Ein fargerik familie |
|||||||
![]() |
Vi har blitt mottekne over all forventning, ein skulle ikkje tru det var mulig. | ||||||
|
|||||||
| Hestane og eselet Mai går ute. Her saman med Jan Gregor, Johan Gregor og Lena. | |||||||
| Jan Gregor Sandblåst sparer ikkje på lovorda når han skildrar møtet han og familien har hatt med Valldal. Dei kom flyttande frå Spjelkavika i 2001, etter å ha sett ei lita annonse i avisa om at det var ein gard til sals på Gjerde. Denne garden hadde Jan Gregor betrakta frå vegen saman med valldalingen Roar Døving tidlegare. Dei to handverkarane møttest under arbeidet med bygginga av Muritunet og har seinare skipa sitt eige firma. Etter å ha sett annonsen, bestemte han seg der og då for å flytte. Han hadde alltid hatt ein draum om å bu på landet, og interessene hadde dreia seg om husdyr og jakt. Første vinteren stod naboane i kø for å hjelpe oss med måking. Det hadde plutseleg samla seg tre stykke med traktor, så eg sa at dei fekk berre stille seg i kø, ler Lena Hungnes. Så utruleg naboskap hadde eg ikkje trudd eg skulle oppleve her i verda, legg Jan Gregor til. Dei som køyrer forbi tunet til familien, har kanskje fått med seg at det er eit variert dyreliv på garden. Akkurat no går det fleire hestar og eit esel ute. Av dei er fire islandshestar og ein fjording deira, og eselet Mai. Ved sida av stallen er det fleire høner og ei gås som gøymer seg for kulden. Dei er utegåarar, men har høve til å gå inn. Lena og Jan Gregor fortel at av ein liten gåseflokk er det berre ei gås att. Den eine er ei smålandsgås, den einaste norske rasen som finst. Dei andre var grågjess som rømde sørover i haust, sidan dei ikkje var vengeklipte. Kanskje kjem dei att til våren? Ifølgje eigaren er det ikkje umuleg. Måndag handsama planutvalet om søre del av feltet også kunne utvidast til hytteområde. Helst ville eigaren ha selt nokre av hyttetomtane for å kunne finansiere vidare utbygging. Men, som han seier, han er ikkje komen hit for å selje ut heile garden, og aksepterer kommunen si line når det gjeld bygsling. Eg vil ikkje herifrå, det ser ut som ungane også trivst, konkluderer Jan Gregor Sandblåst. |
|||||||