Storfjordnytt
Nr. 48 tysdag 23. desember
Julemagasinet (Pdf-fil 1,7MB)
Storfjordnytt
Nr. 47 onsdag 17. desember
Heider og ære til mange
Det vart mykje heider og ære under julemiddagen for det gamle og nye kommunestyret, administrasjonen og innbodne gjestar: Kulturprisen og byggjeskikkprisen vart delte ut, og nokre av dei tilsette i kommunen vart heidra for å ha vore i kommunen i både 25 og 30 år. Les heile saka
Kampen for ei stilling ved SAS
Ved Stordal alders- og sjukeheim har dei gått med ei stilling mindre enn vanleg sidan påske. Dei som arbeider ved institusjonen merkar konsekvensane og vil ha tilbake stillinga. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 46 onsdag 10. desember
Isolaft startar prøveproduksjon
Alt er klart for prøveproduksjon av isolerte laftehytter i Stordal. Dette vart opplyst på ein pressekonferanse i går. Les heile sak
Produserer framleis
Dei sit tett i tett rundt langbordet og arbeider med gevinstar som skal utloddast på fredagskafeen. Alternativet ville vere å sitje med hendene i fanget og småsove eller tenkje. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 45 onsdag 3. desember
Skal vere samsvar mellom arbeidskraft og tenesteyting
I mai gjennomførte Arbeidstilsynet eit tilsyn i open omsorg i Norddal kommune. Konklusjonen var mellom anna manglande samsvar mellom talet på tilsette og dei tenestene som vart ytt: Det mangla folk. Eitt av krava frå Arbeids-
tilsynet var å få samsvar mellom arbeids-
kraft og tenesteyting innan 1. desember. Krava om nye, skriftlege rutinar skal no vere innfridde. Les heile saka
Inn på tunet i fokus
Hittil har det vore svært få som har starta «Inn på tunet»-ordningar i Møre og Romsdal. Men gradvis veart det fleire både av dei som tilbyr og dei som kjøper grøn omsorg. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 44 onsdag 26. november
Foreldrerådet i Fjørå går inn for nedlegging
Etter fleire møte har flokken med foreldre teke si avgjerd. Dei vil sjølve tilrå nedlegging av skulen dei har kjempa for i mange år. Les heile saka
Bort frå støy og trengsel
Den første nederlandske familien har slege seg ned i Stordal. Familien van Zwieten og Brauns trur dei vil finne seg til rette mellom Stordalsfjella. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 43 onsdag 19. november
Framleis med
Å vere fagorganisert er heilt naturleg, meiner Ole Johan Vidhammer. Les heile saka
Fjørå skule står på lista
Ingen i formannskapet kom med vektige merknader mot å leggje ned Fjørå skule under møtet deira måndag. Det ser ut som dette spareforslaget frå rådmannen blir ståande. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 42 onsdag 12. november
Idédugnad i Dalsbygda
Planane om å leggje ut deler av prestegardstomta i Norddal til hyttefelt, kom brått på mange. Sist torsdag vart det halde idédugnad om framtida til bygda. Les heile saka
Statistikksamlaren
I år har fotballaget til Stordal IL vore 50 år i seriesystemet. Det meste av harde fakta er lagra på datamaskinene til John Øie. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 41 onsdag 5. november
Med tru på Drillo
Gjennom dei femti åra Stordal Idrettslag har vore på bana, er det ingen som har spelt så mange fotballkampar for laget som Hallgeir Hove. Les heile saka
Jentene samla seg til motorsagkurs
Fem jenter fekk opplæring i stell og bruk av motorsag i veka som gjekk. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 40 onsdag 29. oktober
Første budsjettdiskusjonen
Stopp i inntak på alders- og sjukeheimar, nedsett standard på søppel og renovasjon, omklassifisering av kommunale vegar. Dette er mellom tiltaka som politikarane vil sjå nærare på for å få balanse i den kommunale drifta. Oppseiingar må til, seier rådmannen. Les heile saka
Berre glade menneske
Om ein måler i talet på glade andlet, vart det ein særs vellukka dansegalla i Stordalshallen på laurdag. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 39 onsdag 22. oktober
Nederlendarane kjem
Om eit par veker kjem den første nederlandske familien til Stordal. Utpå vinteren kjem to familiar til, og til våren og sommaren er det venta endå tre, fortel Gert Rietman. Les heile saka
Merete Løvoll Rønneberg vart varaordførar
Merete Løvoll frå Senterpartiet vart varaordførar i Norddal etter ein for publikum spennande valrunde. Men det viste seg at ein del av partia hadde sett kursen før valet starta. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 38 onsdag 15. oktober
Borna opna vegen på Rønneberg
Ei av Busengdal sine gravemaskiner var feste for snora som skulle klippast. Gleda var å spore på alle fjes då ivrige barnehender styrte saksa som kutta snora og markerte opninga av ny Rønnebergveg. Les heile saka
Ballbinge i mål
Fotballpresident Per Ravn Omdal som fotballdommar blei dagens høgdepunkt i Tafjord under opninga av den nye ballbingen. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 37 onsdag 8. oktober
Miljøvenleg hytteavløp
Kjell Gjerde har innlagt vatn på hytta. Patenten er enkel, svensk og miljøvenleg, og avløpsløysinga er godkjend av både Fylkesmannen og
Norddal kommune. Les meir
31 år som lærar ved Stordal skule
Sist torsdag gjorde rektor og utdanningsforbundet stas på ein av lærarane ved skulen: Ingrid Røren fekk medalje frå Norges Vel for lang og tru teneste ved skulen. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 36 onsdag 1. oktober
Breibandsplanen er klar
I dag, onsdag, legg TK Breiband ein plan om breiband fram for Norddal kommune. Om kommunen går inn for planen, vert det breiband til alle dei fem bygdene. Les heile saka
Nåler som balanserer
Ove Årdal har opna klinikk for akupunktur og fysioterapi i Stordal. Lista er lang for kva tilstandar han kan behandle med nålene. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 35 onsdag 24. september
Tid for å uttale seg
Det vil bli som å setje ei osteklokke over området som skal vernast rundt Geiranger - Herdalen. Her skal tida stå nesten stille. Det vil bli høve til å drive jordbruk som i dag, hus og vegar kan vølast, men det blir stengt for nye inngrep frå menneske. Planen er lagt ut til høyring. Les heile saka
Slutt på butikken
Liabygda Dagligvarer skal stengjast for godt. Storfjordnytt har prøvd å samle nokre trådar av butikkhistoria i bygda. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 34 onsdag 17. september
Arne Sandnes held fram som ordførar
I direktevalet på ordførar, gjekk Arne Sandnes av med sigeren. Dei to nykommerane (Aksjonslista og Norddalslista) tok til saman seks mandat i kommunestyre. Klar siger til Høgre i Stordal. Her kan du lese meire om valet i Norddal og Stordal. Les heile saka
CQCQDE:LA1MTV
Å vere radioamatør er mesta som ei sjuke, seier LA2YMA Morten Arnesen. Eg trur han. Det er ei sjuke som held folk friske. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 33 onsdag 10. september
Mest om skulestruktur, lite om oppvekst
Tema for paneldebatten på Valldal skule var den gode oppvekst i Norddal, men mykje av tida gjekk med til å diskutere skulenedlegging. Les heile saka
Ut av trengsla
Nederland er eitt av dei mest trongbudde landa i verda. Ungdomen vil vekk frå trengsel, støy, køar og kriminalitet, og for nokre vert Stordal den store framtidsdraumen. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 32 onsdag 3. september
Dronninga på nært hald
Vi står og småtrippar oppe i det luftige tårnet på Hotel Union i Geiranger, ein journalist og fotograf frå VG, og Storfjordnytt sin utsende representant. Hotellsenior Karl Mjelva borte ved inngangsdøra har mint oss om at vi må reise oss, han høyrer eit følgje på veg opp trappa. Hennar Majestet Dronning Sonja kjem til syne i døropninga. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 31 onsdag 27. august
Første jordmormarsjen
Den første jordmormarsjen samla 94 menneske. Ikkje alle gjekk heile vegen, men det var heller ikkje meininga. Les heile saka
Dei har sine favorittar
I tillegg til å halde oss til rein politikk i intervjua med liste-
toppar og ordførarkandidatar, har vi også laga ein litt annan vri. Dei har fått nokre spørsmål om kva dei likar. Her finn du svara. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 30 onsdag 20. august
Flaumen raserte
Etter rekordstort regnfall gjekk Valldøla over breiddene sine førre veke. Følgjene vart store skaadar på Valldal Camping, Gudbrandsjuvet Camping og fleire mindre bruer. Les heile saka
Nye førsteklassingar
Måndag var det skulestart for alle skulane i vårt område. Sola lyste opp agen for elevane, og her presenterer vi alle førsteklassane. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 29 onsdag 13. august
Brenn for verdsarv og vern
- Å få verdsarvstatus ser eg på som nesten utelukkande positivt, sa miljøvernminister Børge Brende omgitt av pressefolk på Skageflå. Les heile saka
Olsokfest i kjend sommarstil
Alle var blide då olsok vart feira i Valldal, siste laurdagen i juli. Publikum kosa seg, og arrangørane fekk løn for strevet. Olsokfeiringa lokkar fram godveret, og «full klaff» har for lengst blitt ein tradisjon. Les heile saka
Ei veke på hesteryggen
Eit følgje med fleire islandshestar har gjort unna ein lengre tur, frå Tresfjord til Hjerkinn. Ruta gjekk mellom anna frå Dyrkorn til Pusken og over til Hjellsetra i Valldal. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 28 onsdag 16. juli
Sommarnummer (pdf-fil 3,2 MB)
Storfjordnytt
Nr. 27 onsdag 9. juli
“Alle” ville sjå husflidsmessa
Bruksting, pynteting og eit surr av stemmer. Sveler, kaffi og kjentfolk å prate med. Årets husflidsmesse var som ho skal vere. Les heile saka
Lite pengar, stor semje
Det vart ikkje mykje til diskusjon på det siste kommunestyret i Stordal kommune før sommaren. Korkje rekneskap og årsmeldingar for 2002 eller rapport om økonomistyringa til no i 2003 fekk fart i møtelyden. Men det er mørke skyer i den økonomiske horisonten. Les heile saka
Onsdagspraten
Nyfrelste golfarar
Valldal Golfklubb er fersk og nystarta, men planane for framtida er klare. Bak nyskapningen står eit entusiastisk styre som ser fram til å få med seg mange på golf-kurs. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 26 onsdag 2. juli
Framifrå folkefest
Tunnelopning og Stordalscup gav tre dagar med framifrå folkefest både på Dyrkorn og i Stordal. Det eine høgdepunktet tok over etter det neste, og heile folkefesten enda som ein einaste gigantisk prikk over i-en.
Les heile saka
Oppteken av å hjelpe
Renata Ytterli har opna helse- og velværeklinikk i Hove-bygget i Valldal
Les heile saka
Onsdagspraten
Stordalsjordbær
Dei første jordbæra frå Valldal Grønt kjem frå Stordal. Oddmund Vad på Vad er den einaste jordbærdyrkaren i nærområdet som nyttar drivhus.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 25 onsdag 25. juni
Tradisjona og folkeliv
Etter tredje året på rad har Midtsommardagar i
Dalsbygda vorte ein tradisjon. Også denne gongen vart det eit rikhaldig arrangement med alle ingrediensar. Les meir.
Måtte ta bort hestelorten først
Vi måtte fram ein halvtime før kampen for å ta bort hestelort og kulort frå bana, fortel Peder J O Hove. Les meir.
Onsdagspraten
Opånar i Fjørå
Ei energisk dame omgitt av gode hjelparar skal opne kiosk og etter kvart serveringsbedrift i Fjørå. Les meir.
Storfjordnytt
Nr. 24 onsdag 18. juni
Laksefisket er i gang
Laksefisket i dei lokale elvane starta natt til søndag, og frå klokka 04.00 var fisket i full gang. Det er teke laks både i Valldøla, Norddalselva, Eidsdalselva og Stordalselva. Les meir
Folkefest med fotball
Aldri har så mange møtt fram til svelestopp på Dyrkorn som på laurdag. Så er det heller ikkje kvar dag bygda leverer sveler til megakjendisbryllaupsfølgjet. Les meir
Onsdagspraten
Midtsommargeneralen
Kalenderen viser juni og det er klart for nye Midtsommardagar i Norddal. Det ligg eit stort arbeid bak frå mange frivillege, og Laila Olsen leier troppane. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 23 onsdag 11. juni
På tide med trafikk på langs
Søndag er første dag for den nye turistruta Valldal - Geiranger. Terje Linge synest det er bra at dei reisande får ei ny ferjerute som går på langs av fjorden, som ei motvekt til dei effektive, korte rutene som går på tvers. Les heile saka
Bokskatt på Storheim
Det er mange gamle skattar å finne på Storheim. I ei lita rosemåla kiste har Ottar Storheim teke vare på bøker frå både 1700- og 1800-talet. Les heile saka
Onsdagspraten
Travle campingdagar
Det er full sving på Stordal camping, og dagane vert både lange og travle på gatekjøkenet. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 22 onsdag 4. juni
Levande historie
Det vart trangt om plassen både på dei små markane og i dei bratte bakkane i Me-Åkneset sist søndag. Nærare 1200 personar fekk plass då Storfjordens Venner heldt stemne. Ein ekstra spiss på stemnet sette Elias Gausdal og Einar Lundanes då dei fortalde om då dei budde her. Les meir
Jordbærhausten vert truleg halvert
Etter rekordsesong for jordbærdyrkarane i Valldal i fjor, vert det ein tung nedtur i år. På Valdal har somme mist opp mot 70 prosent av avlinga. Les meir
Onsdagspraten
Heilårsope i Geiranger
Ola i Galleri Geiranger ventar på kundar som er interesserte i handblåst glas, så han har det travelt med å få varene inn frå bilen. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 21 onsdag 28. mai
Galskap eit viktig element
- Det er galskap. Men slik tenkte mange også då nokon ville setje i gang og byggje kraftverk inne i fjella her. Også då var det nokre galne sjeler som hadde mot. Les heile saka
Pustar liv att i Smogehuset
Det har vore produksjon av kaffikverner i huset og mange har budd her. Men no er det familien Blindheim som bur i og pussar opp det store trehuset i Eidsdal sentrum. Les heile saka
Onsdagspraten
Folk kastar for mykje
Folk kastar alt for mykje fine og brukbare ting, synest Trond Omenås. Sjølv har han plukka med seg både det eine og andre frå miljøstasjonen på Grandane. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 20 onsdag 21. mai
Glimt frå 17. mai
17. mai på indre Sunnmøre i bilder. Les heile saka
Historie, sild og sjøuhyre
MK Heland er på rundtur i Storfjorden for å lære skuleelevane om historie og tradisjon frå kysten. Då høyrer det sjølvsagt med nokre riktig gode historier om sjøuhyre. Les heile saka
Onsdagspraten
Fyller opp batteria i Norddalen
Med ein oldefar som kom frå Ivergarden og med alle barndommens somrar i bygda, er det her ho har sitt faste haldepunkt. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 19 onsdag 14. mai
Store planar med mat og drikke
I dag må stordalingane dra langt om dei vil ut og ete og drikke. Men til neste år kan dei ha både kafé, bar og selskapslokale midt i sentrum. kanalar. Les heile saka
På lag med elva
Valldal Elveeigarlag har så langt klart å slå tilbake gyro-parasitten og fått laksen til å kome tilbake til elva i store mengder. Les heile saka
Onsdagspraten
Bunad heile døgnet
Å sy bunader er travelt arbeid før 17. mai. Då er det viktig å trivast med det ein gjer, synst Anita Ringmo.. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 18 onsdag 7. mai
Tafjord ut av satellittskuggen
Frå å ha tilgang til kun ein fjernsynskanal med ein bildekvalitet som ikkje alltid var på topp, har dei fleste i Tafjord fått sylskarpe digitale bilete frå eit utval kanalar. Les heile saka
Gamlelensmannen rundar hundre
Det er tidleg på dag, og Ole Jakob Grønningsæter er allereie godt i gang med Sunnørsposten. Den spreke pensjonisten fylte 100 år i går. Les heile saka
Onsdagspraten
Den flotte skidagen
2. klassingane ved Stordal skule på tur Fokhaugstova. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 17 onsdag 30. april
Åtte misser jobben i Eidsdal
Norddal Industrier har bestemt å seie opp åtte tilsette. Det blir ikkje lenger aktivitet ved saumavdelinga i den tidlegare skjortefabrikken, vidare drift skal skje i nybygget til bedrifta. Les heile saka
Mykje folk, mange timar, mykje pengar
Helselagsbasaren i Stordal trekte folk i år òg, mykje folk, med mykje tolmod og ein god del pengar. Basarinntektene går mellom anna til ungdomshuset og til undervisning om narkotika. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 16 onsdag 23. april
Det enda godt under løebrann på Rønneberg
I går ettermiddag tok det til å brenne i ei eldre driftsbygning på Rønneberg. Heldigvis spreidde ikkje elden seg til verken husa på garden eller gras og skog i nærleiken. Les heile saka
Startar rydding av Trollstigen
Etter at geologar frå vegvesenet har sett nærare på rasstaden frå helikopter, konkluderer dei med at rasfaren her ikkje er større enn andre stader i Trollstigen. Les heile saka
Onsdagspraten
Fugl på veggen og på nettet
Elevane ved Fjørå skule har fuglekasse med innmontert vevskamera på skuleveggen. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 15 tysdag 15. april
Tidenes karafest
Så mange gode revynummer som kara-festen i Eidsdal kunne by på laurdag, må det vere lenge sidan bygdene på indre har fått oppleve… … og i tillegg til alt dette fekk damene ei rose. Les heile saka
Den gamle mannen og fjorden
- Det er Vika som eig ytste Furneset, frå Heggurdelva og utover, seier Sigurd Strøm i det plastbåten med påhengsmotor sig innover fjorden for sakte fart. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 14 onsdag 09. april
Forvalting av hjortevilt
Det har kome nye lover og forskrifter for forvalting av hjorte- og anna vilt dei par siste åra. Derfor hadde Norddal kommune ved viltforvaltinga kalla inn til ope møte, i Eidsdal sist veke og i Valldal i går. Les heile saka
Trivsel skaper næring
Dette er utgangspunktet til velforeininga på Dyrkorn. Ifølgje leiar Elin Parr er det alvorlege tankar bak sveleprosjektet. Les heile saka
Onsdagspraten
Klart for karafest
Dei åtte karane som vart utfordra til å lage revy. Eg går ut frå at vi vart peika ut fordi vi er dei penaste, dyktigaste og mest morosame karane i bygda, seier pressetalsmann Øyvind Eide. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 13 onsdag 02. april
Fem ordførarkandidatar - åtte lister
Ikkje mindre enn fem kandidatar har meldt seg for å tevle om ordførarkjedet i Norddal. Arne Sandnes får mellom anna konkurranse frå førstekandidatane til begge dei to listene som ikkje er tilknytt noko politisk parti. Ved kommunevalet vert det åtte lister å velje mellom. Les heile saka
Kultur og kos
Det var eit rikhaldig program dei kunne by på i Stordal bedehus søndag kveld. Les heile saka
Onsdagspraten
Tankar om politikk
Innimellom arbeidet mellom agurkplantane får han tid til å gjere seg opp ei meining om mange ting, Tore Berdal i Valldal. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 12 onsdag 26. mars
Planar for kaffi og bar
Mange stordalingar saknar ein stad å møtest for å ta ein prat eller ein matbit. Men snart skal saknet stillast: I lokala til Øie Centrum er det planar om pub og kaffibar. Initiativtakarane vonar det vert ein folkepub, med aksjane spreidde over heile kommunen. Les heile saka
Gjerdehald med aukande problem
Færre og færre grunneigarar er dyreeigarar. Dette fører til at rettar og plikter i forhold til gjerding gjev aukande problem. Les heile saka
Onsdagspraten
Med sjøen som lærebok
Tanglopper og krabbar får vere i ro under steinane sine medan borna frå Eidsdal barnehage drikk kakao og et niste. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 11 onsdag 19. mars
Delte meiningar om garanti før flytting
Det er stor vilje for å legge til rette for å byggje spahotell på Murigrandane i Valldal. Før hotellet kan kome opp, må Hove-bygget flyttast. Ikkje alle parti vil krevje garanti for at det skal byggjast hotell før dei vedtek flytting av bygget. Les heile saka
Reint vatn i Eidsdal
Utallege dugnadstimar har vore lagde ned i Ytterdal Nye Vassverk. Etter eitt års drift med berre små innkøyringsproblem, fungerer det nye reinseanlegget som det skal. Les heile saka
Onsdagspraten
Fem jenter i korps
Det er mange jenter i Stordal skulekorps, og Storfjordnytt snakka med fem av dei på 40-årsjubileet til korpset. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 10 onsdag 12. mars
Festar livet til papiret
Under årets kulturmønstring for ungdommar i Valldal, stilte Anne Stine Skoge frå Fjørå med fleire dikt. Den ti år gamle ordkunstnaren er ikkje redd for å dukke ned i djupe tema. Nokre dikt er lagra i minnet, andre er å finne på store ark eller små papirbitar. Les heile saka
Kan verte tverrpolitisk liste i Norddal
Det var ikkje så mange som møtte fram for å finne ut om det er bruk for ei tverrpolitisk liste i Norddal kommune. Listetoppen i Stordal og Norddal. Les heile saka
Onsdagspraten
Slutt på arbeidet
Andreas Relling bur på omsorgsbustaden i Nordal for tida. 80-åringen har eit langt og variert arbeidliv å sjå tilbake på. Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 09 onsdag 5. mars
Direktevalet heng i ein tråd
Dei politiske partia i Norddal arbeider med listene tilkommunestyre- og fylkestingsvalet i haust. For somme går denne prosessen utan problem, andre slit med å kunne stille liste i det heile.
Venstre tek initiativ til ei tverrpolitisk liste. Det er usikkert om det vert meir enn ein ordførarkandidat.
Les heile saka
Heile formannskapet trekkjer seg i Stordal
Den eine etter den andre av dei politiske frontfigurane i Stordal, trekkjer seg frå lokalpolitikken, og det er no klart at heile formannskapet vert skifta ut. Men ikkje berre politikarane trekkjer seg: Det vert òg færre og færre parti å velje mellom.
Les heile saka
Sesongstart i fjordsenteret
Bygdefolket i Geiranger møtte sin lokale kunstnar Jarle Møll med blomster og helsingar laurdag. Det vart markering både av kunstnaren si utstilling i fjordsenteret, og 70-års dagen hans.
Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 08 onsdag 26. februar
Diskuterte neste trekk
Utan å ha så stor erfaring i sjakkspel måtte representantane i Norddal kommunestyre måndag gjere vurderingar om kva brikker som skulle flyttast først for å få til ei god opning i det som etter kvart utviklar seg til å bli spelet om Murigrandane.
Les heile saka
Fole fin årsfest
Revyen under den sjette årsfesten for Stordalshallen vart ein flott framsyning. Det var stor variasjon og breidde i nummera, og det heile var imponerande godt sydd i hop som fjernsynskanalen Røbbane Rundfunk. Stor stas vart det òg for Vebjørn Løfoll, som fekk ikkje mindre enn tre prisar.
Les heile saka
Storfjordnytt
Nr. 07 onsdag 19. februar
Erfaringar frå Sverige
Arbeidet med å setje saman søknaden til UNESCO om verdsarv-status går sin gang. I Geiranger var det informasjonsmøte om prosessen, der tilhøyrarane fekk innblikk i kva statusen har hatt å seie for Södra Öland i Sverige. Les meir
Framover med fortida
Det er freistande å kalle Einar J. Hove for den store trådtrekkjaren i Stordal. Men det er truleg meir rett å seie at han samlar trådane og sender dei vidare. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 06 onsdag 12. februar
Utbyggjarar i kø i Norddal
Det er fleire store private prosjekt i Norddal kommune som ventar på å verte realiserte. Etter ein runde blant nøkkelpersonar, kan det sjå ut som om draumeslott-faktoren er liten. Les meir
Vakker mønstring
Eit variert knippe sceneinnslag og som vanleg i Stordal, eit begrensa men kvalitetsfullt utval teikningar og formingsting, ga ein fullsett Grendasal ei multioppleving søndag. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 05 onsdag 5. februar
God innsats i Molde
Under NM på Skaret i Molde sist helg markerte dei tre jentene frå Valldal seg godt. Les meir
Ny rektor ved Liabygda skule
Pål Bjørn Øvrebust, den nye rektoren ved Liabygda skule, er ein ekte stordaling. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 04 onsdag 29. januar
Tommy Lianes i hoppbakkane på Stavsengfjellet.
Av gamle vekeblad, lim og saks kan det bli kunst.
Kjenner du nokon her?
Det er Inger Marie Linge som har funne eit gammalt bilde.
Storfjordnytt
Nr. 03 onsdag 22. januar
Hotellplanar i Valldal
Skifolket
Storfjordnytt
Nr. 02 onsdag 15. januar
Is i elva på Rem
Hopptrening på Stavsengfjellet
Storfjordnytt
Nr. 01 onsdag 08. januar
Breband på indre
NIL-fest 2002
100-åring i Stordal
|