Berre glade menneske

Om ein måler i talet på glade andlet, vart det ein særs vellukka dansegalla i Stordalshallen på laurdag.

29. oktober 2003
Kenneth Strømsøy
Signe & Thomas kom frå Vestnes – nei, Tomrefjorden, skriv Tomrefjorden! – for å sjå Vassendgutane.
Det var nok eit bra sjakktrekk å starte dansegallaen med Fredrik Knudsen: Då Vassendgutane kom på scena, var allereie eit par hundre av andleta glade og oppglødde av stand-up-komikaren. Attpå kom alle dei forventningsfulle ungdomane som ikkje hadde teke seg bryet med å betale for middelalder-humor.

Påskeøl
Det ser ut som Vassendgutane har fått ein solid tilheng-
arskare i fylket, og fleire ungdomar hadde teke med seg cowboyhatten langvegsfrå. Musikksjangeren var ei form for opprocka country, ein eller annan stad i fotefara til Hellbillies, utan samanlikning elles. Når det gjeld tekstane, var lyden for dårleg til at dei var heilt enkle å få med seg. Men det eg registrerte, høyrde heime ein stad mellom DDE og Luxus Leverpostei. Ein av melodiane handla om påskeøl, om ikkje øyro svikta meg heilt.
Vassendgutane fekk brukbart med folk på danse-
golvet, men det var først då Gunnar Fjeldseth Band tok til å spele at det vart skikkeleg trongt om plassen. Gruppa vert rekna å høyre til i den norske elite-
divisjonen for danseband, og har vunne dansebandmelodikonkurransen til NRK dei tre siste åra. For ein som ikkje soknar til dansebandlauget var det likevel vanskeleg å skilje Gunnar Fjeldseth Band frå andre grupper i same sjanger. Det var enkle melodiar og endå enklare tekstar, og dansebandfolket laut til å kose seg aldeles storveges.
Nokre unge ungdomar rava ikring tidleg på kvelden og såg ut til å vere monaleg fullare enn dei burde vere, men elles såg det stort sett ut til at alkoholen vart innteken på meir eller mindre kontrollert vis på tidlegkvelden.

Rånarane
På utsida av hallen inntok rånarane styrkedrikkane sine i meir eller mindre lovlege doningar. Ein gjeng frå Ålesund hadde samla seg i ein velutstyrt og staseleg Volvo 940. Ikkje alt utstyret og utbetringane var heilt som politiet vil ha det, så eg tek berre med det lovlege: Sølvfarga girhandtak til 700 kroner, miniratt med ein diameter på 20 centimeter eller så, stereoanlegg med dundrebass og ikkje minst eit sneis wunderbaum-juletre, der ikkje alle hadde same lukta.
– Rånarane er ein truga rase, fekk vi vite av han som eig bilen, den stolte rånaren Robert frå Ålesund. – Politiet jagar oss og tek bilane våre heile tida, så dei unge vert skremde vekk frå miljøet, fortel han. Ekte rånar-
utstyr som ikkje fell politiet i hug, er mellom anna sota vindauge og tusenmeterlys i grillen. Slikt høyrer med til kulturen, men det skjønar visst ikkje politiet.
– Det politiet ikkje tenkjer på, er at rånarane ikkje berre burnar og drikk mykje alkohol, vi har òg eit godt samhald og driv med mykje som er positivt, som mekking og slikt, seier Robert.
Robert vil gjerne ha bladfyken med på ei skikkeleg rånerunde i Ålesund ein gong gjengen er edru. – Det skulle eg gjerne gjort, seier eg, men eg kjem frå Storfjordnytt, og då må de helst ha med nokre rånarar frå Stordal eller Valldal.
Stordals- og valldalsrånarar er visst vanskelege å finne, så eg vert i staden invitert til å ta bilete av ei burning. Eg seier ja, dersom dei har ein edru sjåfør. Det har dei.

Kliss, klass
Det går mot midnatt. Vassendgutane har spelt eitt sett til, og Gunnar Fjeldseth Band er attende på scena. Stemninga er høg, og dei overfulle ungdomane er ikkje lenger å sjå. Danseparketten er full av folk, og heile golvet er klissete av øl. Eg tek kvelden.