Hesteferd blir julefjernsyn

Ei rekkje med unghestar og hestekarar er på veg over fjellet. Målet er ein laussluppen og storstilt romsdalsmartna på Devold. Om natta overnattar dei under hellarar i fjellet og fortel bjørnehistorier rundt bålet. På vegen fer dei forbi bygdefolk som set høy i såter og som gir dei sætermat å ete.

18. februar 2004
Ingrun Myklebust
Oddgeir Bruaset og Tonje Tjernet frå NRK.
Dette blir truleg scener som det norske folk kan kose seg med komande jul, godt tilbakelent i sofaen med kaffikopp og fattigmann i handa. NRKs Oddgeir Bruaset er på ferde igjen, denne gong i samarbeid med initiativ-
rike Stordal Sogelag og Einar Hove. Det som i fjor var ein ide om eit TV-sendt tilbakeblikk på hesteferdene til Romsdalsmarknaden har no blitt konkrete planar. NRK har gitt klarsignal
til ni dagar med opptak i månadsskiftet august-september. Prosjektet heiter Vegen mot Romsdalsmarknaden.
Laurdag var ei heil rekkje representantar frå sogelag, museum, bygdekvinnelag, bondelag og andre interessentar samla i Stordal. Under leiing av Einar Hove presenterte deltakarane arbeidet som har vore gjort og kvar ein står i førebuingane så langt. Det viser seg at det er stor interesse blant hestefolket frå sør til nord i ferdaleia om å vere med på dei planlagde opptaka. Hovudleia vil gå frå Ørsta/Volda via Bondalen, Hjørundfjorden, Urke, Stranda, Storfjorden, Stordal, Langsetrane, Trollkyrkjegarden,
Bøstølen til Devold ved Åndalsnes. Sideleier kjem inn frå Hornindal, Tresfjorden og Valldal.

Då gjer vi det likevel
Kritiske moment i filmatiseringa kan bli å krysse fjordar og å få nok tid. Det må truleg juksast litt med motorisert transport for å få hestefylgja fram til Devold i tide. Andre utfordringar som var oppe under møtet i Stordal var: Korleis unngår ein asfalt-
vegane, korleis får ein noko til å skje heile vegen i programmet, og korleis kan ein gjenskape marknadsplassen? Eit krav frå filmskaparane er at moderne bygningar og vegkonstruksjonar ikkje skal vere med i filmen. Sjølv om ferdene ein vil skildre gjekk føre seg for om lag 200 år sidan, tek ein sikte på å gjenskape eit hundre år gammalt miljø. Å skulle gjere det eldre, vert for vanskeleg. Programmet krev også at det skal skje ting under vegs, at det er variasjon. Dette kan vere å krysse ein fjord i ein føringsbåt, vasse over ei djup elv, ta hestane over ein bre på truger eller vise steingardar og bogastelle. Oddgeir Bruaset
vil også at hestefolket skal fortelje historier under reisa. Og kva med å blåse liv i ein gammal støl? Det finst vestlandsk fjordfe som kan nyttast, sa Bruaset. Ein av tilhøyrarane sa til dette at kyrne no til dags er fulle av øyremerke. Då fjernar vi dei, sa Oddgeir Bruaset. Det er ikkje lov, kom det frå salen. Då gjer vi det likevel, sa programskaparen.

Ein livleg marknad
Målet for turen gjennom dalar og over fjell er Romsdalsmarknaden. Fram til 1819 låg marknadsplassen på garden Devold ved Rauma, og stordomstida var på 1600- og 1700-talet. Dagens bonde på garden, Per Devold, har god oversikt over kva som skjedde under marknadsdagane. Det var gjerne presten som stod for organiseringa og som leigde ut buder til dei reisande. Folk kom frå fjern og nær, elva var full av båtar med handelslast, og frå Oppland kom det fleire tusen hestar med korn. Det kunne vere over 30 profesjonelle kjøpmenn til stades, i tillegg til andre «tuskhandlarar». I det store vareutvalet kunne ein finne speseri og galanteri, jern frå Lesja jernverk, hasselneter, bondesild og skinn av bjørn og ulv. Rundt år 1750 var det heile 49 ølstover på marknaden og 40 soldatar vakta området i tillegg til mange hjelpesmenn.
For programskaparane og dei lokal aktørane vert den store utfordringa å gjenskape noko av stemninga og livet på Devold, utan at ein har store ressursar til rådvelde.

Ferda gjennom Stordal
Hestefølgjet vil truleg gå i land ved elveosen i Stordal. Deretter vil ein fylgje asfaltfri veg opp gjennom heile dalen. Sogelaget har sett ned fleire arbeidsgrupper. Ei arbeider med korleis ein kan tilretteleggje slåttescener og produksjon av sætermat i Langsæterområdet. Ved Trollkyrkje-
garden inne i fjellet ser ein for seg at det vil bli effektfullt å filme oppe frå fjellsida. Ei gruppe undersøkjer kva som kan gjerast i samband med Stordalsholmen og Løsetstova. Andre igjen skal ta seg av rydd-
ing av stiar og vegar som skal brukast. Under møtet kom det opp ein ide om å arrangere ei gravferd ved Rosekyrkja.
Frå Valldal vil truleg ei bi-lei gå frå Valldalssetra opp gjennom Valldalsbotnen og over fjellet til Trollkyrkjegarden. Det er sett av to filmteam til opptaka som skal gjerast til hausten.