Isolaft startar prøveproduksjon

Alt er klart for prøveproduksjon av isolerte laftehytter i Stordal. Dette vart opplyst på ein pressekonferanse i går.

10. desember 2003
Kenneth Strømsøy
Oppfinnar Bjarne Norheim, maskinmakarane Karl Petter Løset og Jan Petter Løset, og maskinteiknar Magne Staurset poserer bak ein isolert lafteknute. (Foto: Kenneth Strømsøy.)
Verksemda Isolaft AS vart skipa 1.desember, og har som mål å kome i gang med produksjon av isolerte laftehytter. No er det klart for prøveproduk-
sjon, og dette skal skje i Stordal, i Stordal Næringshage. Oppfinnar Bjarne Norheim, som eig ein tredjepart av Isolaft AS, fortalde at dei på sikt ønskjer å kome i gang med ei hurtigare industriell framstilling, kalla “extrusion coating”, men dette krev ei investering på 10 millionar kroner. Derfor vil han førebels få til ein manuell prøveproduksjon, der investeringane ikkje ligg på meir enn ein snau halv million kroner.

Samarbeid
Dei viktigaste samarbeidspartnarane for prøveproduksjonen vert Karl Løset og sonen Jan Petter, som skal lage maskinane, Magne Staurset, som har teikna maskinane og Høgskulen i Ålesund, der fleire studentar er involverte i prosjektet. I tillegg kjem mellom anna Spilka-gruppen, som eig to tredeler av Isolaft AS, Stordal Næringshage, som leiger ut areal til prøveproduksjonen, og gammalordførar og nyordførar, Olav Bratland og Charles Tøsse, som bidreg med det dei kan. SND skal òg vere villig til å vere med.

Godord
Bjarne Norheim kom med mange godord om Stordal og stordalingane, og presiserte at Stordal framleis er førstevalet når det eventuelt vert ein kommersiell produksjon. Men først skal marknaden testast for å finne ut om folk er interesserte i dei isolerte laftehyttene.

Hytter
Knut Flakk, som er leiar i Spilka-gruppen, fortalte at målet er å tilby hytter i same prisleie eller som er rimelegare enn hytter frå konkurrentane. Samstundes vil dei isolerte hyttene ha mange fordelar som andre laftehyttar ikkje har: Dei vil ha betre isolasjonsevne, dei vert tette for vind og fukt, straumleidningar kan gøymast inni stokkane og det vert ikkje problem med siging. I tillegg er stokkane svært lette, og hyttene kan produserast som enkle ferdighytter som kan setjast opp på ein dag, eller dei kan leverast som store, luksuriøse hytter.
– Det vert òg mogleg å levere hus i tillegg til hytter. I dag stør ikkje lafta hus kravet til isolasjonsevne, men det vil våre laftehus gjere. Spørsmålet er sjølvsagt om marknaden er interessert i lafta hus, sa Flakk.
Den første prøvehytta vert truleg ferdig på ettersommaren, meinte Bjarne Norheim. Men førebels er det usikkert kvar ho skal setjast opp:
– Det manglar ikkje på tilbod om tomteplass! smilte Norheim.