Full fart i den lokale møbelindustrien

Alle dei lokale møbelverksemdene melder om stor ordreinngang og full fart i produk
sjonen.

21. januar 2004
Kenneth Strømsøy
Dagleg leiar på Modi, Olai Nakken i ein av dei nye lenestolane med armlene som flyttar seg med seteryggen.
Fjoråret var tungt for dei fleste i møbelindustrien, men dei siste månadene av året gjekk hender og hjul for fullt. Dei raude botntala mørkna og svartna, og no på tidlegåret melder alle verksemdene om optimisme og stor ordreinngang

Modi og Hove
På fredag kom toppleiinga i Hjellegjerde på vitjing til Stordal. Konsernsjef Eldar Eilertsen hadde godt nytt å forkynne:
– Det går rimeleg greitt for tida. Laminatavdelinga har små raude tal, men ho ligg allereie over budsjettet, så det går rette vegen. Med ein liten produk-
sjonsauke vert det overskot. Når det gjeld Modi, har tala vore svarte heile vegen, opplyser Eilertsen. Han fortel også at det generelt er god ordreinngang i Hjellegjerde-konsernet. Det gjekk veldig bra på Paris-messa, der tingingane auka med 70 prosent i høve til i fjor.
Fleire nyutvikla produkt frå Modi og Hove vart presenterte i Paris. Modi har mellom anna utvikla ein lenestol med armlene som flytter seg med sete-
ryggen, slik at albogevinkelen vert lik heile tida. Denne stolen vart godt motteken, og også produkta frå Hove vekte mykje interesse. Hove viste mellom anna fram særprega bord og anna interiør i heil laminat, noko som er ein ny trend i møbelmarknaden. Og om nokon stussar over bruken av namnet Hove, er den store nyhenda at det er blåst liv i det tradisjonsrike namnet:
– Hove er det desidert sterkaste namnet i laminatmarknaden, og laminatavdel-
inga marknadsfører seg no berre som Hove, eventuelt med tillegget «et selskap i Hjellegjerde-gruppen», seier senior bedriftsrådgjevar Ole Christian Drabløs. Han er leigd inn til Hove frå Møre og Romsdal Bedriftsutvikling, og fortel at den opphavlege tanken var at laminatavdelinga berre skulle vere eit slags snikkeri – ein underleverandør til konsernet. Men avdelinga har utvikla seg til ei sjølvstendig eining som produserer både for konsernet og for andre møbelverksemder.
– Vi leverer mellom anna til Contract, som òg er her på huset. Faktisk har den gamle Hove-fabrikken utvikla seg til å verte eitt av dei største og kan hende det mest spanande møbelhuset i heile landet, seier Drabløs med stor entusiasme.

Contract og Liabygda
Contract Møbler i Stordal og Liabygda Møbelindustri er godt i gang med Sitwell-samarbeid-
et. Eit sameigd salsselskap er etablert, og katalogen var klar i november. I slutten av same månad vart det sett i gang ulike marknadstiltak, og ein marknadsmedarbeidar er tilsett og tek til i stillinga om kort tid, fortel Harry Tøsse og Geir Hoff, som er daglege leiarar i høvesvis Contract og Liabygda.
Sitwell rettar seg mot ein ny marknad for både Contract og Liabygda: den private seniormarknaden. Produksjonen
vert delt mellom dei to verksemdene slik at Contract produserer lenestolane og Liabygda produserer sofaene. I tillegg skal det kjøpast inn bord til kolleksjonen frå andre produsentar.
Harry Tøsse fortel om positive attendemeldingar og stor interesse frå den danske marknaden, der Sitwell-kollek-
sjonen vart presentert først. Ordreinngangen er god, og fram til no har ei norsk og ei dansk kjede valt å ta kolleksjonen inn i sortimentet.
Men samarbeidet mellom Contract Møbler og Liabygda Møbelindustri strekkjer seg utover Sitwell: Contract har teke over marknadsføringa for kontraktsmøblane til begge verksemdene, og utad er det berre namnet Contract som vil nyttast. Dermed er det slutt for Liabygda som eige merkenamn:
– Vi har vorte ei rein produksjonsverksemd, og framover vil vi berre levere til to kundar, Contract og Sitwell, opplyser Geir Hoff. Han synest det er litt vemodig at Liabygda forsvinn som merkenamn, men meiner det har vore naudsynt for å berge arbeidsplassane ved
fabrikken.
Når det gjeld fjoråret fortel Harry Tøsse at Contract hadde ein omsetnad på 36,5 millionar kroner, som var over budsjettet. Men den ekstraordinære situasjonen i fjor, med svært låge prisar i kontraktsmarknaden, samt ein del utgifter i samband med flyttinga frå Liabygda, gjer at han ikkje trur resultatet vert like bra som omsetnaden tilseier.
Geir Hoff seier at fjoråret ikkje var noko toppår for Liabygda Møbelindustri, og at dei for første gong på mange år vart nøydde til å setje i verk permitteringar om våren. Etter gode månader på seinåret, meiner han verksemda likevel gjekk noko-
lunde rundt. Når det gjeld 2004, er han optimistisk, og fortel at ordreinngangen på nyåret er langt betre enn i fjor.

Helland Møbler
– Vi tener pengar, smiler alt dagleg leiar Bjørn Toft i Helland Møbler. Det er alt han vil seie om det økonomiske resultatet for 2003. Men det var eit vanskeleg år:
– Vi set stor pris på at dei tilsette var villige til å vere med å tilpasse kapasiteten i dei vanskelege periodane i fjor. Først flytta vi haustferien til våren, men når hausten kom, viste det seg at vi måtte ha ei ferieveke då også, fortel Toft.
Lysninga kom etter som mørket fall over Stordalen. På seinhausten og vinteren har det vorte mykje overtid, og det har vore trong for å leige inn både pensjonistar og andre med røynsle og kunnskap. I hovud-
sak er det auka utbygging i helsesektoren som har fått fart på dei hellandske hjula, medan den utanlandske marknaden har vore vanskeleg. Det er den sterke krona som har vore problemet, meiner Bjørn Toft, men no vert det satsa hardt på utlandet i tida framover, med messer i Sverige, Danmark og Tyskland.
– Sjølv om valutaen har vorte svekt, er det noko tregleik i systemet. Det tek nok lenger tid å vinne att kundane enn å misse dei, trur Toft.
Horisonten til Helland Møbler er på fem til sju veker, og så langt den daglege leiaren kan sjå, vil verksemda gå for fullt framover.

Stordal
På Stordal Møbler har dei det travelt, og Storfjordnytt har dessverre ikkje lukkast å få snakke med nokon i leiinga denne gongen. Men i samband med utdelinga av (den første) optimistprisen frå Ida og Per Kleiva før jul, fekk avisa eit kort intervju med dagleg leiar Ole Håvard Stavseng. Då fortalde han at verksemda hadde kome gjennom fjoråret utan innskrenkingar i arbeidstida, og at produksjonen gjekk for fullt. Under Paris-messa skulle dei presentere ein ny shop-in-shop-løysing, og for første gong hadde verksemda fått laga ein reklamefilm som skulle visast på nasjonale fjernsynsstasjonar i dei viktigaste eksportlanda.
– Vi har heile tida fokus på kva som er mogleg, sa Stavseng då.