Bort frå støy og trengsel

Den første nederlandske familien har slege seg ned i Stordal. Familien van Zwieten og Brauns trur dei vil finne seg til rette mellom Stordalsfjella.

26. november 2003
Kenneth Strømsøy
Centine Brauns og Sander van Zwieten med dottera Fien (14 månader) mellom seg. Sonen Luuk (3 1/2 år) var ute og leikte med naboungane då biletet vart teke.
Nederland er eitt av dei mest folketette områda i heile verda. Landet er berre vel ein tidel av Norge i flatemål, medan det bur nesten fire gonger så mange menneske der. Då er det ikkje så rart at mange nederlendarar drøymer om å flytte ut av trengsla til ein stille stad med frisk luft og god plass. Ekteparet Centine Brauns og Sander van Zwieten var to av drøymarane; no har dei teke med seg dei to borna, Luuk og Fien, og flytta til Stordal.
Utsendingen frå Storfjordnytt vert teke vel i mot i kjellaren til John og Kjersti
Hjelle i Vinjehjellane, der familien førebels har funne seg vel til rette. Særskilt er dei nøgde med den flotte utsikta, men dei kunne godt tenkt seg litt meir plass; ein god del av tinga deira må stå lagra i konteinar.
– Det er berre dei aller, aller rikaste i Nederland som har råd til eit slikt hus, med såpass mykje hage. I Nederland ville nok dette huset kosta 750.000 euro, eller godt og vel seks millionar kroner, fortel Sander van Zwieten.

Kaffi og kjeks
Bladfyken vert traktert med nederlandsk traktekaffi, og overraskar med å ta oppi litt av både sukkeret og mjølkepulveret som er sett fram på bordet.
– Vi fekk høyre at nordmenn berre drikk svart kaffi, ler Centine Brauns.
Vel, den neste koppen drikk eg svart, og merkjer meg at at den nederlandske kaffien ikkje skil seg så mykje frå dei betre av dei norske vakuumpakka merka. Men det er klart, ein veit aldri kva som ventar ute i den store verda: Derfor sytte venene til Centine og Sander for å sende med dei eit solid kolli med nederlandsk kaffi av ymse merke. Men når dei har drukke opp alle dei nederlandske slaga, er det nok god von om at dei skal kunne venje seg til norsk kaffi òg.
Til kaffien vert det servert ein slags mjuk og god kjeks med sirup i midten – ein nederlandsk spesialitet.
– Det er annleis sirup enn de har i Norge, opplyser Centine.

Ønskjer småbruk
Og det er mykje som er annleis: Centine seier ho må smile når ho ser ned på riksvegen og ser kor lite trafikk det er der.
– Vi er begge vaksne opp på gard, og vi kan godt tenkje oss å kjøpe eit lite småbruk ein gong, viss det er mogleg, fortel ho. – I alle fall vil vi ha eit hus med stor hage og uteområde.
Men først må familien leite fram det rette huset, og ikkje minst finne ut om dei verkeleg vil trivast i Stordal. Derfor reknar dei med å leige eit par år, medan dei ser seg om og vert kjende med bygda.
Det viktigaste for familien er å bu ein stad det er godt for borna å vekse opp, og foreldra gler seg over at Luuk kan gå fritt omkring med naboborna. Han har allereie starta i barnehagen, og Centine seier dei merker at han trivst godt, der òg. Vesle Fien (som uttalast omtrent som det norske gutenamnet Finn, men med litt lengre i og kortare n) går ikkje i barnehagen enno; mora meiner det er for tidleg.

Husmor og snikkar
– I Nederland er det mykje meir vanleg å vere husmor enn det er i Norge. Så førebels vil eg vere heime med Fien, men med tida vil eg nok arbeide nokre dagar i veka, kan hende i ein eller annan butikk. Heiltidsarbeid er eg likevel ikkje interessert i, seier Centine.
Både Centine og Sander har bakgrunn
frå butikk. Faren til Sander var grønsakshandlar, og Sander starta eigen grønsaksbutikk allereie då han var 18. Centine arbeidde hos han. Seinare selde dei denne butikken og kjøpte seg ein som var større og låg meir sentralt. Her hadde dei seks tilsette og opptil 2.000 kundar i veka. Med tida gjekk Sander lei av å drive butikk, og då han var 25 år, tok han seg utdanning som snikkar og murar og bygde opp si eiga husbyggarverksemd. Men i Nederland vert det nesten berre bygd mursteinhus, og Sander ville drive med tre. Derfor selde han verksemda etter ti år, og er no klar til å starte ny snikkarverksemd i Stordal. Han har allereie fått to oppdrag, men er klar for langt fleire.

Vakrast i Stordal
– Men, når de ville flytte frå trengsla i Nederland, kvifor valde de å kome til Stordal?
– Vi las om rekrutteringsprosjektet til Gert Rietman i ein landsdekkjande avis, og etterpå gjekk vi inn på heimesida hans på internett. Det var ei veldig profesjonell side, og vi tok kontakt, fortel Centine.
– Først drog eg og bror min til Fyresdal i vår, der det har kome 13 nederlandske familiar den siste tida. Deretter drog vi til Stordal i juli. Eg synst det var endå vakrare her enn i Fyresdal, og då eg kom heim og viste Centine filmen eg hadde teke, bestemte vi oss for å velje Stordal, legg Sander til.
Sjølv om både Centine og Sander trur det er mykje dei vil sakne, som til dømes å kunne dra ein liten time for å gå på konsert med Robbie Williams eller andre storleikar, er dei sikre på at det er mykje anna dei kan gjere i staden.
– Dessutan har vi ikkje lengre dei same behova for å vere med på alt mogleg heile tida, meiner Centine.

Språket
Eit anna problem kunne kan hende vere språket, men det går visst stort sett greitt. Dei skjønar likevel ikkje heilt kvifor ikkje nordmennene har eit sams talespråk. Skriftspråket er derimot ikkje så vanskeleg å lære, i alle fall ikkje for nederlendarar, meiner dei to. Dei siste fire-fem månadene har dei gått på norskkurs, og no forstår dei 60 til 70 prosent av til dømes det som står i Sunnmørsposten, og i alle fall helvta når folk snakkar langsamt og tydeleg. Men det var likevel eitt som ikkje var heilt vellukka med norskkurset:
– Vi lærte berre bokkmål, seier Centine Brauns, og Sander van Zwieten nikkar.