|
|
Eg er den einaste hytteeigaren her i hyttefeltet som har ei avløpsløysing som er godkjend for innlagt vatn og vassklosett, seier Kjell Gjerde.
Gjerde har kjempa i nærare 20 år for å få ei godkjenning til å leggje inn vatn på hytta. For fire-fem år sidan la han fram den løysinga han no har sett opp, og i haust kom endeleg godkjenninga frå Fylkesmannen. Dermed var det heller ikkje noko problem for Norddal kommune å gå god for løysinga. Kommunen har nemleg opna for å leggje inn vatn på hytta dersom avløpsløysingane held mål.
Svenskepatenten er i grunnen veldig enkelt: Ein separator vert kopla til eit heilt vanleg vassklosett, og ved hjelp av sentripetalkrafta vert det våte skilt frå det tørre. Tørrstoffet avføring og toalettpapir går ned i eit biokammer, der det vert omdanna til jord. Det våte urin og vatn går vidare til infiltrasjon. Ein kan òg kople til ein boks som desinfiserer urinen med ultrafiolett stråling, men dersom infiltrasjonen er god, er ikkje dette naudsynt, etter krava som Fylkesmannen legg til grunn.
Før væska når fram til infiltrasjonen, vert ho blanda med avløpet frå bad og kjøken. Hos Kjell Gjerde går det heile vidare til ein svenskpatentert tokammertank, der matrestar og liknande får søkkje til botnen. Resten flyt vidare til ein for-
delingsbrønn, og vert fordelt til tre ulike infiltrasjonsrør, kvar på kring åtte meter. I fordelingsbrønnen kan Gjerde sjølv styre kor mykje vatn som skal inn på kvart rør.
Kjell Gjerde fortel at heile løysinga er svært enkel å setje i hop og halde ved like: Han har valt eit ganske stort, firkamra biokammer, men dette trengst ikkje å tømmast før biomassen er ferdig omdanna til jord etter fire år. For dei som ikkje bruker hytta så mykje, finst det òg mindre og rimelegare løysingar,
men desse må tømmast før nedbrytingsprosessen er fullført. Når det gjeld det svenske tokammersystemet som skil ut faste partiklar frå oppvasken, er dette mykje mindre og greiare å frakte på plass enn tradisjonelle trekammersystem.
Det er òg mogleg å få ekstrautstyr til avløpssystemet som gjer at vatnet som kjem ut, er så reint at det kan drikkast. Men Kjell Gjerde er meir enn nøgd med at frukttrea stortrivst ved enden av infiltrasjonsrøyra. |
|
|
|
|
God løysing
Kjell Gjerde er godt nøgd med støtta han har fått frå sakshand-
samar Elisabeth Mansfield i Norddal kommune. Sjølv om Mansfield ikkje lenger arbeider med separate avløpssystem, syntest ho prosjektet til Gjerde var så interessant at ho valde å følgje det opp til han var i mål med godkjenninga. Mansfield seier Kjell Gjerde har funne ei svært god løysing, og rår gjerne andre til å velje tilsvarande opplegg.
Hytta ligg i eit område som er vanskeleg å infiltrere. Ein må velje riktig måte å ta hand om avløpsvatnet før infiltreringa, og særskilt med vassklosett er dette vanskeleg. Men løysinga som Kjell Gjerde har valt, fungerer svært godt, meiner ho.
Elisabeth Mansfield fortel at mange grunneigarar ikkje har tillate hytteeigarane å leggje inn vatn, sjølv om kommunen har opna for dette når løysingane er gode nok. Mansfield meiner uviljen til grunneigarane har ført til at mange hytteeigarar har teke seg til rette, og har sett opp avløpsløysingar som fører til mykje forureining. Mellom anna er det mange som trur at det ikkje er noko problem å late dusjvatnet gå ut i naturen, men vatnet frå dusjen er faktisk svært forureina, forklarer ho. Dusj som er basert på fotpumping er derimot greitt; her er det normalt langt mindre mengder vatn som vert brukt.
Sjølv om Mansfield er svært positiv til løysinga til Gjerde, nøler ho likevel ikkje med å tilrå bruk av utedo: Eg har full forståing for dei som vil ha meir moderne og komfortable løysingar, men det er ikkje tvil om at utedo er det som forureinar minst, seier ho.
Ei løysing som Mansfield ikkje vil tilrå, er tette tankar:
Vanleg slamavløp med infiltrasjon er langt betre enn tette tankar. Sjølv om ein har meldt inn tankane og fått dei med på den tvungne tømminga, er det uråd å vite når dei er fulle. Når dei så brått vert fulle ein dag, er det mange som steller i stand forureinande og ulovlege overløpsløysingar. Eg har sjølv sett fleire slike, fortel ho.
Eit siste moment Elisabeth Mansfield meiner folk må tenkje på når dei steller i stand avløpsløysingar, er at dei ikkje vel kven som helst med sertifikat for slikt arbeid, men finn ein seriøs person som er medviten om kva han driv med. |
|
|