Statistikksamlaren |
||||||||
![]() |
I år har fotballaget til Stordal IL vore 50 år i seriesystemet. Det meste av harde fakta er lagra på datamaskinene til John Øie. | |||||||
| Adelskalender Pdf-fil (476 Kb) |
||||||||
|
||||||||
| Det meste som er verd å vite om fotballaget til Stordal idrettslag, finst på datamaskina til John Øie. Men ein del gammal statistikk ligg framleis på ein 486-maskin utan diskettstasjon. | ||||||||
| Her har eg mellom anna alle lagoppstillingar og målskårarar i alle kampane frå 1953 og fram til i dag, fortel John Øie. I 1986 tok han over statistikkansvaret etter Kåre P. Hove, som hadde halde på heilt sidan Stordal vart meld inn i seriesystemet i 1953. Etter ein brutal sesong i tredjedivisjon, kan Øie trøyste med at det har vore verre før: I år fekk laget fire poeng etter ein siger og ein uavgjort, men i 1966, i det som heitte fjerde- divisjon den gongen, sanka ikkje laget meir enn eitt lite poeng. Stordal gjekk på ti tap på rappen, og fekk det største tapet nokon gong: 12-0 borte mot Brattvåg. Året etter gjekk det ikkje mykje betre, og laget stupte rett i sjettedivisjon. Den største sigeren nokon gong kom mot Guard i serie- avslutninga i 1991. Stordal vann 11-0 heime på Kirkebø stadion, seier Øie. I same kampen tok Charles Tøsse over skåringsrekorden i klubben. Gullåret Historier |
||||||||
| Nokre fakta frå statistikkbanken * Til saman har Stordal skåra 1610 mål, inkludert 38 sjølvmål frå motstandarane. * Det første seriemålet kom i 1953, mot Brattvåg. Målskårar var Karl Busengdal. * Første siger kom borte mot Herd same året. Kampen gjekk på Eggesbønes i Fosna- vågen, og resultatet vart 0-1 til Stordal. * Det laget som Stordal har møtt flest gongar i serie og cup, er Emblem. Laga har møttest til saman 38 gongar, og Stordal har fått 14 sigrar, 13 uavgjorte og 11 tap. * Stordal har aldri tapt ein kamp i Trøndelag. * I ein periode i 70-åra spelte alle dei sju Stavseng-brørne for Stordal, og i eit par kampar var seks av dei på bana til same tid. *Stordal har aldri spelt mot AaFK før dei møtte AaFK 2 i serien i år. Men laga skulle møte kvarandre i «Best på Sunnmøre»-cup i 1989, på Kirkebø-grusen. Men trenaren til Aalesund, ein viss Egil Roger Olsen, nekta å spele på grus, og Stordal gjekk vidare på walkover. * Den beste spelaren nokon gong på Stordal og det er heilt utan tvil, seier John Øie er Jostein Tårn frå Liabygda. Han skåra 70 mål på 119 serie- og cupkampar, men la opp allereie då han var midt i 20-åra. |
||||||||