Borna opna vegen på Rønneberg |
||||||||
![]() |
Ei av Busengdal sine gravemaskiner var feste for snora som skulle klippast. Gleda var å spore på alle fjes då ivrige barnehender styrte saksa som kutta snora og markerte opninga av ny Rønnebergveg. | |||||||
|
||||||||
| Ordførar Arne Sandnes var godt hjelpt av borna under snorklippinga. | ||||||||
| Det vart syttande mai og julekveld på ein gong på den forblåste bakketoppen med utsikt nedover nyvegen på Rønneberg onsdag. Flagga var oppe på alle stenger, latteren sat laust, og blomsteroverrekkinga ville ingen ende ta. Fire born frå bygda sette an tonen og song som opning. Byggeleiar Bjørn Relling leia dei som var part i vegbygginga og andre gjennom blomsteroverrekking, talar og helsingar. Ole Jakob Overå frå entreprenøren Busengdal sa det hadde vore både ei glede og utfordring å vere med å byggje vegen. Han ga honnør til folket på Rønneberg som hadde teke så godt imot vegarbeidarane. Inger Johanne Tafjord frå teknisk hovudutval tok imot spaden han hadde med seg, og ho overrekte han igjen til ordførar Arne Sandnes. Det er all grunn til å flagge, å bygge denne vegen har det vore snakka om i generasjonar, det har vore eit langt og smertefullt svangerskap. No har vi fått ein velskapt arving, sa ordføraren. Han fortalde vidare at fire til fem kommunestyre hadde hatt vegen som sak. Traseen som hadde blitt valt trudde han er ei god løysing, sjølv om mange utanfrå stussa då dei fekk høyre at kommunen hadde brukt 10-11 millionar på ein kommunal veg. Sandnes sa han såg på dette som ei investering for framtida og meinte Rønnebergvegen no blir ein panoramaveg og eit aktivum for Eidsdal. Arne Sandnes tok etter kvart like godt fram neverluren sin og støytte tre støyt for at vegen no var opna, at det var slutt på debatten om traseval, og ein tredje tone for å blåse liv i bygda. Overå formidla blomsterhelsing til Øystein Klempe i planavdelinga. Frode Rønneberg som representant for grendafolket tok ordet etter også å ha fått overrekt ein bukett frå entreprenøren. Vi føler oss verdsett, 10-12 millionar kroner er på sin plass. Og når det kjem blomster i vegkanten her, skal Busengdal få seg ein bukett sa han. Destinasjon Geiranger-Trollstigen ved Ove Skylstad overrekte blomster til Norddal kommune. Skylstad sa at vegen opna for nye ting og han håpte landbruk og reiseliv kan leve hand i hand i dette området. Då snora endeleg vart klipt, fekk borna ei sentral rolle. Saman med ordføraren heldt dei eit tak i den svære hekksaksa. Med jubel vart snora klipt over og vegen opna. Det var mange som fann vegen opp til det gamle skulehuset på Rønneberg etter snor- klippinga. Eit varmt rom med kaker, kaffi, saft og roser gjorde seg etter opningsseremonien ute i kald oktoberluft. Fleire hadde ei meining om kva den nye vegen vil innebere: Det blir ein fantastisk akeveg, sa Merete Løvoll Vi ser fram til å få mykje besøk vintersdag no, sa Gunhild Lillebostad. Den gamle vegen har sett ein stoppar for dette. Vi slepp trafikken rett gjennom garden. Som Ove Skylstad sa, nyvegen vil føre til ein auke i trafikken, og sikkert vere til fordel for dei som vil satse på turisme, meinte Torill Karin Kleiva. Den nye vegen vil bety veldig mykje. Han vil gjere ting lettare både for tilfeldig reisande og for dei som veit kvar dei skal. Han opnar mulegheiter for å satse på turisme, mulegheiter som ikkje har vore her siste åra, konkluderte Jan Olav Hesthaug. |
||||||||