Terapi for kropp og sjel

Stordal er i ferd med å få ikkje berre eit helsehus, men eit heilt helsekvartal: I fjor haust kom det tilbod om både akupunktur, fysioterapi og kiropraktikk rett ved rådhuset, og på nyåret opna Marita Ekroll aromaterapi- og massasjeklinikk på same staden.

28. januar 2004
Kenneth Strømsøy
Marita Ekroll tilbyr både aroma- og idrettsmassasje, hår- og augevippefjerning og ymse anna.
Marita Ekroll kan tilby eit ganske breitt utval av helse- og velværetenester. I tillegg til
aromamassasje med eteriske oljar (ei type flyktige planteoljar med kraftige dufter) kan ein også få nappa augebryn, farga augevipper eller fjerna hår. Og dei som treng å verte knadd litt ekstra godt, kan velje idrettsmassasje, som er djupare enn aromamassasjen.
– Men det er ikkje noko i vegen for å utføre idrettsmassasje med ein god, eterisk olje, opplyser Marita.
Ho starta opp rett etter nyttår, og inntil vidare held ho ope to kveldar i veka. Førebels har ho berre kvinnelege kundar, men reknar med at mannfolka kjem etter kvart som dei finn ut kva det heile dreier seg om.
– Då eg dreiv klinikk i Ålesund, var helvta av kundane mine menn, fortel ho.
Grunntanken bak aromaterapi er at dei ulike eteriske oljane har særskilde eigenskapar i høve til ulike kroppslege og sjelelege tilstandar. Når det gjeld aromamassasjen er hovudføremålet å stimulere blodsirkulasjonen og skilje ut avfallsstoff. Derfor er ikkje sjølve massasjen like djup og hard som til dømes idrettsmassasje. Men aromamassasje er likevel ein ganske grundig massasje: Dei som er ekstra stive og støle – og kan hende utrena attpå – kan vente seg noko ømme musklar ein dag eller to etter terapien. Etter eit par-tre massasjetimar vil ømheita forsvinne – saman med stivheita.
Når Marita får nye kundar, har ho ein liten samtale med dei for å finne ut kva olje som høver best til personlegdomen og den situasjonen han eller ho er i. Til dømes vil ho velje ein oppkvikkande olje til dei som er trøytte og slitne, og ein roande olje til dei som er stressa. Dessutan er det einskilde oljar som ikkje skal nyttast ved
graviditet og visse sjukdomar.
Marita Ekroll tok kurs i aromaterapi medan ho utdanna seg til hudpleiar ved Sula vidare-
gåande. Ho manglar heller ikkje praktisk røynsle: Tidlegare har ho drive hud- og aromaterapi-klinikk i Ålesund i fire år. Men i Stordal vert det neppe aktuelt å gje tilbod om hudpleie. Då måtte ho kjøpt inn eit ganske solid utval av kremar og anna utstyr, noko som ville krevje ganske mange kundar for å få det heile til å gå rundt. Men ho er også kursa i å leggje sminke, både til kvardagsbruk og ved særskilde høve som galla eller bryllaup. Så om nokon vil sminke seg retteleg fint ein dag, kan dei ta med seg sminke og utstyr til Marita.