|
|
For Ole Johan Vidhammer var det aldri eit spørsmål om han skulle vere fagorganisert. Spørsmålet var heller om han skulle vere organisert til sjøs eller på land.
Eg har vore organisert sidan 1963, då eg melde meg inn i sjømannsforeininga, fortel Vidhammer. Same året flytte han over fjorden til Stordalen, og Johan Helland bad han «ta ein vinter nedved oss, no». Det gjorde han.
Eg var heile tida i tvil om eg kom til å arbeide på sjøen eller på land. Men med kone og planar om å byggje hus, vart det til at eg heldt meg på land. Då vart det òg naturleg at eg søkte meg over i Trearbeiderforbundet, der eg har vore medlem sidan 1968, forklarer han.
Solidaritet
Vidhammer trur oppveksten på ein liten avsidesliggjande gard har hatt ein del å seie for tilhøvet han har til å organisere seg:
Samhald og solidaritet var heilt naudsynt viss vi skulle kunne klare oss på Vidhammer, meiner han.
Men Ole Johan Vidhammer forklarer at dei store fagforeiningskampane i bygda var over då han melde seg inn i foreininga. Den tida han har vore med, har det vore ordna tilhøve på fabrikkane i Stordal.
Johan Helland forresten ein aldeles kjernekar har jo òg sagt at fagorganiseringa var mellom dei gode tinga som hadde hendt verksemda, fortel han.
Alltid Ap
Sidan han kom inn i fagforeiningsarbeidet, har Ole Johan Vidhammer hatt godt med verv. Politikken klarte han heller ikkje å halde seg unna.
Eg har røysta Arbeidarpartiet så lenge eg har hatt røyste-
rett. Det var berre heilt naturleg, det.
Men lokalt har det ikkje alltid vore så lett å røyste Arbeidarpartiet, rett og slett fordi det ikkje fanst partilister. I storkommunetida var det eitt som samla bygda å kome seg fri. I 1971 vart Vidhammer overtala av Johan Helland til å gjere ein innsats i politikken. Han ramla rett inn storkommunestyret, mellom andre saman med Olav Bratland. Men då Stordal fekk eigne bein å stå på i 1976, var det òg tid for Arbeidarpartiet å føte seg. Ole Johan Vidhammer tok initiativ til å stifte Stordal Arbeidarparti, som vart vel motteke i bygda. Frå 1980 til 1987 var Vidhammer ordførar i Stordal.
Likelønn
Heilt fram til no har Vidhammer hatt ei rekkje politiske og fagorganisatoriske verv. Han var mellom anna tillitsmann på Helland Møbler i 12 år, der ei av dei viktigaste oppgåvene var å få kvinnene med i foreininga:
Det var mange kvinner i arbeidslivet i Stordal, men det var ikkje lik løn for likt arbeid. Jentene var dårlegast betalt. Men det kom ei oppvakning med kvinneåret og kvinnetiåret på 70-talet, og det vart gjort ein avtale om at kvinner og menn skulle få lik lønn etter ein liten overgangsperiode, hugsar Vidhammer.
Eit anna minne som sit godt hos Ole Johan Vidhammer, er EF-kampen i -72. Foreininga var svært aktive motstandarar, medan den sentrale leiinga i Trearbeiderforbundet var for:
Sentralleiinga hyra inn korttidssekretærar for å frelse bygdefolket, men foreininga her vedtok at dei ikkje ville snakke med dei.
Fagbrev
Det viktigaste Ole Johan Vidhammer har vore med å bidra til i fagforeininga, er kan hende å gjere det mogleg for dei som allereie var i arbeid, å få ei fagutdanning. Eit auka utdanningsnivå ville auke statusen i yrket, og bidra til å betre rekrutteringa. I 1989 var det over 100 arbeidande stordalingar som gjekk i gang med fagbrev. Vidhammer var ein av dei:
Eg trudde eg kunne leike meg til fagbrevet. Men der bomma eg. Det var ikkje nokon leik i det heile teke. Eg kom gjennom det, og fekk gode
karakterar, men det var hardt arbeid. Eg hugsar mellom anna eg sat og las og pugga på flyplassen i Haugesund, minnest han. Men det var moro òg. Eg hugsar eg hadde mykje glede av å plage litt med intrikate spørsmål, ler han.
Men Ole Johan Vidhammer fekk aldri nytta fagbrevet i industrien. Han vart fylkespolitikar i staden. Utdanninga var likevel ikkje fånyttes.
Nei, eg har hatt mykje nytte av fagbrevet. Vi lærte jo ikkje berre å lage møblar, vi hadde jo òg mellom anna samfunnsfag og helse-, miljø- og samfunnslære. Det er slikt som kjem vel med same kva ein driv med. Dessutan er det no kjekt å vite noko om både automatikk og trykkluftssystem, hevdar han.
Fellesskap
Ole Johan Vidhammer meiner det viktigaste fagforeininga i Stordal har kjempa fram, er ordna arbeidstilhøve og faste lønningar. Men fagforeininga har òg vore viktig for å unngå store konfliktar: Vidhammer seier han ikkje kan hugse ein einaste gong det har vore ein arbeidskonflikt som ikkje kunne løysast anten lokalt eller ved hjelp av det sentrale Trearbeiderforbundet.
Det gir tryggleik å ha eit fagforbund i ryggen. Dei stiller opp når du treng dei. For meg er det likevel det ideologiske som er viktigast: Du vert ein del av eit fellesskap der folk er solidariske med einannan, forklarer Ole Johan Vidhammer. |
|
|