Kommunens første mikrokraftverk

Etter seks år med stegvis utbygging er mikrokraftverket til Olav Kilsti i drift.

11. februarr 2004
Ingrun Myklebust
I den vesle kraftstasjonen har Olav Kilsti full kontroll på vassinntaket og kan styre kor mykje kraft som til ei kvar tid skal produserast. (foto: Ingrun Myklebust)
Han var så tidleg ute med planlegginga at det nesten ikkje var informasjon å finne om temaet. No flyt internett over med tips og tilrettelegging, fortel geitebonden på Kilsti i Eidsdal. Han føljer med på det som skjer innan småskala kraftutbygging, og trur han har valt rett som har satsa på eit kraftverk av den minste typen. Med 15 kilowatt i timen produserer han nok til straumbehovet på eigen gard. Siloutmataren brukar heile produksjonen åleine når han står på, men det er berre ei kort stund kvar dag. Elles går
straumen som blir produsert og som ikkje blir brukt på garden, rett ut på nettet. For denne straumen får Olav Kilsti spotpris, når han kjøper inn frå nettet, betaler han full pris. Eit styre-
skap på garden regulerer kjøp og sal, det heile vert registrert ved elverket i Valldal.
Olav Kilsti synest det gjekk greitt å søkje om løyve til oppstart av kraft-
verket, sjølv om det vart nokre permar med papir av det. Søkjerunden gjekk innom kommune, fylke og NVE i Førde og Oslo. På dei seks åra som har gått sidan han starta, har han investert litt kvart år. Heile tida har han nytta seg av kassekreditten på garden og har ikkje teke opp ekstra lån. Å investere i kraftverk er avgiftsfritt. Kilsti synest det var flott å få att meirverdiavgift etter innkjøpa.
– Dei største investeringane viser ikkje, fortel kona Sanna. Ho siktar til at det meste av anlegget er gravd ned, det synlege er det vesle tilbygget til løa med turbin, gererator, hovudkran og styreskap i.
Den stegvise utbygginga starta for seks år sidan med å sprenge ei grøft på 60 meters lengde i fjellet opp mot vatnet som ligg ovanfor garden. Det andre året vart det sett opp eit råbygg i betong som er sjølve kraftstasjonen. Det tredje året kjøpte Olav Kilsti inn rørgate mellom vatnet og garden. Fjerde året vart ein del av rørgata nedgravd. Femte året vart det sett ned kum, og i fjor haust kom inntaksrøret ut i vatnet og stasjonen fekk inventaret på plass.
Vassinntaket til stasjonen ligg 50 meter ute i vatnet, og silen med 900 hol kviler på ein bukk 1,5 meter opp frå botnen. Alt er konstruert i plast og betong. Oppe ved vatnet er det laga til ei rørfordeling som naboen Leidulf Tafjord har kosta, slik at han kan kople seg på uttaket om han skulle ville byggje kraftverk til sin gard.
Fallhøgda frå vatnet til garden er på 53 meter. Olav Kilsti ser mulegheitene for at ein kunne nytte seg av det same vatnet lenger nede.
– Fallhøgda frå stasjonen ned til skulen er 400 meter. Dersom ein tok att vatnet der nede ville ein få det
tidoble ut av det, med andre ord 150 kilowatt per time, forklarer han. Kunne dette vere ein ide for kommunen, for å forsyne Eidsdal skule med straum?
Sidan det nye kraftverket er så lite, kan det gå for full styrke heile året, også vinteren. Då har ein mest bruk for krafta, og Olav Kilsti ser det som eit viktig poeng at ein ikkje må stenge av for produksjon denne tida. Må ein det, og attpåtil kjøpe inn dyr straum, vert det dårleg butikk.
Sanna og Olav meiner at verdien på garden er styrkt etter at straumforsyninga er sikra på bruket. Med få utvegar til å auke inntektene i landbruket, vart målet for Olav Kilsti å prøve å redusere kostnadene. Det meiner han å ha fått til med mikrokraftverket. I fjor var straumrekninga på 40.000 kroner. Om det vert pengar å betale i straum i år, eller det kjem strauminntekter frå kraftverket, vil vise seg når året er omme.
Ein artig detalj i det heile er samanfall av datoar. For seks år sidan hadde Storfjordnytt ein artikkel om planane for mikrokraftverk i avisa som kom ut onsdag 11. februar. På akkurat same dato og månad dette året kjem avisa igjen med artikkel om kraftverket, denne gong for å informere om eit fullført prosjekt.