Produserer framleis |
||||||||
![]() |
Dei sit tett i tett rundt langbordet og arbeider med gevinstar som skal utloddast på fredagskafeen. Alternativet ville vere å sitje med hendene i fanget og småsove eller tenkje. | |||||||
|
||||||||
| Johanne Linge får hjelp til å lage gevinstar som skal loddast ut på fredagskafeen. | ||||||||
| Dei er av dei eldste blant oss, men det hindrar dei ikkje frå å ha meiningar om politiske prioriteringar. Planen til formann- skapet om å kutte i aktivitør- stillingane i kommunen har fått blikka til dei eldre til å bli ein tanke skarpare, og samtalen rundt bordet i arbeidsstova til å ta ei ny vending. Dei ser at assistenten som fungerer som aktivitør knapt klarer å kome rundt for å hjelpe alle som treng assistanse. Når ei 100 prosent stilling (som opphavleg var 150 prosent) skal dekkjast opp av ei halv stilling, blir det slik, forklarer Renata Ytterli. Ho har brukt å fordele assistentstillinga si både rundt omkring på romma og i arbeidsstova, men sjukmeldingar gjer at ho akkurat no brukar alle krefter på å halde arbeidsstova i gang. Etter budsjettplanen til formannskapet skal ei halv aktivitørstilling vekk frå Valldal trygde- og sjukeheim, og ei 30 prosent stilling vekk frå Aldersbustad- ane i Eidsdal. Bebuarane i Valldal klarer ikkje heilt å sjå føre seg korleis ei eventuell nedbemanning vil bli. Av- delingsleiar Marit Øvrevoll er tydeleg på kva arbeidsstova har å seie. Dette har ho tidlegare formidla til politikarane: Vi må ha arbeidsstova, viss ikkje må vi tilsetje fleire i pleie. Dersom bebuarane ikkje er her, har dei ikkje noko å ta seg til. Når dei vert sitjande utan å gjere noko, får dei smerter. Det å bli aktivisert får tankane vekk, seier ho. Renata Ytterli legg til at det er ikkje nok å setje ting inn på romma som dei eldre kan halde på med, dei må ha hjelp til å gjere ting. Ut og ned med forslaget Minst eitt møte |
||||||||