Inn på tunet i fokus |
||||||||
![]() |
Hittil har det vore svært få som har starta «Inn på tunet»-ordningar i Møre og Romsdal. Men gradvis veart det fleire både av dei som tilbyr og dei som kjøper grøn omsorg. | |||||||
|
||||||||
| Else-Karin og Dag Helge Lianes kjøpte gard i Vaksvika for seks år sidan. Her kombinerer dei ei «Inn på tunet-teneste» med foredling av kjøt frå sau, rein og vilt. Dyra på garden er svært viktig i tilbodet deira. Else-Karin kjem opphavleg frå Liabygda, og Dag Helge kjem frå Stordal. | ||||||||
| Landbrukskontoret for Ørskog, Stordal og Skodje har fått 100.000 kroner for å setje i gang eit pilotprosjekt innan «Inn på tunet»-ordninga, som tidlegare vart kalla «Grøn omsorg». I samband med dette vart det stelt til eit informasjonsmøte på Ørskog samfunnshus, der fleire av dei som driv «Inn på tunet»-verksemd i nærområdet fekk fortelje kva dei driv med og korleis dei gjer det. Per Åge Nerhus er gardbrukar på Vestnes, og har bakgrunn som gravemaskinkøyrer. Han tok til med «Inn på tunet»- tenester for seks år sidan. For å få til det tilbodet han ynskte, investerte han ein million kroner i ein ny stall og i eit eigna husvære for ungdom. Dei første åra var vanskelege: Kommunen meinte det var gale viss han skulle tene pengar på omsorga. Men for Nerhus og for heile «Inn på tunet»-ordninga er halve poenget at gardbrukaren skal tene pengar. Dét har Per Åge Nerhus gjort dei siste åra, fortalde han, trass i den vanskelege haldninga til kommunen. I dag har Nerhus mellom anna hatt ein gut frå Molde buande hos seg i eit heilt år. For det får Nerhus betalt husleige og ei halv stilling for kona. Guten kom til Nerhus fordi han hadde ein del vanskar på skulen. Men på garden stortreivst han, og han lærte fort å køyre både traktor og truck. I tillegg til guten som bur fast på garden, er det fleire som kjem ein eller fleire gongar i veka. Det siste halvåret har det mellom anna vore ein gut frå arbeid på bistand på garden, og etter det Nerhus seier, er dette det første prosjektet guten har fungert i. For ei tid attende var det ei jente frå Ålesund på garden. Ho kom frå harde kår, fortalde Nerhus, men no går det bra med ho, og ho har mellom anna vorte mor. Men det er ikkje berre ungdomar som kjem til garden: Ein eldre mann er òg innom ein dag i veka. Han har vore gardbrukar heile livet, men einaste tilbodet han får i daglegstova på heimen der han bur, er å flette korger. Det trivst han ikkje med, og Nerhus merkar kor han livnar til når han i staden får vere med på garden: Det er ikkje så mykje han kan gjere lenger, men han kan sage litt og hjelpe til å halde nokre plankar. Han trivst mykje betre med dét enn å flette korger, meiner Nerhus. |
||||||||