Jentene samla seg til motorsagkurs |
||||||||
![]() |
Fem jenter fekk opplæring i stell og bruk av motorsag i veka som gjekk. | |||||||
|
||||||||
| Deltakarar på kurset i stell og bruk av motorsag var Cathrine Ræder, Else Ragni Yttredal, Marit Rønneberg, Ann-Kristin Lunden og Gertrud Indreeide. Her er dei saman med kursleiar Jostein Dalen. | ||||||||
| Og ifølgje kursdeltakar Marit Rønneberg var kurset vellukka, for det var ein interessert gjeng jenter som møtte. Først var det to kveldar med teori og stell av motorsaga. Det tredje møtet var på dagtid og her fekk kursdeltakarane lære å bruke motorsaga på småskog. I teoridelen lærte dei å file sverd og kjede, dei tok av delar og sette dei saman att for å sjå korleis ting var bygde opp. Kursleiar Jostein Dalen viste dei alt ein må passe på for å arbeide i skogen. Til dømes er det viktig med verneutstyr. Marit Rønneberg har sjølv arbeidd ein del i vedaskogen og er heilt einig i at kjeledress og joggedress ikkje tek tryggleiken godt nok i vare. Ho meiner det kan oppstå situasjonar der ein kan kome til å angre at ein ikkje har investert i dei ekstra tusenlappane som verneutstyret kostar. Etter jul vert det truleg nytt kurs, då med opplæring i å felle større tre. Marit veit at i alle fall tre av jentene som gjekk på kurset kjem til å sage aktivt framover. Sjølv har ho saga ein del før, dette er andre kurset hennar. Det er i alle fall nok småskog å ta av, seier Marit Rønneberg, og meiner at til fleire hender som tar unna, dess meir monnar det. Og så er det så utruleg artig å vere i skogen og sage tre. Det er noko av det kjekkaste ein kan gjere på ein gard, synest ho. På grunn av tryggleiken driv ein med skogshogst på dei stillaste dagane, og arbeider ikkje i vind. Opplevinga vert desto større, når ramma rundt arbeidet er fint vinter- eller vårver. Det var to av jentene som tok initiativ til kurset, og dei fekk råd av Fridjon Døving om å prøve å få til ei rein jentegruppe. På den måten ville dei unngå å bli dominert av mannlege deltakarar som gjerne har meir erfaring. Opphavleg var dei sju påmelde, fem av desse deltok på kurset. |
||||||||