Nåler som balanserer

Ove Årdal har opna klinikk for akupunktur og fysioterapi i Stordal. Lista er lang for kva
tilstandar han kan behandle med nålene.
1. oktober 2003
Ingrun Myklebust
Ove Årdal har hatt lege, homøopat og akupunktør Bernt Rognlien frå TV-2 som ein av lærarane sine.
Med raske rørsler tel han seg nedover ryggrada til klient Roiy Hellel. Enkelte stader stikk han inn ei nål før han går vidare. Etter kvart har Roiy fått ei samling nåler på kvar side av ryggrada, og slik skal han liggje i 20 minutt. Innimellom kjem akupunktøren og vrir på nålene, for å få maksimal effekt. Roiy skildrar kjensla som om nåla treff ein indre ballong som ho trykkjer mot. Behandlinga kjennest i kroppen i fleire timar etterpå.
Ove Årdal seier at kroppen er meint å skulle reparere seg sjølv. Sår gror og bein veks saman att i ein kropp som fung-
erer. Når det oppstår ubalanse, klarer han ikkje å ordne opp på eiga hand. Akupunkturpunkta vert brukte for å hjelpe kroppen å skape balanse slik at han kan reparere seg sjølv.
For å finne ut kva som feiler ein pasient, nyttar Årdal gjerne pulsdiagnostikk eller tungediagnostikk, i tillegg til å sjå etter karaktertrekk. Dette er hjelpemiddel som kan utfylle det pasienten sjølv fortel om plagene sine. Det er viktig å finne kvar ubalansen ligg. Om det ein dag kjem fem pasientar og klagar over vondt i magen, kan det vere fem heilt forskjellige behandlingar som skal til.
– Det kan bli ein reaksjon til det verre etter behandlinga, før tilstanden blir betre, seier Ove Årdal, og hevdar det viktigaste er at det skjer ei forandring. Det tyder på at kroppen jobbar med saka.
– Ein kan bruke akupunktur til veldig mykje. Somme er meir mottakelege for det enn andre. Mange trur det er nok med ei til to behandlingar, men som regel krevst det meir. Innan fysio-
terapi får ein gjerne henvisning til mange konsultasjonar. Slik er det med akupunktur også. Om ein har ei kronisk liding, må ein forvente ein del behandlingar. Ved akutte tilfelle, som ved akutt senebetennelse, er det kun få behandlingar som skal til.
Årdal deler tida si mellom Sykkylven og Stordal. I Stordal er han tre dagar i veka i lokala til Stordal fysikalske institutt. Ellers driv han Sykkylven Akupunkturklinikk. Det viser seg at det er stor interesse for tilbodet. Dei som før har måtta reise langt for å få akupunktur, kan no få det nært. Årdal trur også det er viktig at han har helse-
fagleg bakgrunn, med ei 3,5 års akupunktur-utdanning bak seg på ein skule som krev dette. Han fortel det finst aktørar i marknaden som har både kortare og lengre utdanning innan feltet.