|
|
«Det blinkar ei stjerne» byggjer på fleire gamle segner og historier frå Stordal på 1700-talet, fortel Kristian Almås. Fleire av namna i området er endra mellom anna er Almås vorte til Furstad, etter furuskogen som var her på den tida, men det er tydeleg at han skildrar livet og landskapet i Øvre Stordal.
Segner og fantasi
Almås fortel at måten segnene er bundne i hop på, er rein fantasi frå forfattaren, men samstundes er det nytta mykje stoff som er historisk «sant», så langt ein veit. Hovudpersonen i boka er på rømmen saman med ein kamerat; dei er lyste fredlause, mistenkte for eit mord i Borgund. Kameraten som er den skuldige hamnar oppe i fjellet, medan hovudpersonen kjem til Seljebotn der det er eit snev av romantikk i lufta. Deretter fer han over Uriskaret til Valldal og vidare til Nederland. Den store utferdstrongen vert snart døyvd av kjærleiks-
trongen, og hovudpersonen kjem attende til Seljebotn, der han slår seg ned med jenta han hadde treft på rømmingsferda.
Kameraten som fòr på fjellet, skader foten, og vert funnen i ein hole. Men det har gått verk i beinet, og han døyr. Dette er ein velkjend stordalssoge, men Seljebotn tek ho vidare og blandar inn soga om olavs-
kyrkja på Storheim: Det var ikkje råd for fredlause å gravleggjast på kyrkjegarden, men bygdefolket kjenner til at mannen så gjerne ville få liggje i vigsla jord. Derfor legg dei han innafor grunnmurane som står att etter den gamle olavs-
kyrkja på Storheim.
Kristian Almås seier han ikkje har mykje tru på kyrkja på Storheim, og steinmurane er det ikkje nokon som har sett. Men dette er eitt av mange eksempel på korleis Seljebotn bind saman folkelege segner med fri fantasi.
Føljetong
«Det blinkar ei stjerne» har aldri tidlegare vore gjeve ut, men gjekk som føljetong i avisa Fylket i 1970. Kristian Almås fortel at Emil Seljebotn hadde prøvd å få boka gjeven ut på vanleg måte, men hadde vorte beden om å gjere visse endring-
ar. Det hadde han ikkje krefter til heilt sidan 15-årsalderen hadde han vore plaga av ein muskelsjukdom som vart gradvis verre. I staden enda romanen altså i Fylket, der redaktøren hadde vorte svært fengsla av historia.
Almås fortel at når han no ville gje ut boka, starta han på biblioteket i Stordal, der dei hadde fleire klipp av føljetongen i Fylket. Men noko mangla. Almås fekk kjennskap til at eine niesa til Seljebotn, Anne Beite, hadde eit sett med kopiar, og tok kontakt med ho. Det viste seg at kopiane var fullstendige, og det var attpåtil skrive på rettingar og forbetringar. Almås skanna alt saman slik at teksten kunne lesast i ein teksthand-
samar. Deretter la han inn
rettingane til Seljebotn og ordna opp i feila som skannarprogrammet hadde lagt inn. Han fekk Randi Mari Haugen, dotter av ei anna niese av Seljebotn, til å lage illustrasjonar, og rett før jul vart boka trykt opp i 50 eksemplar.
Ho var eigentleg berre tenkt til slekt og vener, men no har eg berre 13 eksemplar att, så det kan hende eg må trykkje fleire, seier Almås nøgd. |
|
 |