Flaggermushus

Tore Michaelsen og Karl Johan Grimstad vil lokke flaggermus uta av hus og inn i spesiallaga kasser. For tida prøver dei ut kassene i Fjørå.

11. februar 2004
Kenneth Strømsøy
Tore Michaelsen og Karl Johan Grimstad har snikra flaggermuskasse. Vona er å få flaggermusene til å flytte ut av privathus og inn i slike kasser. I tillegg vil dei lokke flaggermus til gardar som er mykje plaga av insekt.
Tafjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden er eit eldorado for flaggermus – og flaggermusentusiastar. Doktorgrads-
stipendiat Tore Michaelsen og amatørbotanikar og -biolog Karl Johan Grimstad fortel at av dei ni flaggermusartane som er kjende i Norge, er åtte av dei funne i desse fjordarmane.
– Vi har vassflaggermus, skjeggflaggermus, dvergflaggermus, langøreflaggermus, nordflaggermus, skimmelflaggermus, storflaggermus, og tusse- eller trollflaggermus, ramsar Michaelsen opp.

Sjeldne artar
Alle artane som finst i Norge er svært små – frå fem til sju centimeter – med unntak av storflaggermusa, som er dobbelt så stor som dei andre. Storflaggermus vart funne i Geirangerfjorden for kort tid sidan, og dette er einaste observasjonen i heile landet. Dei andre artane, unnateke nord- og vassflaggermus, er også sjeldne i Norge. Årsaka til at det er så mykje flaggermus i Indre Storfjord-området, er først og fremst det relativt varme klimaet: Høg temperatur gir mange insekt, og insekt i lag med varme trekkjer til seg flaggermus. Truleg er mykje av floraen og faunaen i området eit relikt – ein rest – frå varmare tidar i landet.

Nyttedyr
Michaelsen meiner dei er heldige, dei som har flaggermus i huset: Kvar flaggermus kan ete opptil 3000 insekt i døgeret. Dermed held dei både huset og hagen nærast fritt for nattaktive insekt, ikkje minst mygg. Dessutan er det snille dyr; ingen av artane i Norge er farlege. Men Michaelsen kan likevel forstå at ikkje alle kjenner seg heilt vel med flaggermus i huset:
– Ein del kjenner seg plaga av kravling i tak og vegger, og viss det er fukt i huset, kan avføringa verte eit problem. Men om huset er tørt, vert avføringa til ufarleg støv, forklarer Michaelsen.

Flaggermuskasser
Dei som kjenner seg plaga av husflaggermus, kan truleg snart få hjelp. Michaelsen og Grimstad har nemleg snikra saman eit flaggermushus:
– Dei har god røynsle med desse kassene i utlandet, særskilt i USA, der dei seiest å vere 95 prosent vellukka. Men det har aldri vore gjort forsøk med slike kasser her i landet, opplyser Tore Michaelsen. Han forklarer at hovud-
poenget med kassene, er at det er trongt, slik at flaggermusene kan liggje tett saman og utnytte kroppsvarmen til kvarandre.
Førebels er det sett opp to kasser i Fjørå; ei utafor eit privathus med flaggermus, og ei utafor den gamle fabrikken, der det ikkje er flaggermus. Målet med den første kassa er å få flaggermusene ut av huset og inn i kassa, medan forskar-
ane vonar at den andre kassa kan lokke dei til ein stad dei ikkje finst frå før. Dersom det første forsøket lukkast, er forskarane villige til å gi gratis bistand til folk som vil ha flaggermusene ut av heimen. Når det gjeld det andre forsøket, vonar dei at bønder som er hardt råka av insekt, kan bruke slike kasser for å lokke flaggermus til gards.

Turistattraksjon
Men flaggermus er ikkje berre direkte nyttige. Dei er også interessante nok til at dei kan lokke turistar. Michaelsen og Grimstad fortel mellom anna om ei bru i Texas - Congress Bridge – der ein myriade av flaggermus heng under brua og samlar inn åtte millionar dollar frå turistar kvart år. No ser ikkje forskarane for seg at flaggermusene i Indre Stor-
fjord skal få inn like mange pengar, dei er både mindre og lever ikkje så konsentrert som texanarane, men flaggermusene kan vere med å gjere heile området endå litt meir spanande og tiltrekkjande enn det allereie er. Michaelsen og Grimstad har til dømes god tru på guida turar langs fjøra i Tafjorden, som eit tillegg til andre opplevingar:
– Om ein lyser utover fjorden med ei god lykt i skyminga, kan ein sjå flaggermusene liggje over vassflata på jakt etter insekt, forklarer Michaelsen. Med ein ultralyddetektor er det også mogleg å skilje dei ulike artane frå kvarandre. Det er nemleg ikkje mogleg å sjå skilnad på dei frå avstand, men ultralydbølgjene som dei nyttar til å «sjå» med, er særskild for kvar art.