Mest om skulestruktur, lite om oppvekst |
||||||||||||||||
![]() |
Tema for paneldebatten på Valldal skule var den gode oppvekst i Norddal, men mykje av tida gjekk med til å diskutere skulenedlegging. | |||||||||||||||
10. september 2003
|
||||||||||||||||
| Politikarane møtte ein liten del av veljarane på møtet ved Valldal skule måndag. | ||||||||||||||||
| Folk i salen var nysgjerrige på kva nykomarane Aksjonslista og Norddalslista står for. Svein Linge for Aksjonslista fekk presentert ønskjemåla for ny skulestruktur. Talet på skular, kvar dei skal ligge og kor mykje Norddal eigentleg brukar på skuledrift vart hovudtema også for denne debatten. Det vår få som hadde mykje å seie om innhaldet i skulen, eller miljøet rundt, i det heile det som har med oppvekst å gjere. Ei av dei som hadde jobba med ein utdjupande plan for barn og unge i kommunen, Ragnhild Solli Grønningsæter, spurde kva tid planarbeidet som har blitt gjort skal brukast. Kva vil de med pedagogisk utviklingsarbeid? Vi er godt i gang og har planane klare i skuffa, sa ho, og la til at omorganisering i kommunen hadde stoppa arbeidet. Etter omorganiseringa var det ingen att som kunne ta ansvar for planarbeidet vart det sagt frå kommunalt hald. Noko av problemet i Norddal er at vi ikkje tar evaluering etter omorganisering, sa Svein Linge, og fekk svar av ordførar Arne Sandnes om at evaluering skal opp som sak på komande kommunestyremøte. Mette Natland Valdal frå Norddalslista oppmoda pedagogisk konsulent Nina Grøndahl om å ta opp att arbeidet med pedagogisk plan, og Grøndahl sa at SV vil ta opp hatten som del av sitt arbeid. I skulesamanslåings-debatten fekk Norddalslista spørsmål om dei går inn for ein ungdomsskule. Mette Natland Valdal sa lista har som mål å leggje ned Fjørå-skulen, men at enkelte på lista synest det er vanskeleg å slå ungdomsskulane saman til ein. Det handlar om tryggleik, enkeltindividet og tilhøyrigheit og ikkje så mykje om økonomi, sa ho. Svein Linge for Aksjonslista var derimot oppteken av økonomi, og lurte på kvar politikarar som lova ymse tiltak hadde tenkt å ta pengane frå om det ikkje vart kutta i skulesektoren. Ikkje alle var einige i reknestykket hans om innsparingar. Rektor Egil Berge frå Eidsdal sa at eit reknestykke aldri blir rett om ein ikkje tek med alle faktorane. Rektor i Fjørå skule, Magne Krogh, sa at Norddal kommune brukar 28 prosent av frie kommunale midlar til skule, enkelte kommunar brukar over 40 prosent. Å senke denne prosentdelen vil nesten vere ein katastrofe, sa Krogh, og viste til at pengane ville gå tilbake til staten. Han fekk støtte av Arne Sandnes i dette synet. Svein Linge viste til at Norddal brukar 146 prosent av landsgjennomsnittet på skule. Vi har eit budsjett på 9 millionar for Valldal skule og 5 millionar for Eidsdal skule. Det er tredobbelt så mange elevar i Valldal som i Eidsdal, her er det noko som er gale, sa Linge. Arne Sandnes fekk oppklara Sp sitt synspunkt på skulestruktur. Han sa at partiet ville ha to ungdomsskular dersom dette er muleg. Om situasjonen krev kun ein ungdomsskule, kan denne leggast til Eidsdal dersom føresetnadene er til stades for dette, men Sandnes meinte denne lokaliseringa er urealist- isk. Solveig Linge Stakkestad tok opp saka om rusbrus på daglegvareforretningane, og viste til KrF som sentralt hadde støtta dette vedtaket for eit år sidan. Oddfrid Tafjord i KrF sa at dette ikkje var eit vedtak ein var stolt av, og at regjeringa i dag foretek ein revisjon av alkohollova. Ho inviterte dei andre partia til å støtte KrF i kommunestyret når lokale skjenkeavgjerder skal avgjerast. |
||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||
Springande debatt |
||||||||||||||||
| Dette er eit møte der vi først og fremst ønskjer at sørsida skal vere i fokus, sa møteleiar Asbjørn Eide då bygdeutvalet inviterte til ope møte i Eidsdal tysdag i førre veke. | ![]() |
|||||||||||||||
10. september 2003
|
||||||||||||||||
| Inger Johanne Tafjord var oppteken av forholdet mellom bygdene. | ||||||||||||||||
| Dei hadde fått ein person frå kvar av dei åtte politiske listene til å stille i panelet. Før dei politiske kandidatane fekk kome med sine innleiingar, lista Eide opp fleire punkt for å skildre situasjonen på sørsida. Sørsida er dårleg representert på mange av listene. Sørsida blir meir og meir eit u-land i forhold til nordsida, dei siste industriarbeidsplassane er i ferd med å forsvinne. Folketalet går ned, og det gjer også elevtalet i skulane. Mange føler at argumenta våre ikkje blir høyrde. Når det gjeld kommunikasjon, er det stort sett berre prat. Eldre- og helsetilbod blir stort sett sentralisert til nordsida, dermed blir også dei arbeidsplassane borte. Saker frå sørsida blir nedprioriterte i forhold til nordsida. Vi må kjempe for å bevare det vi har i tillegg til å få gjennom nye ting. Utviklinga no drep initiativ og står i vegen for nytenking. I den seinare tid har det vorte ei polarisering mellom sør og nord, ei polarisering som blir farleg for kommunen om den får utvikle seg. Sørsida bør viast stor merksemd, sa Eide før politikarane slapp til. Listene Ein ungdomsskule Ikkje mange |
||||||||||||||||