Muritunet kjøper Laader Berg-bygningen |
|||||||
![]() |
Det er for å sikre at Muritunet får eit område å utvide seg på i framtida at selskapet har sikra seg naboeigedommen. | ||||||
|
|||||||
| Espen Remme (t.v.) og Egil Berg. | |||||||
| Det er administrerande direktør i Muritunet AS, Espen Remme, som opplyser dette til Storfjord- nytt. Han seier det enno ikkje er bestemt kva som skal skje på tomta, som Muritunet overtek for 3,5 millionar kroner 1. september. Styret i selskapet har ikkje teke stilling til ekspansjon av bedrifta, men til å sikre eit område for framtida. Den kommunalt nedsette prosjektgruppa som har vore i arbeid for å utgreie om det er mogleg å få til eit helsehus, har enno ikkje kome med sin konklusjon. Ein av planane som gruppa har arbeiddd med, har gått ut på å leggje eit slikt hus i området Muritunet-Laader Berg-bygningen. Det har også vore på tale at næringshagen kunne ha lokala sine i dette bygget. Gruppa er samansett av folk frå Muritunet, Norddal kommune og Norddal Nærings- hage. Arbeidsgruppa har hatt kontakt med ein muleg investor frå Måløy i samband med eit eventuelt helsesenter. Remme opplyser at arbeidsgruppa framleis arbeider ut frå at ein potensiell investor kan bli dratt inn, men dette er ikkje klarlagt. Espen Remme seier at Muritunet ikkje har kjøpt primært for å leggje til rette for helsesenter, men for å sikre ei retning å utvide seg i for framtida. Kjøpet endrar ikkje mulegheitene for korleis tomta kan brukast, men Remme understrekar at det er eit verdfullt område for Muritunet, sidan dette er einaste retninga ei utviding kan skje. Han seier at prosjektgruppa som er i arbeid først må kome med si tilråding, så får styra i dei respektive organa seie sitt. Deretter kan ein sjå på kva idear for området det skal satsast på. Dette vil bli kjent i løpet av vinteren, trur Remme. Sunnmørsposten opplyser at industribygget som vert selt, er på 1200 kvadratmeter og står på ein eigedom på åtte mål. Til dette høyrer det strandlinje på 65 meter, inkludert ein slipp for småbåtar. Per i dag er delar av lokalet leigd ut til Nord-Vest Revisjon og Norddal Nærings- hage. I resten av bygget vert det drive formstøyping av plast med to tilsette. Etter salet vil plastproduksjonen til Laader Berg bli flytta til hovudanlegget på Emblem, melder Sunnmørsposten. Espen Remme seier at på kort sikt vert dagens leigeforhold ført vidare. Det har ikkje vore oppe i styret i Muritunet korleis denne leigesituasjonen blir på lang sikt. Dette vil også bli klart i løpet av vinteren. Leiar i Norddal Næringshage, Torkjell Døving, seier til Storfjordnytt at han håper ein del av industri- bygningen kan oppretthaldast som kontorareal. Egil Berg i Laader Berg seier det har vore dialog heile tida mellom dei to bedriftene. Frå første stund har det vore klart at ein frå Laader Berg si side ikkje vil stille seg i vegen for ein ekspansjon av Muritunet. Berg opplyser at industriarealet ikkje har vore lyst ut for sal, og at det ikkje har vore andre interessent- ar inne i biletet. Han er nøgd med avtalen om sal som no er inngått med Muritunet AS. |
|||||||