Slutt på butikken

Liabygda Dagligvarer skal stengjast for godt. Storfjordnytt har prøvd å samle nokre trådar av butikkhistoria i bygda.
25. september 2003
Kenneth Strømsøy
Gjertrud Lied stengjer butikken.
For å få butikkhistoria i Liabygda til å hengje i hop, har eg snakka med Gjertrud Lied, Alf Ringset, Ottar Overå og Sindre Ringset.
Den første butikken i Liabygda var på loftet i Øggardsnaustet, det naustet som ligg ytst av dei gamle nausta nede ved Liakaia. I 1917 flytta Buda-Nils butikken litt lenger opp i bakken, der han brann ned i 1925. Etter brannen drog Buda-Nils (eller Nils Overå) til Sjøholt, der han starta Sjøholt Hotell. Tuftene etter butikken står framleis.
Den neste som dreiv butikk i Lia-bygda var Martinus Ringset (bestefaren til Sindre) som tok til på loftet heime hos seg sjølv i 1927. I 1937 sette han opp ein butikk i skiftet mellom vegen til Ringset og vegen til Lied. Seinare vart butikken påbygd med ei ekstra høgd, der Genial Møbler flytte inn. Med tida fekk Martinus Ringset trong for meir plass, og flytte butikken rett over vegen, vegg i vegg med internatet til trevarefabrikken. Internatet og butikken stod til 1969, då det heile brann ned.
I eit par periodar var det til og med to butikkar i Liabygda: På byrjinga av 1920-talet, nokre år før butikken til Buda-Nils brann ned, dreiv Brattlid-Ole butikk i Brattlid, og nokre år kring 1960 dreiv Gerd Ytterdal butikk i Liabakkane.
I åra før brannen hadde Arne Ringset, sonen til Martinus (og onkel til Sindre) teke over butikken. Etter brannen dreiv han vidare i kjellaren i ungdomshuset, medan han bygde opp butikklokalet på Lied. Der opna han eit par år seinare. I 1975 vart butikken overteken av Gjertrud Lied og eldste sonen, Jostein. Litt seinare kom ein annan son, Kjartan med i drifta, men det meste av tida har det vore Gjertrud og kona til Kjartan, Ann Kristin, som har drive her.
Gjertrud Lied fortel at den første sommaren var ei veldig god tid for butikken. Ein var i ferd med å gjere ferdig vegen og tunnelane til Valldal, og vegarbeidarane var flittige handlegjestar. Åra fram mot 1979 var heller ikkje verst. Men dette året vart vegen og tun-nelen ned til Gravaneset ferdig, og kort etter opna riksvegen der han går i dag. Dermed var det slutt på gjennomgangs-trafikken forbi butikken, og talet på dei som handla tok til å gå nedover.
Dei siste fire åra har Gjertrud Lied varsla fleire gonger at ho vil stengje. Det har vore halde minst tre folkemøte om butikken, og ho har i det lengste vona at nokon andre skulle ta over. Men ingen har dukka opp, og det står berre att å få seld ut varene.
I 2003 er det ikkje lenger trong for ein einaste butikk i Liabygda. No er det slutt.