|
Ein kan umogleg vere frisk når ein skrur på radioknottar for å snakke med folk. Det finst jo både telefon og internett der ute. Eitt eller anna er det likevel som driv desse radio-nerdane. Derfor tok eg turen innom eit radioamatørtreff på Sylte for å verte litt klokare. Det vart eg og samstundes langt meir forvirra.
Vi har nokre etiske reglar, og ein av dei er at vi aldri snakkar om religion eller politikk, seier LA2CP, som òg vert kalla Oddmund Barmen.
Men kva snakkar de om då? spør eg.
Alle ler. Vi snakkar om antenner, om sendarar og om anna utstyr. Vi snakkar i timevis om antenner. Det går vi aldri lei av.
Sanninga er altså at radioamatørane set opp antennene for å snakke om korleis antennene skal setjast opp. Æææhhh.... ja. Eller nei: Vi snakkar om anna òg, men ikkje om ting som vi kan snakke om på telefonen, seier LA6PDA Martin Berstad.
Under krigen mot Irak, til dømes, då snakka eg med ein soldat i ein amerikansk tanks. Han var i kamp medan vi snakka med han, og likevel rykka dei fram med 56 kilometer i timen! Irakarane hadde ikkje ein sjanse: Amerikanarane hadde ei rekkjevidd på fire kilometer med tanks-kanonane, medan irakarane ikkje nådde meir enn 1,4 kilo-
meter, fortel Oddmund Barmen.
Sjeldne lisensar
Frå og med i sommar finst det berre ein lisens for radioamatørar i Norge, og alle kan no snakke på internasjonale samband. Tidlegare var det tre lisensar: LA, LB og LC. Den siste gav berre tilgang på HF-bandet, som berre rekk så langt det er fri sikt. Den klassa var for dei som ikkje meistra eller ikkje gadd lære seg morse. Så var det LB, som var for dei som var meistra morse på nokolunde dugeleg vis, og gav rettar på alle band. Men LB-klassa hadde ei grense for effekten på sendaren. Til slutt var det LA, klassen for dei morseflinke, der det vart kravd minst 60 morsebokstavar kring 300 prikkar og strekar i minuttet. Denne klassa gav alle rettar. Men for å redde den truga radioamatør-rasa, vart alle LC-lisensar gjort om til LA i sommar. LB-ane får velje om dei vil skifte til LA eller halde fram som LB: Dei er nemleg så sjeldne at dei er samleobjekt.
Og dermed er vi over på ein annan snodig side ved radioamatørane: For mange er radioamatørisme ein form for samlemani: Dei som har snakka saman sender nemleg QSL-kort til kvarandre ein slags blanding av visittkort og postkort for å dokumentere samtalen. Og som i alle andre samlehobbyar gjeld det å ha sjeldne objekt. For radioamatørane er det om å gjere å ha QSL-kort frå små og framande plassar, og frå amatørar med særeigne bokstavkombinasjonar. Sidan det ikkje finst meir enn snautt 300 LB-arar i verda (alle i Norge; det er ein norsk signatur) er dei ettertrakta samtalepartnarar og vert føretrekt av andre sjeldne signaturar.
Når det gjeld uvande plassar, er Oddmund Barmen nøgd med å ha vore i kontakt med til dømes Falklandsøyane og Guernsey. Motsett vart LB8VE Dag Håkon Selnes rend ned av radioamatørar frå heile verda då han nyleg ok med seg mobilt utstyr og sende frå den vesle øya Sekken. Han ordna særskild QSL-kort med Sekken-motiv, og har sendt av garde 1999 kort over heile verda. LB-signatuen til Selnes gjer sjølvsagt desse korta dobbelt ettertrakta.
Men det er ikkje alltid så lett å rekkje over heile verda: Sendingane rekk lengst når det er mørkt, og om solstrålinga er sterk, rekk dei knappast lenger enn til fingertuppane.
Menn og teknikk
Det er først og fremst teknikken som er fascinasjonen til radioamatørane. Truleg er det derfor det er langt mellom kvinnene i miljøet: Teknikk er av ein eller annan grunn ein mannegreie særskilt viss det vert teknikk berre for teknikken sjølv. Men på radioamatørtreffet på Sylte i helga, var det i alle fall ei kvinne, og det finst ei og anna rundt på eteren. Og dei som finst, vert lagt merke til: Kven har ikkje snakka med Magnhild frå Bergen eller Bjarthild frå Vanylven. Men det er lenge sidan vi har høyrt frå nokon av dei to, legg Morten Arnesen til.
Sidan dette ikkje skal vere nokon teknisk artikkel, og ikkje minst sidan eg uansett ikkje anar kva dette dreier seg om, tar vi ikkje med meir enn følgjande naudsynte informasjon: Dei utgåande antenneleidningene frå ein stigefeeder-antenne to antenneleidningar som vert halde frå kvarandre med jamn avstand må vere nøyaktig dobbelt så lange som sjølve stigefeederen. Dessutan må dei kortsluttast (av eit «egg») minst to meter over bakken: Det kan vere ekstremt kraftig effekt i endene av antenneleidningane, så ein må sjå til at ikkje nokon rekk i dei.
Muritunet
På Muritunet finst det faktisk ein eiga radioamatørsendar. Den kom etter at Oddmund Barmen fekk slag og vart pasient der. Den gode vennen Pan Fish-Arne Nore lurte på kva han kunne gjere for Barmen og svaret var: Om du kjøper ein radiosendar til Muritunet, vil det gle meg meir enn noko anna.
Nore kjøpte sendar, og sidan har alle pasientar med radioamatørlisens fått låne utstyret.
Men då det vart pussa opp, dekka dei til alt unnateke sendaren. Den vart full i støv og heilt øydelagd. Men Muritunet tok ansvaret og kjøpte flunkande nytt utstyr, fortel Barmen.
Sendaren på Muritunet har ei heilt eiga signatur, og alle som låner utstyret må nytte denne signaturen: LA1MTV. Amatørradiotreffen fekk låne signaturen gjennom heile helga, noko som mellom anna fører til at ein haug QSL-kort med reklame for Muritunet no skal sendast ut i heile verda. Og då er det kan hende tid for å forklare overskrifta. Den tyder «Seek You, Seek You, Dette Er: LA1 Muritunets Venner. |
|