Dronninga på nært hald |
||||||||
![]() |
Vi står og småtrippar oppe i det luftige tårnet på Hotel Union i Geiranger, ein journalist og fotograf frå VG, og Storfjordnytt sin utsende representant. Hotellsenior Karl Mjelva borte ved inngangsdøra har mint oss om at vi må reise oss, han høyrer eit følgje på veg opp trappa. Hennar Majestet Dronning Sonja kjem til syne i døropninga. | |||||||
3. september 2003
|
||||||||
| Sola har ikkje fått varma opp tårnet enno, men vi har utsikt til eit sylskarpt, september-bilete av fjordlandskapet gjennom vindaugsformene i takrommet. Dronninga tek plass i sofaen etter handtrykk med oss som vil møte henne. I ryggen har ho panoramaet Geiranger sentrum, fjorden og Ørnevegen og fjella. Dronninga veit det er fjellet og turane hennar der som er tema, så ho startar like godt å fortelje om opplevingar og inntrykk utan å vente på spørsmål. Men først vil ho vere sikker på at vi har fått med oss kvifor ho og eit stort knippe gjestar er i Geiranger, og ber administrerande direktør i Fjord Norge, Elin Bolann, minne oss om bakgrunnen. Og Bolann informerer om Fjord Norge sin Explore Ærespris som kun skal delast ut ein gong, og der valet berre måtte falle på Dronning Sonja. For hennar representasjon for dei fire fjord- fylka, begeistringa for naturen her og for hennar trong til å utforske. Ho har masse å lære oss om design, marknadsføring, natur og kultur, seier Elin Bolann før ho trekkjer seg tilbake. Dronninga fortel oss om eitt av dei meir dramatiske fjelleventyra sine, Holsegga. Det var nifst. Vi diskuterte i går om vi skal gå den turen igjen, eg har ikkje høyrt om nokon som har gått han her, seier ho litt forundra og stolt. Ho gjengir denne turen i boka «Klangbunn», og legg ikkje skjul på at den smale egga med stupbratte sider var ei styrkeprøve å forsere. Men vår kongelege førstedame har nettopp kome frå tur. Etter opning av Europarc i Stryn har ho fått eit par dagar til å gå i lokale fjell att. I går starta vi i Ørnesvingen. Der gjekk vi utover langs fjorden i 900 meters høgd, til Gomsdalen. Derifrå må ein gå oppover igjen, vi kryssa til den andre sida av fjellrekkja og kom ned i Oalds- bygda, fortel Dronninga, som har teke med eit lite kart over området og peikar på dei ulike stadane. Ho kjem inn på fjellgardar som har gjort inntrykk: Meåkneset med husa som har ornament som bogar i tre og gotiske formasjonar. Og så det vesle brønnhuset på Skageflå, det er så nydeleg. Det var det første biletet eg tok frå fjellgardane. Neste sti frå Ørnevegen til Gomsdalen hadde gjort gårsdagens tur meir strabasiøs enn planlagt, for som Dronninga uttrykkjer det, han var ikkje der. Stien treng hjelp, seier ho spøkefullt, men legg til litt meir alvorleg at for dei som ikkje er fjell- vande, kan strekninga vere ein risiko, slik ho er no. Eg er redd for å skli, men ikkje for å gå på alle fire. Det er fascinerande at det ikkje er ein autostrada... Vi ser i media at Dronninga gir av seg sjølv. Eg reknar med at turane i fjellet har noko å gi. Kva kan ein få i fjellet? Først og fremst er det stille. Det er ikkje ei stille utan lyd, men lyd frå dei naturlege tinga. Og ein får variasjonen i sjølve naturen, som ein lyd av ein bekk når ein går forbi, lyden kjem vekk når ein rundar ein stein. Og alle blomstrane, det er spennande å oppleve, og også variasjonen mellom årstidene. Fjellet er utfordringar, å pushe grenser for å sjå kva ein toler. Dette får ein bruk for i kvardagslivet. Ein blir fysisk sterkare, og dette er bra. Å bruke seg sjølv og kroppen sin er viktig, kanskje endå viktigare no i den oppjaga tida vi lever i. Fjelldronninga gir uttrykk for at ho gjerne skulle møtt fleire vandrarar på turane sine i fjellet, ofte er det langt mellom kvar gong ho og følgjet hennar treff folk. Med dette kjem ho inn på potensialet Norge har for å ta imot fleire natur-brukarar. Ho viser til Snowdonia i Scottland der trafikken er så stor at ein må vedlikehalde stiane med steinlegging. Dette leier igjen inn på temaet nasjonalparkar og dei lokale bøndene sin skjebne oppe i dette: Vi må finne oppgåver for dei som framleis skal bu i lokalmiljøet. Ein må finne ein ny måte å tenkje på. Vi må spørje; når vi verner, kva kan vi yte for dei som bur der i den situasjonen? Det har blitt eit einsamt yrke å vere bonde. Ein må setje i gang pilotprosjekt for å få heilskap i eit område og få dei som bur der til å vere aktørar, seier Dronning Sonja. Ho ser for seg at når det går nedover med inntening i landbruket, må bønder få kompensert for å verne kulturlandskapet, eit landskap som gror att. Folk sluttar å kome når det ikkje er noko meir å sjå. Og vi må snu litt rundt og tenkje haldningar i staden for berre profitt. Tenk på dei på fjell- gardane. Dei var kanskje lukkelegare enn oss? Eit pilotprosjekt som Storfjordnytt gjerne vil ha Dronninga sin kommentar på er Galleri Tafjord. Har galleriet og hotellet som er planlagt på og ved Zakariasdammen livets rett? Eg synest det er kjempespennande. Det er 90 meter ned der, dei planlegg eit galleri der Marianne Heske sin kunst skal projiserast på dam-veggen. Og hotellet er nok nødvendig. Eg trur litt på det heilt spesielle. Som museet i Bilbao. Folk frå heile verda reiser dit for å sjå det. Dette i Tafjord kan også bli heilt unikt. Eg veit det er risikofylt, det er viktig at det vert gjort så fundert at det toler ein støyt. Ein må også vere førebudd på at eit slikt prosjekt vil få dårlege tider eit par gonger. Men får ein utført dette med kvalitet, må det bli spennande. Dronning Sonja innrømmer at ho ikkje er så glad i høgder, på den måten at fjellet går rett ned. Men dette er likevel ei utfordring som gjer livet verdfullt, som den svevande kjensla det var å vere på Møysalen i Vesterålen i sommar: Når ein må konsentrere seg om kvar ein skal setje foten, då gløymer ein alt. Det er fint, å gløyme alt som ligg og ventar. Kven lærte Dronninga å bli glad i fjellet? Eg starta nokså seint, seier ho ettertenksamt. Eg gjekk mykje på ski, men hadde ikkje vore i fjellet før eg var ganske gammal. Men sidan har eg vore der heile tida! Dronninga skriv i boka Klangbunn om naturen sine lover og spør om ikkje menneska hentar kraft frå noko guddommeleg som naturen ber i seg? Det ligg i oss. Alt heng saman. I naturen kan ein ha nesten sakrale opplevingar. Ein kan sjå, høyre og føle. Ein må vere villeg til å lytte og ha opne sansar. Det er sikkert mange som har større evne til dette enn andre. Det er tid for bilete. Og vi som skal fotografere vil ha Dronninga ut i fri luft, med fjella i bakgrunnen. Frå tårnet på Union er det berre ein enkel måte å kome ut på eit stort tak omkransa av geirangernatur; å klatre ut vindauget. Det er med tvil i røysta at Dronning Sonja spør oss om vi verkeleg kan tillate oss å bruke sofaen nedanfor vidauget som trappetrinn ut, men vi forsikrar om at Karl Mjelva har gått god for eksperimentet. Med raske, lette steg er ho ute i solskinet, vi andre følgjer på. Tryggleiksvaktene finn det ikkje bryet verdt å følgje etter. Energisk peikar ho ut turruta dei gjekk dagen i førevegen, med utgangspunkt frå Ørnesvingen. Etter varme smil og handtrykk er ho klar for neste punkt på programmet; mottaking av Explore Ærespris ved Flydalsjuvet. |
||||||||