Ut av trengsla

Nederland er eitt av dei mest trongbudde landa i verda. Ungdomen vil vekk frå trengsel, støy, køar og kriminalitet, og for nokre vert Stordal den store framtidsdraumen.
10. september 2003
Kenneth Strømsøy
Yvette van Dijk og Paul van der Most meiner det er mykje spanande som kan gjerast med og kring fabrikken på Dyrkorn.
På forsommaren starta Gert Rietman å rekruttere initiativrike nederlendarar til å bu i Stordal. Det heile skulle gå langsamt framover, men etter kort tid eksploderte det heile med store oppslag i nederlandske aviser og på fjernsyn. I sommar var Rietman på synfaring med ti familiar i Stordal, og fleire har sett seg om på eiga hand. Familie nummer elleve kom på måndag.

Vekk frå stress
Yvette van Dijk og Paul van der Most vil ut av trengsla og vekk frå stresset. Yvette har tenkt i fleire år på å dra til eit anna land, medan Paul først tok til å tenkje tanken for eit par månader sidan. Dei vil bu på ein fredfylt plass med vakker natur og godt armslag. Dei har vore og sett på Canada, men etter eit program om Stordal på
nederlandsk fjernsyn, slo dei opp heimesida til Placement-prosjektet til Gert Rietman og tok kontakt.
Det unge paret er samde om at dei ønskjer å drive med turisme og næringsliv. Yvette har arbeidd på reisebyrå i fleire år, og snakkar godt engelsk og tysk, og kunne òg spansk og fransk ein gong. Då nedgangs-
tidene i reiselivsbransjen tok til, måtte ho finne ny jobb, og siste tida har ho arbeidd i ein klesbutikk. Det trivst ho ikkje med. Og sjølv om ho ikkje ønskjer seg attende til noko reisebyrå, vil ho gjerne arbeide med turisme og næringsliv.

Camping
Camping er mest forlokkande, og hovudtanken då dei kom inn til Stordal på søndag var å sjå på og kan hende kjøpe Stordal Camping. Men etter ei natt på campingplassen slo dei frå seg tanken; det er for mykje støy frå fabrikkane, og omgjevnaden med alle fabrikkane er ikkje så tiltalande heller. Men resten av Stordal er forlokkande.
Gert Rietman fortel at han er i ferd med å undersøkje om det er nokre grunneigarar som er interesserte i å leige eller selje grunn til ein campingplass ein annan stad i Stordal, eller kan hende ein eller anna plass på Dyrkorn. Fleire av nederlendarane som har vore på vitjing har vore tiltrekte av Dyrkorn, og meiner bygda kan gjerast til ein turistattraksjon. Ein av dei har allereie laga til ein utviklingsplan for bygda.
– Her er det store moglegheiter, seier Paul van der Most på kaia på Dyrkorn. Med ein spisestad og nokre aktivitetar i fabrikkbygningane, og med overnattingsplassar, kan det verte ein attraktiv stad.
Dessverre er det ikkje lett å finne eit eigna område for camping på Dyrkorn; då må ein nok godt opp i fjellet. Men Gert Rietman har ein gong vore på ein storarta økologisk terrasse-campingplass, så med kreativitet er det ikkje noko som er umogleg.

Natur
Yvette og Paul vert òg tekne med til Blåtind Appartement, der ekteparet Vikenes er i ferd med å utvide og treng folk til å drive staden. Ein flott stad, tykkjer nederlendarane. Neste og siste stopp på rundturen er Overøye, der dei får sjå Langsætrane og dei storslegne fjella.
– Det er særs vakkert. Her kan vi godt tenkje oss å gå på tur. Vi har òg ein hund, ein rottweiler, som heilt sikkert vil stortrivst, trur Yvette van Dijk.
Paret har ikkje barn, og snakkar fort vekk det spørsmålet. Men systera og svogeren til Yvette tenkjer òg på å dra til Stordal, og dei har to born. Og dei fleste av nederlendarane som har vore i Stordal i sommar, har fleire born; det er ofte oppvekstkåra for borna som er drivkrafta til å flytte ut av tronge Nederland.

Freista
Allereie i oktober/november kjem den første nederlandske familien for å slå seg ned i Stordal, fortel Gert Rietman. Mannen er snikkar, og har hatt eiga snikkarverksemd i Nederland. Den har han no seld, og vil i staden skipa ny verksemd i Stordal. Men i førstninga vert det truleg mest aktuelt å arbeide for andre. Han har allereie utførd det første oppdraget i Noreg: Etter å ha oppdaga at det er uråd å få tak i handverkarar, gav Rietman landsmannen i oppdrag å vøle uthuset, noko han gjorde med både dugleik og snøggleik.
Ein annan familie er òg klar for Stordal, og kjem i juni/juli neste år. Mannen i familien vil skipe ei verksemd som skal drive med reklame og vevsbunad (webdesign). Han har allereie laga til utkast til ny og friskare heimeside for Stordal kommune og sendt utkastet til ordføraren.
Det er heller ikkje alle som har late seg skremme av bråket ved Stordal Camping; seks-sju familiar har vore interessert i å kjøpe, og minst tre vil gje bod, seier Gert Rietman.
Og kva med Yvette van Dijk og Paul van der Most – er dei meir eller mindre freista etter rundturen i kommunen?
Meir freista, absolutt, smiler Yvette.