Du er verdfull

Dette var den enkle, men sterke bodskapen til dei som hadde laga musikal på Valldal skule.

18. februarr 2004
Ingrun Myklebust
Ansvarlege hjelparar syng for Per Gunnar Ødegaard som Jens.
Det heile handla om Jens som hadde mista sjølvtilliten. Det var draumeprinsessa som gjorde han merksam på ordet, sjølv trudde han at sjølvtillit kanskje var noko farleg. Prinsessa forklara at ein kan lære av draumane, noko mange ikkje veit. Der fins det hjelparar. Og prinsessa introduserte Jens for tre hjelpargrupper; dei dyktige, dei verdsette og dei ansvarlege.

Gjennom desse møta fekk Jens sakte, men sikkert att sjølvtilliten han hadde mista. Dei som hadde stole han, var folk som også hadde dårleg tru på seg sjølve. Både vaksne og born kan seie tankelause bemerkningar. Til slutt kalla Jens på hjelparane, og alle tre kom for å stå til teneste. Jens hadde funne att sjølvtilliten, kameraten forstod ikkje kva som hadde hendt då guten plutseleg interesserte seg for leksene att.

Du er verdfull, ingen andre kan vere deg, song eit stort kor frå dei sju første klassetrinna til slutt.
Musikalen som vart framført torsdag kveld var del av eit undervisningsopplegg som Lions Quest har hatt for skulane i kommunen. Målet har vore å lære born og unge å meistre liva sine.

Elevar og lærarar har lagt ned eit stort arbeid i førekant. Det viste att på resultatet, her hadde det vore mykje pugging av replikkar og songtekstar. Melodiane og tekstane fenga tydelegvis elevane i denne forestillinga, for det var engasjerte aktørar som stod på scena. Mange fekk prøve seg i rollene som draumeprinsessa og Jens. Det fungerte godt å fordele rollene på fleire. Ein fullsett sal av foreldre og slektningar fekk med seg den betimelege bodskapen i «Jakta på sjølvtilliten».