|
|
Det nye formannskapet i Norddal: Frå venstre Merete Løvoll Rønneberg (Sp) med Sigurd på arma, ordførar Arne Sandnes (Sp), rådmann Kjell Roar Henriksen, Signe Brenna (Nl), Magne Almstad (Frp), Oddfrid Tafjord (KrF), Paul Fredriksen (Ap) og Svein Linge (Al). |
|
|
|
|
|
|
|
|
Signe Brenna (Nl) ville helst at politikarane sjølve skulle kome med sine nedskjeringsforslag. Arne Sandnes (Sp) syntest det ville vere lettare å arbeide utifrå ei liste over tiltak for alle sektorar før ein starta med å skjere ned. Formannskapet gjekk inn for at administrasjonen skal kome med ei liste over detaljsaldering.
Det nyvalde formannskapet i Norddal har så vidt starta pro-
sessen med å få til eit budsjett for 2004. Vel fire millionar kroner skal trekkast inn i høve til årets kommunale drift. Etter forslag frå Signe Brenna gjekk utvalet inn for å ha detaljbudsjettet klart innan utgangen av året, og ikkje la budsjettarbeidet halde fram over nyttår, som det blei gjort i fjor.
Helse
Folk seier ostehøvelprinsippet er ut, refererte Oddfrid Tafjord til kommunetilsette ho hadde snakka med. Ho sa dei tilsette i pleie og omsorg heller vil ha eit lavare inntak av pensjonærar, enn at det skal skjerast meir ned på den daglege drifta. Tafjord meinte vidare at kostra-tala ein ofte brukar som samanlikningsgrunnlag mellom kommunane, ikkje er samanliknbare. Ho viste til at til dømes Vanylven sette inn andre tal enn Norddal, dei ulike kommunane nyttar ulike grunnlag.
Rådmann Kjell-Roar Henriksen sa at samanlikna med andre kommunar har Norddal høg produktitivet innan helse og omsorg. Få kommunar har så mange hjelpetrengande over 90 år som Norddal.
Kultur
Sjølv om også ordføraren var einig i at ein ikkje bør bruke kostra-tala slavisk, viste han til kostra-tal for kultur. I Norddal brukar vi 14.000 kroner per brukar i kulturskulen, sa han. Gjennomsnittet for småkommunar er 9.000 kroner, somme klarer å halde seg på 7.000 per brukar.
Svein Linge (Al) var bestemt på at ein ikkje bør kutte på kultur. Om kulturtilboda forsvann i kommunen, ville dette gjere det mindre attraktivt å bu her.
Arne Sandnes meinte ein har spelerom når det gjeld å setje ned standarden på ein del tenester.
Oppseiingar
Magne Almstad (Frp) lurte på om det vert naudsynt med oppseiingar for å kunne spare 4 millionar kroner på budsjettet neste år. Kjell-Roar Henriksen sa det må oppseiingar til for å kunne spare denne summen.
Det vart vedteke, etter forslag frå Signe Brenna, at dei førebelse budsjettoppsetta som rådmannen delte ut i møtet, skal sendast til alle medlemmane i kommunestyret, slik at dei allereie no kan starte med å setje seg inn i budsjettarbeidet.
|
|
|
|