|
|
Salderingsforslaget til administrasjonen som no er offentleg, syner at Fjørå-skulen er sett opp som viktigaste post på sparelista. I følgje budsjettoppsettet
vil ein då spare 600.000 kroner neste år og 1,4 millionar dei påfølgjande tre åra. Totalt er det skissert kutt på 4,9 millionar kroner for 2004. Komande måndag og tysdag skal formannskapet samlast att for å utforme endeleg innstilling til sparing som kommunestyret skal ta stilling til 14 dagar seinare.
Om skulen i Fjørå vert lagt ned, vil dette utgjere tre heile stillingar. Det er også framlegg om å kutte andre stillingar i kommunen, ei innan kultur, ei på servicetorget, 80 prosent aktivitørstilling og ei verk-
semdsleiarstilling innan pleie og omsorg, og reduksjon
av eitt årsverk innan næring/landbruk. I tillegg til dette kjem forslag om ny rektorstruktur, nedlegging av barnehagen i Moa i Valldal og overgang til barnepark i staden for barnehage i Tafjord, med den bemanningsreduksjon desse tiltaka vil medføre.
Tilltsvalde
Med på møtet måndag var
hovudtillitsvalde i kommunen. Etter å ha snakka med rådmannen fekk dei vere med på budsjettdiskusjonen. Bente Håvoll meinte det var viktig at tillitsvalde tok del i møta, sidan kuttframlegget inneber reduksjon i stillingar. Ho var oppteken av den usikre situasjonen til dei tilsette og syntest ein bør utgreie kva konsekvensar som blir av dei stillingane ein tek bort. Tillitsvald Geir Olav Øyen peika på at nedskjeringsforslaga innan skule og barnehage inneber 4-7 stillingar.
Skriftleg
Møtelyden var beden om å kome med skriftlege salderings-
forslag til møtet. Dette var det berre Signe Brenna frå Norddalslista som kunne legge på bordet. Lista gjer mellom anna framlegg om å flytte barnehageavdelinga i Syltemoa i Valldal til skulehuset i Fjørå, dersom skulen skal leggjast ned. Dei vil også styrkje landbruks-
avdelinga for å kunne ta imot nye oppgåver som vil bli pålagt kommunane. Også ordførar Arne Sandnes var ivrig på at det ikkje må skjerast ned på landbruk/næring. Jord- , hytte- og konsesjonssaker er viktige for Norddal, og no kjem naturforvaltning også for fullt, minte han om. Ordføraren ville vere mykje tøffare i bruk av næringsfondet. Ein bør gi meir støtte til nye næringsdrivande og mindre til eksisterande, meinte han.
Aksjonslista vil ha minst 50 prosent stilling som kultursekretær. Svein Linge i Aksjonslista støtta satsing på kultur.
Budsjettforlik
Rådmann Kjell Roar Henriksen opplyser at Norddal kommue får ei netto meirinntekt på om lag 870.000 kroner etter budsjett-
forliket mellom regjeringa og Arbeiderpartiet i helga.
Dette kan gjere at kutta vert mindre. Rådmannen anbefaler imidlertid at ekstrainntektene blir avsette til reserve, i praksis blir det disposisjonsfond, seier han om beløpet.
Vi må ha litt å gå på til sluttsalderinga i budsjettpro-
sessen. I detaljsalderinga kan pengane bli gode å ha. Det kan vere detaljar vi ikkje har fått med, eller at ein ekstraordinær situasjon oppstår seier Henriksen. Han legg til at eventuelle bemanningsreduksjonar truleg ikkje vil skje før langt ut i neste år, ein har arbeidsmiljølova og fristar å halde seg til. Det er viktig å ha reservar i samband med dette.
Når det gjeld salderingsforslaget, opplyser Kjell Roar Henriksen at ein har teke utgangspunkt i lovpålagte og ikkje lovpålagte oppgåver. Ostehøvelmetoden er lagt på hylla. I utgangspunktet vil arbeidsgjevar bruke naturleg avgang og frivillig ordning før oppseiingar. |
|
|
|