|
|
Eigentleg ville Hallgeir Hove ta til som fotballpensjonist allereie denne sesongen. Men med stadige hol å fylle på laget, har han vorte ganske så fast påfyll på Kirkebø-graset. Framandt gras, derimot, har han halde seg unna: Harde prioriteringar er kvardagen til einkvar
småbarnsfar, og ungane sigra over bortekampane.
Trass i rolla som naudløysing og (minst) femte far i klubbhuset, har Hove fleire gonger vorte kåra til den beste
spelaren både på stordalslaget og på bana. Det tek han ikkje så tungt:
Det er ein del kvalitetar som ikkje går ut på dato for ein fotballspelar. Om ein har speleforståing og kjenner grensene sine, kan ein få mykje til på fotballbana til ein er godt opp i åra, meiner Hove.
Drillo
Speleforståing har han mellom anna lært av ein viss støvelskodd fotballtrenar.
Frå 1984 til -85 tok Hallgeir Hove mellomfag i idrett ved Idrettshøgskulen i Oslo. Han valde fotball som fordjupingsfag, og til lærar fekk han mellom andre ein pugghest og systemfanatikar som vart kalla Drillo. Den gongen var Drillo ein ganske ukjend mann for verda, endå verda langt frå var ukjend for mannen; eit heilt leksikon av høgder, flatemål og hovudstader fanst på skuldrene hans og endåtil var det plass til både fotballteori
på autistnivå og marxismeteori til husbruk. Og sjølv om foreldra til vesle Egil sikkert trudde det var flatemåla som ville få guten opp og fram i livet, var det fotballgalskapen som skulle gjere Drillo så kjend at han fekk ein pinneis kalla opp etter seg.
Men attende til 1984: Drillo var ein høgst ukjend, men flink og nytenkjande fotball-lærar, og Hallgeir Hove var lærenæm elev:
Det er mange som har misforstått Drillo, meiner Hallgeir Hove. Det er ikkje høge ballar framover som er poenget for han, men å vere god i overgangsperiodar, å kome raskt i angrep når laget får tak i ballen.
Medan han studerte i Oslo, spelte Hallgeir Hove for det lokale fjerde-
divisjonslaget Fossum, og trenaren var ikkje nokon ringare enn Drillo. Hove meiner trenaren gjorde ein dugeleg jobb, og i vårsesongen hadde laget ein uavgjort og resten sigrar. Haustsesongen gjekk ikkje fullt så bra, og Drøbak/Frogn smette framfor Fossum og rykte opp i tredjedivisjon. (Der laget spelte så bra fotball at dei kom seg opp i andredivi-
sjon - som var nest øvste divisjon fram til eliteserien vart innført i 1990.)
Attmed fjerdedivisjonsfotballen (som altså svarer til tredjedivisjon i dag) og fotballstudiane, vart det òg tid til studentfotball. Faktisk vert det halde noregsmeisterskap i studentfotball, og saman med mellom andre Trond Sollied, Kjetil Osvold og Olav Grønningsæter var Hallgeir Hove med å vinne NM for laget til idrettshøgskulen.
Starta på Mo
Men no er vi eigentleg langt framme i karrieren til Hallgeir Hove. Den tok nemleg til med aldersbestemt fotball på den gamle grusbana på Mo. Men det var ikkje berre sjølve fotballspelinga som gav god trening: Vi sykla fram til Mo, og kappsykla heimatt, fortel Hove.
Kirkebø stadion vart opna i 1976, og allereie året etter var 17-åringen Hallgeir Hove med på A-laget til Stordal Idrettslag. Stordal var på veg nedover i divisjonssystemet, og nedturen tok ikkje slutt før laget trefte botn og måtte spele i sjuandedivisjon (altså det som er sjette i dag.). Men i 1977 var ikkje laget kome lenger ned enn til femtedivisjon, og debuten til Hallgeir Hove kom borte mot Volda. Resultatet vart 2-0 til heimelaget.
Sidan debuten for 26 år sidan har Hallgeir Hove passert 380 serie- og cupkampar for SIL. Om ein tek med alle kampane han har spela for andre lag, meiner statistikksamlaren John Øie at han må ha passert 1000 serie- og cupkampar totalt. Det vert (minst) 90.000 minutt eller godt og vel 60 døgn med fotballkampar. Attpå dette kjem ei ruvande mengde privatkampar, stordalscupkamp-
ar og anna meir eller mindre registrert fotball
Militærmeister
Utanbygdskarrieren tok til i 1981. Hallgeir Hove tok idrett grunnfag ved Sjøforsvarets Gymnastikkskole i Bergen, og vart noregsmeister for første gong - i militærfotball, med laget til KNM Harald Hårfagre. Året etter vart det pliktteneste og fjerdedivisjonsfotball i Honningsvåg, før Drillo-året tok til på Idrettshøgskulen i Oslo. Frå 1985 til -87 måtte han gjennom endå to pliktår, og denne gongen hamna han på Fosenhalvøya i Sør-Trøndelag. Atter vart det fjerdedivisjonsfotball, denne gongen med Fævåg IL, der Hallgeir Hove praktiserte drillori som spelande trenar:
Den gongen var det framleis nytt med flat firar og lågt press. Det vanlege var å spele med ein sweeper eller libero som sprang att og fram framfor målvakta, noko som vert sett på som heilt håplaust i dag, fortel Hove.
Etter dei to åra på Fosen var Hallgeir Hove på høgda av karrieren som fotballspelar, og fekk med seg halvannan sesong i andredivisjon (nest høgste divisjon) for Spjelkavik IL. Her spelte han mellom andre saman med Charles Tøsse og Stig Nakken. I arbeidslivet var han lærar i Spjelkavika fram til år 2000, men frå sommaren -89 har han spelt fotball for Stordal IL.
Stordomstida
Med SIL vart Hallgeir Hove med på stordomstida for laget: Laget rykte opp til tredjedivisjon etter 90-sesongen, og allereie første sesongen her fekk laget ein femteplass. Same året spelte òg laget finale i Postsparebankcup.
To bussar med folk drog av garde til finalen i Oslo. Vi spelte mot eit lag som heitte Ivrig, og tapte etter straffekonkurranse, fortel Hove.
Året etter var første og hittil siste gongen Stordal fekk vere med i NM, der laget kom seg til andre runde. Dei næraste åra heldt Stordal fram å spele dugande fotball, og rykte ikkje ned i fjerde divisjon før etter 95-sesongen. Der vart laget verande nokre år, før det no fekk to sesongar i tredje.
Noregsmeisterskapen i innandørsfotball for old boys for to år sidan, var òg ein stor augneblink i fotball-livet til Hallgeir Hove. I finalen slo Stordal eit Brann-lag som var spekka med stjerner frå 80- og langt inn på 90-talet.
Eit meir kuriøst høgdepunkt er ein kamp frå Stordalscup:
Vi vann kampen 9-0, og eg skåra seks av måla tre av dei kom i løpet av to minutt og fjorten sekund! No fekk eg rett nok servert det eine målet av ein annan som kunne skåra sjølv, men det var no spesielt likevel, ler Hove.
Hallgeir Hove roser det gode miljøet i SIL, som han trur har vore viktig for å trekkje gode fotballspelarar frå nabokommunane. Det har vore vanleg å gjere mykje saman utanfor bana, og spesielt på 80- og 90-talet var fotballen samlande i bygda, meiner han.
Veteranen har framleis tenkt å vise seg litt fram på fotballbana. Om A-laget har bruk for han, stiller han nok opp på ein og annan heimekamp til neste år òg. Elles vert det vel helst oldboyslaget som får nytte av fotballdugleiken til Drillo-eleven dei neste tiåra:
Vi har teke fem krinsmeisterskap på rad, og dei skal vi forsvare. Og så satsar vi på å halde oss i cupen heilt til vi møter Rosenborg att, smiler Hallgeir Hove. |
|
|
|