Nederlendarane kjem |
||||||||
![]() |
Om eit par veker kjem den første nederlandske familien til Stordal. Utpå vinteren kjem to familiar til, og til våren og sommaren er det venta endå tre, fortel Gert Rietman. | |||||||
|
||||||||
| Stordal camping vert seld til to nederlandske familiar. Dei skal pusse opp og utvide, og kiosken skal drivast heile året. (Arkivbilde av Bjørg Hjelmseth i kioskdøra.) | ||||||||
| Dei første nederlendarane som Gert Rietman og verksemda Placement har rekruttert til Stordal, er ein snikkarfamilie. Familien har hatt ei snikkarverksemd med fire-fem tilsette i Nederland, men har selt denne og vil no starte opp i Stordal. I starten vert det eit enkeltmannsføretak, men planen er ei gradvis utviding av verksemda. Bustadspørsmålet er i hamn; dei har kjøpt ein nedlagd gard av Peder Stavdal Vikenes. Garden må pussast ein del opp, og innflyttinga vert ein gong til neste år. Fram til den tid skal dei leige eit kjellarhusvære i Stordal sentrum.
Dei neste nederlendarane i kjømda, er to familiar på til saman fire vaksne og fire barn, som skal kjøpe og drive Stordal camping. Dei skal pusse opp, oppgradere og utvide campingen, og kiosken har dei tenkt å drive heile året. Attåt campingdrift vil dei drive med ymse anna. Den eine kvinna er faglært helsearbeidar og den andre har òg røynsle frå helse- Utpå våren eller eller sommaren er det venta endå tre familiar. Dei har tenkt å starte opp verksemder for høvesvis bruktbilimport og limousinutleige, reklamebyrå og skanning og digitali- Dette er med på å lette etableringa og syner nederlendarane at dei er svært velkomne i bygda, seier han. |
||||||||