri vore.
Fjelltur:
Heggesætra i Valldal, ein kort tur du kan gjere unna medan du ventar på at potetene vert kokte.
Drikke:
Kaffi.
Mat:
Inger sine heimebakte grove brød, med brunost.
Kunstnar:
Arkitekten Antonio Gaudi.
Musikk:
Når Andrea Bocelli syng saman med Sarah Brightman.
Politikar:
Ole Johan Vidhammer i Stordal.
Avis:
Nationen.