Idédugnad i Dalsbygda |
||||||||||
![]() |
Planane om å leggje ut deler av prestegards- tomta i Norddal til hyttefelt, kom brått på mange. Sist torsdag vart det halde idédugnad om framtida til bygda. |
|||||||||
|
||||||||||
| Ei av bordgruppene på idédugnaden: Frå venstre: Karl Inge Lilleås, Inge Lilleås, Sigrun K. Lilleås, Olav Melchior og Jon Ytredal. | ||||||||||
| Det var Else Ragni Ytterdal og Petter Melchior som hadde kalla inn til idédugnad på grendahuset i Norddal. Kring 20 menneske møtte. Dei som møtte, vart bedne om å samle seg kring borda, slik at ein kunne få til gruppedisku- sjonar. Gruppene fekk i oppdrag å diskutere kva for ressursar som finst i bygda, og kva tiltak som kan gjerast for å utnytte dei; kva den enkelte kan bidra med til dei ulike tiltaka; korleis det heile kan organiserast; kva problem tiltaka kan føre til; og eventuelle andre innspel i samband med tiltaka. Petter Melchior fortalde først litt om kva som er råd å få til: Dersom vi satsar på eit godt utviklingsprosjekt, er det mogleg å få midlar til å tilsetje tre til fire personar i ein styringsorganisasjon. Midlane kan vi få i eitt til fire år, sa Melchior. Det er sjølvsagt i ikkje råd å planleggje eit heilt utviklingsprosjekt på ein einaste idédugnad, men det kom mange ulike innspel til kva ein kan satse på. Eitt konkret framlegg frå Olav Melchior, var å få til ein vasspark med vasshjul, kvernhus og så vidare. Han peika òg på at same kva bygda kjem fram til, er det viktig at alle er samde, og at ingen motarbeider planane. Av andre idear som kom fram, var mellom anna å leggje til rette for mottak av cruisebåtar i småbåthamna, satse på gardsturisme, samordne gardsdrifta, samordne reiselivssatsinga, få til båtutleige og tilby jaktpakkar med kort, overnatting, guide, mat og så vidare. Jon Ytredal peika på at det var vanskeleg å få til eit utviklingstiltak når bygda manglar både arbeidskraft, kapital og kompetanse. Det vart derfor peika på at det er viktig å arbeide for å få folk til bygda, men Martin Nystad meinte òg at folk må verte flinkare til å dele på det arbeidet som finst. Viss folk er villige til å dele på dei stillingane som gjev fast inntekt, vil fleire få råd og tid til å satse på eigne prosjekt og idear, meinte Nystad. Storfjordnytt måtte forlate idédugnaden før han var i mål, men Petter Melchior fortel at Steget, ved Else Ragni Yttredal, vil ta på seg ein sekretærfunksjon i samband med planlegginga av eit utviklingstiltak. Dersom det til slutt vert satsa på eit godt tiltak, vil Steget få økonomisk kompensasjon for dette arbeidet, elles ikkje. Når Steget har fått betre oversikt over korleis tiltaket kan organiserast og økonomien kan sikrast, vert det kalla inn til eit nytt folkemøte, seier Melchior. |
||||||||||
| Ressursar i bygda Her er nokre av ressursane som vart nemnde på idédugnaden: Folket, vassfall, naturen, hyttefelt, jordbruk, setergrendene, turiststraum like ved, ledige lokale, kulturtilbod (kor, barneteater, idrett mv.), overnatting, servering, badeplassar, gamle naust, godt omdøme og kunnskap om lokal tradi- sjon og produksjon. |
||||||||||