Foreldrerådet i Fjørå går inn for nedlegging

Etter fleire møte har flokken med foreldre teke si avgjerd. Dei vil sjølve tilrå nedlegging av skulen dei har kjempa for i mange år.

26. november 2003
Ingrun Myklebust
Foreldrerådet har teke ei tung avgjerd: Dei vil gå inn for nedlegging av Fjørå skule. Frå venstre: Elin Tafjord Skoge, Erling Ytterlid, Jorun Ytterlid, Wenke Selboskar, Lilliann
Almstad, Mette Hovden og Bente Klakken Osvik.
Det er eit alvorstynga foreldreråd som nyleg har avslutta møtet sitt i Fjørå. Klokka er 22 måndag kveld, dei fleste av tilhøyrarane har gått heim, men dei sju medlemmane som var til stades i rådet er framleis samla i klasserommet.
– Det har vore ei tung avgjerd å ta for foreldra å skulle gå inn for nedlegging. Eigentleg har vi stemt ja til noko vi ikkje vil, seier Elin Skoge. Lillian Almstad forklarer det slik:
– Det er viktig at foreldra gjekk inn for det. Vi som foreldre kan no seie til ungane at vi har vore med på å leggje ned skulen. Vi vil heller fortelje dette til ungane, enn å fortelje at nokre politikarar bestemte det.
Den vesle skulen i Fjørå har vore nedleggingstruga i mange år, og foreldra har kjempa. No innser dei at elevtalet er så lavt, at det vil vere best for borna å flytte ut til Valldal skule. Dei ser dessutan at det vil bli vanskeleg å få til SFO-ordning i Fjørå med elevgrunnlaget som vil bli frå hausten.
Dei vil gjerne at utviklingsarbeidet ved Fjørå skule skal bli vidareført. Det gjeld dataprosjektet og undervisningsmetodane. Dei ynskjer også eit betre skysstilbod der det blir teke omsyn til dei yngste elevane.

– Det må bli ein trygg skuleveg. No blir borna sleppte av ved butikken. Ein seksåring er for liten til det, seier Bente Klakken Osvik.
Foreldra håper at lærarane i Fjørå får halde fram i Valldal, sidan dei har vore så fornøgde med dei. Og sist, men ikkje minst er foreldrerådet interesserte i at elevane frå Fjørå skal kome inn i eit godt miljø på den nye skulen.

Eit fleirtal i foreldrerådet har gått inn for nedlegging, sjølv om dei håper at kommunen ser seg råd til å halde fram. I går fekk formannskapet og kommunen eit brev frå rådet om kva dei har kome fram til. I dette brevet går dei også konkret inn på kva dei ønskjer seg i overgangen til ny skule.
Foreldra som er samla har ikkje stor tru på at valldalingane vil køyre borna sine til Fjørå i ein eventuell ny barnehage der. Dei ser ikkje for seg kva skulen kan bli brukt til, men prøver å vere positive. Akkurat no klarer dei ikkje tenkje på anna enn at det siste samlingspunktet i bygda forsvinn.
– Det har vore mange tårer i denne prosessen, og fleire vil det bli. Det er ikkje med lett hjarte vi gjer dette, seier Lillian Almstad.