Breibandsplanen er klar

I dag, onsdag, legg TK Breiband ein plan om breiband fram for Norddal kommune. Om kommunen går inn for planen, vert det breiband til alle dei fem bygdene.
1. oktober 2003
Kenneth Strømsøy
Breibandsplanen er klar. No er det heile opp til politikarane. (Arkivmontasje: Alfred Nilsen.)
Enno er det ingen private som er knytte til breiband i Norddal kommune. Kommuneadmini-
strasjonen og Muritunet har fått såkalla SHDSL, medan ADSL til private i Sylte-området skal vere rett rundt hjørnet, hevdar Harald Nøstdal, som er marknadsansvarleg i Mimer.
Breiband til resten av bygdene ligg i planen som vert lagt fram for kommunen i dag, fortel Frode Siem i TK Breiband, som vart eineeigar av Mimer frå 1. september.
Den tekniske løysinga er ein kombinasjon av DSL-teknologi og radioliner. I den økonomiske delen av planen ligg det ei eller annan form for deling av utbyggingskostnadene med kommunen. Rådmann Kjell-Roar Henriksen trur eit særskiltd drifts- og/eller eigarselskap vil vere mest eigna, men presiserer at heller ikkje han har fått sjå planen før møtet i Ålesund i dag.
Om kommunen vedtek å gå inn for planen under budsjett-
handsaminga i haust, kan dei første privatpersonane utanfor sentrumsområdet få breiband om to til tre månader. Etter det Frode Siem seier, kan det godt hende Tafjord vert første bygdelaget som får breiband utafor Valldal, men dette er ikkje avgjort. Det er ikkje lagt planar om utbygging i Tafjord på sida av planane som gjeld heile kommunen.
Bakgrunnen for at Mimer allereie no kan tilby breiband på Sylte og nokre kilometer framover i Valldalen, er dei to store SHDSL-kundane. Desse er med å gjere det kommersielt mogleg å tilby breiband til småverksemder og private i området. Årsaka til at det enno ikkje er nokon her som har fått ADSL-tilknyting, skal vere vanskar med nettet til Telenor:
– Mange stader har det vorte nytta meir og mindre kreative løysingar for å gje telefoni til alle. Dessverre viser det seg at sjølv om løysingane er eigna til det opphavlege føremålet – å snakke i telefonen – er dei ikkje alltid eigna til annan bruk, som til dømes å overføre data med ADSL-teknologien, seier Harald Nøstdal. Telenor er berre pålagd å syte for telefoni til alle, og er ikkje plikta til å skifte ut dei delane av nettet som ikkje høver til andre formål.
Dei fleste vanskane skal likevel vere løyste med om-
koplingar. Dei aller fleste som er knytte til Sylte-sentralen, samt ein god del av dei som er knytte til Valldal-sentralen, skal derfor kunne få breiband om svært kort tid.