Heider og ære til mange

Det vart mykje heider og ære under julemiddagen for det gamle og nye kommunestyret, administrasjonen og innbodne gjestar: Kulturprisen og byggjeskikkprisen vart delte ut, og nokre av dei tilsette i kommunen vart heidra for å ha vore i kommunen i både 25 og 30 år.

17. desember 2003
Kenneth Strømsøy
Trufaste mot kommunen. Øyvind Eide (til venstre) har arbeidd 30 år i kommunen, medan Harald Fossheim, Dagrun Lilleås, Nina Grøndahl, Unni Rødven, Oddhild Rødseth og Wenche Berge har 25 år bak seg på same stad.
Kulturprisen 2003 vart delt ut til Astor Furseth, medan ekteparet Kristi Linge Stakkestad og Magne Eivind Glomnes fekk byggjeskikkprisen. Furseth vart heidra for eit breitt og langvarig kulturarbeid, og ordførar Arne Sandnes kalla han både multitalent og arbeidsjarn:
– Astor Furseth held på døgnet rundt. Han er i fullt arbeid, og driv kulturaktivitet på nattes- og kveldstid. Slik lever han i si eiga form for tidsklemme, der han aldri har nok tid til alt han vil gjere, uttalte Sandnes mellom anna.
Til byggjeskikkprisen var det sju kandidatar i år, men etter det Sandnes sa, var Berge-huset på Framgarden på Linge eit enkelt val.
Båe prisane var på 5.000 kroner og eit diplom.
Men det var fleire som skulle heidrast: Øyvind Eide har arbeidd 30 år i kommunen, og seks andre har arbeidd der i 25 år: Harald Fosheim, Dagrun Lilleås, Nina Grøndahl, Unni Rødven, Oddhild Rødseth og Wenche Berge. 25-årsjubilant-
ane fekk 5.000 kroner kvar, medan 30-årsjubilanten fekk nøye seg med 1.500 kroner, sidan han allereie har feira sine første 25 år i kommunen.
Ordførar Arne Sandnes ville òg takke den førre varaordføraren, Oddfrid Tafjord, for framifrå samarbeid, og delte ut ein tinnvase. Denne var maken til to som hadde gått andre vegen tidlegare, berre at han var ørlite lågare, sa han, og la til at han ikkje visste noko finare å gje.
Den siste som vart heidra, var ordføraren sjølv, som fekk lysegul julestjerne av varaordførar Merete Rønneberg.
Ordførar Arne Sandnes fekk julestjerne av varaordførar Merete Rønneberg.
Arne Sandnes deler ut byggjeskikkprisen til Kristi Linge Stakkestad og Magne Eivind Glomnes. I bakgrunnen står leiaren i driftsutvalet, Oddmund Ødegård.
Astor Furseth får kulturprisen av ordførar Arne Sandnes.